Bergen og Ålesund:
Få dagar etter at politiet gjekk ut med etterlysinga, er to personar arrestert.
Det får TV 2 opplyst.
Gjerningspersonar har i haust herja i villastrøk i både Bergen og Ålesund. Verdiar for fleire hundretusen har blitt tatt frå eit tosifra tal bustadhus.
Som TV 2 tidlegare har omtala, vekka innbrotsmetoden oppsikt hjå politiet.
Tjuvane har nemleg fjerna sjølve glaset frå vindaugerammene, slik at dei unngår bustadalarmen.
Bergens Tidende var først med å melde om pågripingane.
Dei skriv at det går føre seg krimtekniske undersøkingar på ei adresse i Bergen der politiet meiner dei to har hatt tilhald.
Som oftast har dei tatt seg inn på soveromma i husa og forsyna seg med smykke, kontantar og bunadssølv.
Gjennombrot etter etterlysing
Tidlegare denne veka gjekk politiet i Ålesund og Bergen ut med ei etterlysing av to menn.
Politiet meinte dei to som var avbilda på overvakingskameraet på kjøpesenteret Amfi Moa i Ålesund, kunne knytast til innbrotsbølgjene i begge byar.
Til Bergensavisen bekreftar politiadvokat Øyvind Rune Bjørkås at to menn er pågripne i Stavanger.
– Me fekk bistand frå Sør-Vest politidistrikt. Dei to er utanlandske statsborgarar som ikkje tidlegare har vore involvert i straffesaker i Norge, seier han til BA.












English (US)