Tiltalt for overgrep mot jente på Sommarland i Bø

9 hours ago 5



Den 5. mai må den mannlege badegjesten i femtiåra møte i Telemark tingrett, tiltalt for seksuell handling med barn under 16 år.

Varsla tilsett

Det var den 27. juni i fjor jentene tok turen til den populære underhaldningsparken nokre kilometer utanfor Bø sentrum.

Der bestemte dei seg for å teste attraksjonen «Flow rider», eit basseng med kunstige surfebølger.

I samband med badinga skal ein framand mann ha tatt på dei begge, men gjekk ifølge jentene lengst overfor den eine av dei.

Han skal ha tatt henne på rumpa og kjønnsorganet under vatn, seier politiadvokat Bjørn Bunkholt Sæter.

Politiadvokat Bjørn Bunkholt Sæter

Bjørn Bunkholt Sæter, politiadvokat.

Foto: Stian Wåsjø Simonsen / NRK

Venninnene kontakta ei badevakt, som sørgde for å ringe politiet.

Dei rykte straks ut til parken med ein patrulje, som etter kort tid kom i kontakt med mannen.

– Han blei avhøyrd på staden, men nekta for at noko slikt skulle ha skjedd. Han fekk deretter lov til å gå, men er seinare avhøyrd på nytt, seier Sæter.

Har sikra overvakingsbilde

I etterkant av hendinga har ungdommane vore i tilrettelagt avhøyr for å forklare seg nærare om det som skal ha skjedd i bassenget.

Dette avhøyret skal spelast av under rettssaka.

Sommarland i Bø

Sommarland i Bø har rundt 150.000 besøkande kvart år.

Foto: Tore Jonssen

I tillegg har politiet sikra overvakingsbilde frå området.

Jentene har ingen relasjon til mannen som er tiltalt i saka.

– Han var på besøk i parken saman med familiemedlemmer, opplyser Sæter.

Karoline Fjellstad Andersen skal representere mannen i retten.

Ho ønsker ikkje å kommentere innhaldet i tiltalen, utover at klienten hennar ikkje erkjenner straffskuld.

Wenche Kåsa er bistandsadvokat for jenta under rettssaka. Ho ønsker heller ikkje å kommentere hendinga før rettssaka startar.

Klare retningslinjer

Bø Sommarland i Telemark har rundt 150 000 besøkande årleg.

Parken er eigd av det spanske konsernet Parques Reunidos. Dei eig også Tusenfryd utanfor Oslo.

Viser inngangspartiet til en fornøyelsespark.

Sommarland i Bø har klare instruksar for sine tilsette, seier leiinga.

Foto: Nils Fridtjof SKumsvoll / NRK

På generelt grunnlag opplyser dei at Sommarlands tilsette har klare instruksar for korleis dei skal forhalde seg om slike ting skulle skje.

Det er eigne varslingsrutinar ved avvik og uønskt åtferd i parken, skriv marknadssjef Erik Røhne Andersen i ein e-post til NRK.

Publisert 27.04.2025, kl. 09.42 Oppdatert 27.04.2025, kl. 09.58

Read Entire Article