Tidlegare sentralbanksjef om Trump-truslar: – Heilt utenkeleg i Noreg

3 hours ago 2



Først sjokkerte president Donald Trump finansmarknaden med eit svært omfattande tollregime.

No får han igjen marknaden til å skjelve, ved å på ny antyde at han vil kaste den amerikanske sentralbanksjefen, Jerome Powell.

Dollaren har svekka seg enda meir, og Wall Street enda første handelsdag etter påska med kraftige fall måndag.

– Det er alvorleg, det han driv med. Trump verkar ikkje som ein kyndig økonom. Han omgir seg ikkje med kompetente folk, og i den grad han gjer det, så lyttar han ikkje til dei, seier Øystein Olsen til NRK.

– Står klippefast i Noreg

Olsen var sentralbanksjef i Noreg frå 2011 til 2022.

– Kva hadde du gjort dersom dåverande statsminister Erna Solberg hadde trua med å kaste deg, då du var sentralbanksjef?

– Det hadde vore heilt utenkeleg i Noreg. Det er så langt frå vår verkelegheit. Så det har eg ikkje grubla mykje på.

– Eg trur sentralbanken som institusjon, og den form for uavhengigheit den har i vårt demokratiske rammeverk, står klippefast i Noreg, og i Europa, seier Olsen.

Øystein Olsen, Erna Solberg m.fl. sitter i en folkemengde

Dåverande statsminister Erna Solberg og Øystein Olsen, då sistnemnde heldt sin årstale i 2020.

Foto: Terje Pedersen / NTB

«Kan ikkje kome fort nok»

Kort sagt er Trump rasande over at Powell ikkje har sett ned renta i USA raskare. I påska eskalerte presidenten sine angrep på sentralbanksjefen.

Det skjedde etter at Powell onsdag i førre veke gav uttrykk for at presidenten sine tollsatsar kan gjere det naudsynt med høgare renter lenger, for at auka importprisar ikkje skal føre til at prisveksten bit seg fast.

På toppen av det heile gav rentekuttet frå Den europeiske sentralbanken førre veka, Trump enda meir vatn på mølla.

– Powell sin avgang kan ikkje kome fort nok, skreiv Trump på hans eiga plattform Truth Social.

Donald Trump, Jerome Powell poserer for et bilde

Donald Trump utnemnde i 2017 Jerome Powell som ny sentralbanksjef. Åremålet hans går ut i 2026, men no gir Trump uttrykk for at han vil fjerne Powell så fort som råd.

Foto: Carlos Barria / Reuters / NTB

Men ikkje nok med det: no går det truleg føre seg juridiske prosessar som kan opne for at Trump skal få høve til å fjerne leiarar av uavhengige etatar, som den amerikanske sentralbanken (Federal Reserve), utan gyldige grunnar.

Tanken på at sentralbankrenta for verdas viktigaste valuta skulle styrast av Trump og hans administrasjon, fristar nok ikkje mange, skriv seniorøkonom Oddmund Berg i DNB Markets i eit notat tysdag.

Svært mange erfarne og kjende økonomar, blant dei tidlegare amerikansk finansminister Lawrance H. Summers, går ut og åtvarar mot den retninga Trump er i ferd med å sende USA.

  • Les økonomikommentator Cecilie Langum Becker sin kommentar om kvifor politikarar bør halde fingrane langt unna sentralbanken.

Trur Powell har is i magen

Olsen har møtt Powell fleire gonger. Han trur hans gamle sentralbanksjef-kollega er godt førebudd på det som no skjer, gitt at Trump også i førre presidentperiode angreip både han og sentralbanken.

– Eg er temmeleg trygg på at han har is i magen. Eg både håper og trur at han ikkje vil la seg presse på nokon som helst måte, før han meiner det er rett å sette ned renta.

Olsen svarer slik når han skal forklare alvoret i at politikarar skal styre renta:

– Politikarar har naturleg nok ein tendens til å velje å vere for kortsiktige og heller ikkje konsistente. Låg rente er stort sett populært blant forbrukarar, og dei som låner pengar, men ofte på kostnad av omsynet til låg og stabil prisvekst. Å ha ei økonomisk utvikling kor prisveksten er under kontroll, har vist seg å vere veldig viktig, seier Olsen.

Han peiker på Tyrkia, kor han seier renta har vore politisk styrt i fleire år, noko som har resultert i skyhøg prisvekst.

Percy Schmeiser iført briller og dress

Det var på under eit arrangement i regi av the Economic Club of Chicago førre veke, at sentralbanksjef Jerome Powell sa ting om renteutsiktene, som fekk Trump til å tenne på alle pluggar i påska.

Foto: KAMIL KRZACZYNSKI / AFP / NTB

– Trur neste renteendring blir nedgang

– Trur du neste rentebevegelse i USA er opp eller ned?

– Om tollsatsane blir gjennomført i den skala som er annonsert, trekk det i retning av at renta blir heldt oppe. Om ikkje auka, i alle fall heldt på dagens nivå. Men summen av det Trump driv på med, vil om noko føre til svakare vekst i amerikansk økonomi. Det fører til uro i finansmarknaden.

– Det er kanskje fleire ting som trekk i retning av behovet for ei lågare rente. Eg trur neste renteendring i USA blir ein nedgang, seier Olsen.

Og legg til at Trump i så tilfelle vil ta all ære for det.

– Kor sannsynleg trur du det er at Trump vil kaste Powell?

– Eg vil ikkje utelukke nokon ting når det gjeld Trump, for vi sluttar jo ikkje å bli overraska. Men eg trur ikkje han vil lukkast i å avsette han.

– Skulle det skje, så vil tilliten til dollaren sin posisjon som verdsvaluta setjast ytterlegare i spel, og det vil vere dramatisk.

Sjekk hva det koster

Fra danske kroner

Til norske kroner

161,67

Valutakurser fra Norges Bank.
Siste kurs fra 16.04.2025

Publisert 22.04.2025, kl. 14.40

Read Entire Article