To dømd for å ha kidnappa, tissa og utsett mann for «waterboarding» med heimebrent

6 hours ago 4



To menn i 20- og 30-åra er i Salten og Lofoten tingrett dømd til høvesvis samfunnsstraff og fengsel etter ei hending hausten 2023.

Ifølge dommen skal dei to ha kidnappa ein mann, og utsett han for grov kroppsskade i ei leilegheit i Lofoten.

– Påtalemakta meiner dommen er rett ut frå dei alvorlege forholda, seier aktor i saka, Sølvi Elvedahl.

  • Politiadvokat Sølvi Elvedahl

    – Det er alvorlege forhold, seier politiadvokat Sølvi Edrun Andreassen Elvedahl

Mennene skal ha møtt kvarandre kvelden før, og vore saman i eit halvt døgn før ting utvikla seg i ei negativ retning.

Dei to tiltalte meinte at den fornærma hadde snakka stygt til dei på ein fest, og i tillegg stole nokre tablettar.

Den fornærma vart bunde med gaffateip på armar, bein og over munnen.

I litt over ein time skal dei to blant anna ha slått og sparka fornærma fleire gonger. Han blei kutta opp med kniv på varmar, overkropp og fingrar.

Han opplevde også å bli urinerte og spytta på mens han låg på golvet.

I tillegg skal han ha blitt slått i hovudet med eit kosteskaft, slik at det knakk. Og blitt slått i hovudet med ei lampe, slik at lampa knuste.

Etter ei stund skal dei no dømde mennene ha utsett fornærma for såkalla «waterboarding» med heimebrent, noko som kan skape ei oppleving av kveling og drukning.

Ifølge dommen kjente fornærma at auga etsa så sterkt, at han på det tidspunktet trudde han ville bli blind.

Bilde av en kniv med en linjal. Kniven ble brukt av to menn som er dømd for blant anna grov kroppskade i Salten og Lofoten tingrett

Dette er kniven som dei dømde mennene skal ha brukt.

Foto: Politiet

På eitt tidspunkt blei han dratt ut på terrassen med eit tau eller leidning rundt halsen, og festa fast, står det skrive i dommen.

Han klarte til slutt å få løyst festet, og sprang til han fekk stansa ein tilfeldig bil. Bilføraren frakta han til legevakt der han fekk nødvendig helsehjelp.

– Er ikkje overraskande

– Dommen er ikkje overraskande, fordi klienten min hadde erkjent straffskuld, seier advokat Finn Ove Smith.

Han har vore forsvarar til mannen i 20-åra, som no er dømd til 390 timar med samfunnsstraff.

Han seier dei i utgangspunktet er fornøgd med dommen, men at dei skal bruke litt tid på å tenke på ein eventuell anke.

– Vi vurderer noko av straffeutmålinga fordi vi meiner at han har blitt ansvarleggjord for litt meir enn det han skulle vore, forklarer Smith.

  • Advokat Finn Ove Smith

    Finn Ove Smith

    Er forsvarsadvokaten til den tiltalte mannen i 20 åra.

I papira frå domstolen kjem det fram at begge dei dømde i tillegg blir dømd for andre forhold.

Mannen i 30-åra blir blant anna dømt for ruspåverka køyring, køyring utan gyldig førarkort, vald, truslar og innbrot.

Han blei dømd til fengsel i to år og elleve månader.

NRK har fleire gonger prøvd å kome i kontakt med forsvararen til mannen, men utan hell.

Ulik straff

Grunnen til at dei to fekk så ulik straff er fordi mannen i 30-åra har hatt ei meir aktiv rolle i valdsutøvinga, ifølge aktor.

– Og dessutan hadde han fleire forhold han no har fått dom for. Samtidig er det tatt omsyn til ein tidlegare dom ved den totale straffa hans.

Medan mannen i 20-åra gav i retten ei reservasjonslaus tilståing som støtta fornærma sin forklaring, og dessutan at han svarte for berre to forhold.

Kvifor var det rett å gi han samfunnsstraff?

– Her var det ekstraordinære sterke rehabiliteringsgrunnar som tilsa at samfunnsstraff var aktuelt.

Likevel må dei to betale fornærma 130.000 kroner i oppreising, ifølge dommen.

Dommen er ikkje rettskraftig enno.

– Har blitt torturert

Den fornærma mannen fekk alvorlege skadar, inkludert hevelsar, blåmerke, kutt, ribbeinsbrot og brot i kinnbeinet.

Hendinga har hatt store følger for offeret, som i dag har store psykiske plager. Han har i ettertid fått diagnosen PTSD, ifølge dommen.

– Han meiner han har blitt torturert på ein forferdeleg måte, og meiner han blei utsett for drapsforsøk, seier bistandsadvokat Astrid Lindgaard Olsen.

Ho seier også at klient hennar er skuffa over dommen, og meiner han er altfor mild i forhold til kva han har blitt utsett for. Likevel håpar han at saka er ferdig.

Ifølge Olsen har det vore ei tøff rettssak, og han har det vanskeleg.

– Han slit med alvorleg PTSD. Han har mareritt kvar kveld og gruer seg til å legge seg, for han veit at natta blir tøff. Han drøymer om hendingane og tortur.

Publisert 25.06.2025, kl. 22.05

Read Entire Article