Tina vil bli i bygda, men finn ikkje plass å bu

2 hours ago 2



Eit stort kvitt bygg ruvar over Tina Hoel. For nokre år sidan blei bygget midt i Valldal sentrum på Sunnmøre bygt om til leilegheiter.

Lysa i vindauge er sløkt. Leilegheitene blir brukt til feriehus.

I over eit år har Hoel prøvd å finne plass å bu i bygda. Men ho er ikkje åleine om å ville ha bustad i feriebygda.

– Draumen er å finne eit lite hus i Valldal, og bu der med barna. Det trur eg draumen til mange, seier Hoel.

No føler ho seg pressa ut, fordi ho ikkje finn plass å bu.

en person i svart kjole framfor eit kvitt bygg

Tina Hoel opplever at ho blir utkonkurrert av korttidsleige og feriebustader.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Har tapt mot feriefolk

Hoel flytta til Valldal for fem år sidan. Det å finne seg ein stad å bu har vore eit problem frå starten.

Det neste halvåret får ho leige personalbustaden til eit hotell i bygda. Der får ho bu fram til nye sesongarbeidarar skal flytte inn til våren.

Ho gir ikkje opp. Men det er vanskeleg å konkurrere mot Airbnb og feriefolk, seier ho.

– Eg vurderer å flytte til byen. Men det er kjedeleg for barna mine å pendle. Eg har mest lyst å bu i bygda barna mine er født i, der pappaen deira bur, seier Hoel.

en person som holder en baby og et barn og ser ut over bygda.

Hoel drøymer om å finne seg ein stad å bu i bygda til barna hennar.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Ho har leita etter plass å bu som sambuar, småbarnsfamilie, og no som åleinemor.

– Vi begynte jakta tidleg fordi vi skjønte det ville bli vanskeleg. Så kom det eitt hus på marknaden. Men det gjekk langt over takst til nokon som ville ha det som feriebustad, seier Hoel.

Til slutt fekk dei ein privat avtale med ein eldre mann i bygda. Då ho og mannen gjekk frå kvarandre måtte ho begynne på nytt.

en person som står i et gresskledd område med bygninger og fjell i bakgrunnen

Tina Hoel vil gjerne bli i Valldal, men vurderer no å flytte til Ålesund, på grunn av bustadmangel.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Få hus på marknaden

Dei siste åra har Hoel jobba som journalist i lokalavisa, og med å promotere bygda på sosiale medium, med mål om å få folk til kommunen.

– Det er litt ironisk å jobbe med å få folk til å flytte til Fjord kommune, og så finn eg ikkje plass å bu, seier Hoel.

Fjord kommune har hatt stor fråflytting dei siste tiåra. Men det siste året har trenden snudd. Så vidt.

Likevel er det få hus ute på marknaden. Eit kjapt søk på finn.no viser at det er nokre bustader til sals i kommunen. Ingen i kommunesenteret Valldal.

– Det er ikkje stas. Vi jobbar med å planlegge for at bustadmarknaden skal bli betre, seier ordførar Terese Jemtegård Moen.

Odførar i Fjord kommune, Terese Jemtegård Moen.

Ordførar i Fjord, Terese Jemtegård Moen.

Foto: Shiva Ghalvazi / NRK

Det betyr ikkje at det ikkje er hus tilgjengeleg. Mange hus kjem aldri ut på marknaden, men blir selt privat innanfor familien.

I Fjord kommune vurderer ein no å innføre buplikt for å sikre at husa blir brukt av folk som faktisk bur der, og ikkje som fritidsbustad. Det finst ikkje tal på kor stor andel av husa som er utan bufast eigar, men det er nok til å skape problem for kommunen.

– Særleg når det blir sentrumsnære fritidsbustader. Vi må sikre oss at ikkje alt blir feriehus heller, seier Moen.

Mistar tilflyttarar

Feriebustader, Airbnb, busetting av ukrainske flyktningar, og mangel på nybygg, er blant årsakene til at bustadmarknaden i distriktskommunar er under sterkt press.

Fleire kommunar NRK har snakka med seier at dei har mista unge tilflyttarar. Dei trengst.

Marit Mellingen

Direktør i Distriktssenteret Tone Mellingen.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

– Det er mangel på bustader både til eige og til leige, og bustadane blir ofte brukt til korttidsleige, heller enn til fastbuande, seier Marit Mellingen, direktør i Distriktssenteret.

Medan fødetala går Låge fødetal, og stadig fleire eldre. Kommune-Noreg manglar folk. Samtidig hindrar bustadmangel både tilflytting og rekruttering til arbeidsplassane, seier Mellingen.

Fleire kommunar vurderer no å innføre buplikt og tak på Airbnb, for å få bukt med problema.

– Det er ikkje nok åleine. Ein må sjå på det i samanheng med andre grep for å få fart på leigemarknaden og nybygging av ulike typar bustader, seier Mellingen.

Her kan du lese om situasjonen i fleire distriktskommunar:

  • en person som står på et podium

    Petter Strøm / NRK

    Kjell Are Johansen, orførar i Andøy kommune

    Vi manglar alle typer bustader, til studentar og folk som kjem for å jobbe. Ein del bustader blir ferie/Airbnb-bustader.

    Vi har mista folk som har sagt nei til jobb fordi dei ikkje har funne bupel. I samband med det har vi utgreia buplikt.

    Vi vurderer også tiltak innan Airbnb. Det skal vere mogleg å innføre sanksjonar på kor stor del som kan leigast ut.

  • Ståle Refstie

    Remi Sagen

    Ståle Refstie, ordførar i Sunndal

    Bustadsituasjonen er meir pressa enn før. Vi har ein utleigemarknad under press. Vi har busett fleire flyktningar frå Ukraina enn dei fleste.

    Hus går fort, prisnivået har gått opp. Det er rift om einebustader. Vi veit at det er dyrt å bygge nytt.

    Det er bedrifter som har meldt om at dei har kome langt i rekruttering, men at det har stranda fordi dei ikkje har greid å skaffe bustad.

  • Unn-Elisabeth T. Kristiansen, sektorleder for forebygging, oppvekst og inkludering i Steinkjer kommune.

    Eivind Aabakken

    Unn-Elisabeth Kristiansen, Inderøy kommune

    Vi opplever at hus blir selt raskt, i alle delar av kommunen. Vi har auka tilflytting, og er ein kommune i vekst. Vi har lite hus/leilegheiter til leige, fordi vi har busett mange flyktningar siste åra.

    Eg vil trekke fram at det er mange barnefamiliar som ar flytta hit, og at vi i samband med det har opna ekstra avdelingar i nokre av barnehagane. Det er veldig positivt.

  • Vinjeordfører Jon Rikard Kleven i skolegården på Rauland skule.

    Martin Torstveit

    Jon Rikard Kleven, ordførar i Vinje

    Vi fjerna buplikt på vanlege bustader ei tid tilbake. Det førte til at dei som ønska seg fritidsbustad begynte å legge bud på vanlege hus, og budkrigen blei for hard for unge.

    Vi har etablert eit mikrobustadfelt, slik at det skal vere lettare for førstegongsetablerarar. Vi har dialog med aktørar for å få bygt sentrumsnære leilegheiter. Det vil frigjere bustader ved at eldre flyttar meir sentralt.

Nærleik til folk

Tina Hoel har vore ute av bygda for sommaren. Oppe i ei li i nabobygda har ho fått bu i huset til oldemora, som foreldra har som feriehus.

Det er ikkje enkelt. Dei fleste feriebustadane blir brukt av folk med tilknyting til bygdene, som ikkje vil miste strengen.

Hoel synest det burde i alle fall burde vere buplikt rundt byggefelt og skulane. Det ville gjort det lettare for ho å kome inn, trur ho.

– Eg sit litt einsam og isolert her, og ser bort på fellesskapet i bygdene. Det er ikkje ideelt, seier Hoel.

en person som står utenfor et hus

I sommar har ho fått bu i huset til oldemora som foreldra bruker til feriehus.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Publisert 23.11.2025, kl. 11.18

Read Entire Article