Tidlegare i år tok ein innsett ved Hustad fengsel livet sitt. Mannen sat i varetekt, medan han vart etterforska.
Før han tok livet sitt, skal dei tilsette i fengselet ha funne blod på cella til mannen, i tillegg til det dei oppfatta som eit avskjedsbrev.
Mannen nekta for at han hadde prøvd å ta livet sitt. Han sa blodet stamma frå at han hadde blødd naseblod, og han meinte brevet han hadde skrive var eit takkebrev, ifølge eit dokument NRK har fått innsyn i.
Få dagar etterpå, fann dei tilsette i fengselet mannen på cella si, død.
Dette var dagen etter at han hadde fått beskjed om at varetektsfengslinga vart utvida med to veker.
Advokaten til dei etterlatne er kritisk til handteringa.
– Dei etterlatne er i djup sorg, og er kritiske til fengselet og helsetenesta si handtering, seier advokaten deira, Maria Hessen Jacobsen.
Ho seier vidare at dei har tillit til at undersøkingane hos politiet, Statsforvaltaren og tilsynsrådet for kriminalomsorga vil bringe på det reine korleis dette kunne skje.
Hustad fengsel ligg i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal.
Foto: Eirik Haukenes / NRK– Påverkar oss djupt
Fungerande fengselsleiar i Hustad fengsel, Ane Skorpen-Trøen, seier dei av omsyn til personvern og teieplikt ikkje kan kommentere enkeltsaker. Det same gjeld Hustadvika kommune, som har ansvar for helsetenesta i fengselet.
– Kvar enkelt tragisk hending påverkar oss djupt, og vi tek det svært alvorleg når ein innsett mistar livet. Våre tankar går først og fremst til dei etterlatne, skriv Skorpen-Trøen i ein e-post til NRK.
Ho skriv vidare at dei ikkje kan gi ein kommentar på denne hendinga, då dei framleis held på undersøkingar.
Politiet etterforskar saka
Statens helsetilsyn har ikkje bestemt om statsforvaltaren skal gjennomføre tilsyn endå, men varselet er sendt over til dei, bekreftar assisterande fylkeslege i Møre og Romsdal, Åse Schiøtt.
I ein e-post til NRK skriv ho at dei ikkje vil seie noko om kva dei skal gjere vidare i saka, då dei ikkje har konkludert endå.
I tillegg har politiet starta ei etterforsking av saka. Dei har mellom anna gjennomført avhøyr av dei tilsette i Hustad fengsel.
– I slike saker er det naturleg og vanleg å sjå på rutinane i fengselet også, seier Birgitte Øye i politiet.
Ho ønskjer ikkje å kommentere det som har kome fram i etterforskinga så langt.
Slik ser ei celle på Hustad fengsel ut.
Foto: Eirik Haukenes / NRKTo sjølvmord på under eitt år
I 2024 var det ein annan innsett i Hustad fengsel som tok livet sitt. Statsforvaltaren undersøkte saka, men fann ikkje grunnlag for å opprette tilsynssak.
Men i rapporten deira står det at dei legg til grunn at Hustadvika kommune, som har ansvar for helsetenesta i fengselet, har eit stort fokus på å hindre sjølvmord ved kartlegging og risikovurderingar framover.
I 2024 var det fire sjølvmord totalt i norske fengsel. Det var i Bergen, Ringerike, Kongsvinger og Hustad.
I ein rapport frå Sivilombodet i 2023 (ekstern lenke), står det at det er størst sjølvmordsfare dei første vekene den innsette sit i fengsel. Dei som sit i varetekt er spesielt utsette.
I den same rapporten står det at om ein innsett har prøvd å ta livet sitt, så er risikoen for framtidig sjølvmord høg.
Har rutinar for sjølvmordsførebygging
Fengselsleiar, Ane Skorpen-Trøen, skriv til NRK at dei ikkje kan spekulere i eventuelle samanhengar mellom ulike hendingar, men at dei er godt kjende med rapporten frå Sivilombodet.
Hustad fengsel seier dei har rutinar for å førebygge sjølvmord.
Foto: Eirik Haukenes / NRK– Generelt har fengselet etablerte rutinar for å vareta den psykiske helsa til innsette. Og vi jobbar aktivt med å styrke og forbetre desse. Når ei alvorleg hending skjer, går vi alltid gjennom prosedyrane våre, for å vurdere om det finst læringspunkt, skriv ho.
Hustadvika kommune seier at fleire av dei tilsette i fengselet har vore med på kurs for å lære seg å oppfatte signal på sjølvmordstankar.
Det skriv einingsleiar Anders Høie i ein e-post til NRK.
Han skriv også at alle dei nye innsette i fengselet blir kartlagde når dei kjem til soning, blant anna om dei har sjølvmordstankar.
Publisert 15.04.2025, kl. 09.32 Oppdatert 15.04.2025, kl. 09.42