Ti tips til barnehagestart – Preben (1) skal i gang med ein ny kvardag

1 month ago 16



På gul avdeling i Rabbevågen barnehage i Ålesund skal eittåringen Preben (1) plutseleg få ein heilt ny kvardag.

Det er jo litt rart å skulle sende han av garde i barnehagen. Vi er jo vande til å ha han heime, men eg trur det kjem til å gå veldig fint, seier mamma Elin Weddegjerde.

Elin, Mats og Preben er på barnehagetilvenning og sjekker ut uteområdet.

– Ein må stole på dei tilsette. Dei kan jo det her og er veldig flinke, seier Elin og Mats.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Fordel at Preben er tredjemann

Rundt omkring i landet er det mange spente foreldre no i august. Elin Weddegjerde har ei jente på seks år og ein gut på åtte år frå eit tidlegare forhold.

Ho var meir nervøs da førstemann skulle i barnehagen, og trur det er ein fordel at Preben er tredjemann.

– Han er med på alt vi gjer og er vande til å leike med andre barn. Han var med på fotballtrening da han var seks dagar gammal, er med på leikeplassar og det er alltid mange barn innom huset, seier Elin.

For pappa Mats Lergrovik er barnehagetilvenning noko nytt.

– Eg er kjempespent, og eg er nok litt meir nervøs enn eg har lyst til å gi uttrykk for, men det blir gøy, da. Det blir spennande å sjå korleis han utviklar seg dag for dag i barnehagen.

Preben skal straks starte i barnehagen.

Preben besøker barnehagen. – Han er veldig aktiv, veldig sosial og stort sett i godt humør, seier pappa Mats og Elin.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Korleis seie «ha det» på rett måte

Likevel legg ikkje Elin skjul på at den første tida med levering av dei to andre var litt tøffe, og ho er førebudd på at det kan bli slik nå også.

Det er jo det som er vondast for oss foreldre, at vi skal seie ha det, og så er det gråting og ... ja. Men det er noko med å ikkje gjere den avskjeden for lang og trist. Vinke med eit smil, og så går det over når vi kjem oss ut porten.

Nettopp det å seie «ha det» på ein skikkeleg måte er svært viktig, ifølge barnehagestyrar Synnøve Vassbotn Folkestad.

– Vi har opplevd at nokon tenker at «nå går det så fint, og barnet leikar, så eg lurer meg ut». Det skal vi ikkje. Vi skal seie ha det på ein skikkeleg måte, og vere trygge i stemma når vi seier det.

– Og så handlar det om tillit. Ein kan lage avtalar om at viss barnet ikkje lèt seg trøyste, så ringer vi. Og det gjer vi alltid.

Barnehagestyrer Synnøve, sammen med pappa Mats og sønnen Preben som er på tilvenning. Preben holder opp en leke.

Styreleiar Synnøve Vassbotten Folkestad (til venstre) meiner å bruke tid på tilvenninga er viktig. – Vere i barnehagen kvar dag, men gjerne ha litt kortare dagar, seier ho.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

– Ikkje ver redd for å vere ei masete mamma eller pappa

Anne Greve, som er professor i barnehagepedagogikk ved Oslomet og har jobba i barnehage i 17 år, meiner eit godt samarbeid med barnehagen er heilt avgjerande.

– Ikkje ver redd for å vere ei masete mamma eller pappa, eller lat som du er tøffare enn du er. Del dine bekymringar og spør viss du lurer på noko.

Anne Greve

– Barnehagen gir vennskap med andre barn, dei opplever tett kontakt med andre vaksne personar som også blir glade i ungane, og dei gjere gøye aktivitetar slik som vassleik og måling, seier professor Anne Greve.

Foto: Marius Renner CHristensen / NRK

– Foreldra må verke sikre

Ifølge styreleiaren i Rabbevågen barnehage er det viktig å gjere slik som Mats og Elin – å komme på besøk, gjere seg kjent med uteområdet, og sette av god tid til tilvenning.

– Og eg tenker at det er viktig at foreldra er innstilte på dette sjølv. Viss foreldra verkar sikre, så blir det ei god oppleving og det vil smitte over på barna, seier Vassbotn Folkestad.

Her er hyllen til Preben som står klar til bruk i barnehagen.

Hyllen til Preben er klar til barnehagestart. Preben er mest opptatt av å klatre.

Preben får på seg skoene på barnehagetilvenning.

På med skoene, nå skal vi ut.

Mamma Elin Weddegjerde strekker en hånd ut til sønnen Preben.

– Kom og se Preben, hva er her borte?

Preben sjekker ut lekeområdet.

Preben har lagt sin elsk på skogsområdet inne i barnehagen.

Preben har funnet en gåvogn som han liker.

Gåvogna er en favoritt.

Korleis trur de Preben vil trivast i barnehagen?

Eg trur han vil trivast veldig godt. Så lenge vi kjem oss fint gjennom den første biten, trur eg det meste er løyst, seier pappa Mats Lergrovik.

Mamma Elin Weddegjerde trur barnehagen vil vere bra for Preben.

Dei dannar relasjonar til både barn og vaksne som dei blir trygge på. Ein av bestekompisane til eldsteguten blei han kjent med første veka i barnehagen, og dei er knoll og tott ennå.

Publisert 11.08.2024, kl. 19.04

Read Entire Article