TikTok-duo varslar rettslege steg mot Kristiansand kommune

2 hours ago 2



Influensarane i «Guttavibez» varslar no rettslege steg dersom dei ikkje får leige Sørlandshallen i Kristiansand til den planlagde barnefotballcupen sin.

Stavanger-duoen, beståande av Chris Formo og Tobias Asheim, seier dei har gitt kommunen frist til tysdag klokka 16 med å trekke nei-vedtaket. Det opplyser dei om i ei melding til NRK.

– Kravet er at kommunen oppfyller inngått leigeavtale for Sørlandshallen. Dersom fristen ikkje blir overhalden, vil saka straks eskalerast rettsleg, skriv Asheim i ein SMS til NRK.

TikTok-duoen skulle arrangere fotballcup for barn i Sørlandshallen 1. februar, men torsdag førre veke vedtok Kristiansand kommune å trekke tilbake utleigeavtalen med åtte mot tre stemmer.

Raymond Larsen i Kristiansand Høgre sa til NRK førre veke at han meinte det var heilt riktig å avlyse.

– Det handlar om korleis dei har marknadsført seg inn mot ei ung og sårbar målgruppe. Heile konseptet til Guttavibez handlar om å bygge sine eigne kontoar på sosiale medium, sa han.

Read Entire Article