Toget køyrar over garden: – Har vore nære på

1 month ago 29



– Vi har hatt nokre ubehagelege opplevingar, det har vi.

Det fortel Thomas Søgaard Nilsen når NRK er på besøk på garden hans på Åmot, der han driv sauebruk.

Før var det berre ein bratt bakke på kvar side av togskjenene.

Det skapte fleire ubehagelege situasjonar.

– Eit par gonger har eg vore litt nærare enn det som er behageleg. Nysnø og snøføyk rundt toget gjer det vanskeleg å merke i farta, fortel Søgaard Nilsen.

Traktor foran forbipasserende tog

Søgaard Nilsen ser seg fleire gonger om før han kryssar togskjenene på garden sin.

Foto: Frode Meskau / NRK

For to år sidan gjekk han og Bane Nor saman om å jamne ned bakken.

Men han har framleis hjartet i halsen når sonen har besøk.

– Han har lært seg å leve med det, men når han har venner er det litt meir med hjarte i halsen.

Liv og død

Sjølv om overgangen ved togskjenene har blitt tryggare heime hos Søgaard Nilsen, går det ofte gale på usikra planovergangar.

I Elverum omkom ein bilførar laurdag føremiddag, då bilen kolliderte med eit tog på Rørosbanen.

Onsdag døde ein person etter ei ulykke mellom eit tog og ein bil i Sarpsborg.

Dei siste ti åra har det skjedd 30 dødsulykker på planovergangar i Noreg. Fire av desse er langs Rørosbanen.

Ambulanse og brannbil ved togulykken i Elverum

Laurdag formiddag omkom ein bilførar etter ein samanstøyt med tog i Elverum.

Foto: Stein Eide / NRK

Det er liv og død det handlar om, bokstaveleg talt.

Det seier pressevakt i Bane Nor, Harry Korslund til NRK.

I fjor blei 120 planovergangar lagde ned, ifølge Bane Nor. Vanlegvis blir mellom 25 og 30 usikra planovergangar lagde ned kvart år.

Harry Korslund, pressevakt i Bane Nor

Harry Korslund, pressevakt i Bane Nor, seier dei vil legge ned så mange usikra planovergangar som mogleg, så fort som mogleg.

Foto: Frode Meskau / NRK

I dag finst framleis 1250 usikra planovergangar.

I utgangspunktet skulle vi gjerne ha sagt at i morgon er alle usikra planovergangar borte. Viss vi klarer å fjerne fleire enn snittet vi ligg på, så er det ingenting som gleder oss meir enn det.

– Vanskeleg utan å miste garden

Men sjølv om Bane Nor er utolmodige, er det enklare sagt enn gjort.

Bane Nor må bli einig med grunneigarane av kvar enkelt eigedom som har ein usikra planovergang.

For somme er det vanskeleg å finne andre måtar å komme til eigedommen sin på.

Thomas Søgaard Nilsen

Sauebonde Thomas Søgaard Nilsen ser få val på sin eigen eigedom enn planovergangen.

Foto: Frode Meskau / NRK

– Ei bru her vil krevje veldig mykje plass og ta mykje av garden. Ein tunnel vil hamne under flaumnivået for Glomma, som kan bety at vi kan bli isolerte, argumenterer sauebonden i Åmot.

– Det blir vanskeleg å få til utan at vi mistar garden.

På grunn av rettane til grunneigarane, tar derfor nedlegging av overgangane tid.

Det må vi naturlegvis både forhalde oss til og respektere, forklarer Korslund i Bane Nor.

Thomas Søgaard Nilsen holder utkikk mens lastebil passerer over togskinnene

Thomas Søgaard Nilsen følger med når togskjenene skal kryssast på eigedommen.

Foto: Frode Meskau / NRK

Ønsker meir systematisk arbeid

Søgaard Nilsen meiner valet må bli å legge om ein ny veg til garden, i så fall.

Men Elisabeth Gjems, leiar i Innlandet Bondelag, ser ikkje på det som ei god løysing at bøndene mistar sin viktigaste veg til eigedommane.

– For oss er det viktig å få tilgang til areala våre på ein grei måte, og ikkje måtte køyre milevis rundt for å komme ned på jordet, seier Gjems.

Elisabeth Gjems, Hedmark Bondelag

Elisabeth Gjems i Innlandet bondelag meiner bøndene må få enklast og tryggast mogleg tilkomst til eigedommane sine.

Foto: Frode Meskau / NRK

Ho meiner at Bane Nor må gjere meir.

– No må dei sette i gang eit meir systematisk arbeid. Det handlar i stor grad om pengar og å få på plass løysingar som er levelege.

Pressevakta i Bane Nor seier at pengane ikkje er eit hinder i nedlegginga.

– Når det handlar om tiltak for å auke tryggleiken for norsk jernbane, er pengar meir eller mindre av underordna betydning. Vi får dei pengane vi treng for å gjere tiltaka som er heilt nødvendige, stadfestar Korslund i Bane Nor.

I Åmot har ikkje sauebonden og Bane Nor snakka om nedlegging.

Munnleg har dei så vidt snakka om signalanlegg og bom, men Søgaard Nilsen meiner det tar vekk opplevinga av å bu på garden.

Skilt ved usikra planovergang

Med eit skilt og tuting av toget kan Søgaard Nilsen leve med den usikra planovergangen.

Foto: Frode Meskau / NRK

– Så lenge lokførarane er flinke til å varsle at dei kjem og vi har sikt i begge retningar, kan vi leve med det vi har her no, heller enn å få eit digert anlegg som plingar og bevegar seg.

Publisert 27.07.2024, kl. 12.45

Read Entire Article