Tenåring sprenger grenser – blir samanlikna med tidenes mestvinnande

7 hours ago 4



– Eg er ikkje jegeren lengre. Eg blir jakta.

Det seier svømmefenomenet Summer McIntosh i eit intervju med CBC etter rekordraset sitt førre veke.

Tre gonger blei det verdsrekord for 18-åringen under eit kanadisk svømmestemne, som fungerte som kvalifisering til VM i svømming.

– Dei fem siste dagane har vore ville. Dette har sannsynlegvis vore det beste stemnet i karrieren min. Det kjem til å ta nokre dagar å prosessere, seier McIntosh.

– Milepæl

Tidlegare OL-deltakar Elin Austevoll, som har vore svømmeekspert for NRK og Discovery under fem OL på 2000-talet, er mektig imponert over McIntoshs prestasjonar.

– Ho er heilt fantastisk. Ho er heilt klart den nye, store svømmestjerna på damesida, seier Austevoll til NRK og fortset:

– Vi har sjølvsagt sett henne i nokre år. Ho hadde eit fantastisk OL i Paris. Men nå tar ho steget opp, og er heilt udiskutabelt den største stjerna vi har på damesida.

Summer McIntosh vinker til publikum etter OL-gullet på 400 meter medley i Paris 2024.

REKORDRAS: Summer McIntosh vinkar til publikum etter OL-gullet på 400 meter medley i Paris 2024.

Foto: MAXIM THORE / BILDBYRÅN

Eksperten synest ikkje det er lett å rangere dei tre verdsrekordane, men held ein knapp på 200 meter medley.

Den hadde ungarske Katinka Hosszú hatt i ti år, før McIntosh slo han med 42 hundredelar.

– Det er den som hadde stått lengst. Det er ein milepæl å ta han. Og så klart han på 400 meter medley. Den er det ingen som er i nærleiken av. Så begge dei to medley-rekordane er i ein klasse for seg sjølv, seier Austevoll.

  • Summer McIntosh på Formel 1-banen i Montreal i hjemlandet Canada

    KASTET GLANS: Den kanadiske ynglingen var på plass under Formel 1-helgen i hjemlandet.

    Foto: MEG OLIPHANT / AFP / NTB
  • Yuki Tsunoda, Summer McIntosh og Max Verstappen under Formel 1-helgen i Montreal.

    MED FORMEL 1-STJERNENE: Summer McIntosh sammen med Red Bull-førerne Yuki Tsunoda og Max Verstappen under helgens Montreal Grand Prix.

    Foto: MARK THOMPSON / AFP / NTB
  • Summer McIntosh overrakte Mercedes-fører George Russell premien etter seier i Formel 1-kvalifiseringen i Montreal

    MED FORMEL 1-STJERNENE: Summer McIntosh overrakte Mercedes-fører George Russell premien etter seieren i Formel 1-kvalifiseringen i Montreal.

    Foto: GEOFF ROBINS / AFP / NTB

Blir samanlikna med ein historisk olympiar

Sjølv om McIntosh framleis berre er 18 år (blir 19 i august), har ho prega svømmesporten i fleire år allereie.

I 2022 blei ho verdsmeister for første gong, og da hadde ho ikkje fylt 16 eingong.

Under OL i Paris i fjor sommar tok ho som 17-åring tre gull.

Noregs største svømme-profil dei siste åra, Henrik Christiansen, held heller ikkje igjen på lovorda om McIntosh, og samanliknar ho med ein historisk olympiar.

Michael Phelps jubler i et basseng

BLIR SETT OPP MOT SUPERSTJERNE: Michael Phelps har til saman 28 OL-medaljar. Under Beijing-OL i 2008 tok han heile åtte gull.

Foto: MARTIN BUREAU / AFP / NTB

– Det er jo litt sånn Michael Phelps over det. Det er drittøft, seier Christiansen til NRK.

– Kva legg du i det?

– Michael Phelps har åtte OL-gull i eitt OL der han har fem individuelle øvingar der han er best i verda. Det å ha ein sånn dominans, det reflekterer kor god ho eigentleg er da, seier Christiansen.

Henrik Christiansen i et svømmebasseng

IMPONERT: Henrik Christiansen kallar det McIntosh gjer for «drittøft».

Foto: Jonas Ekströmer/TT / TT / NTB

Får stjernetrenar

I vinter har McIntosh trena under franske Fred Vergnoux, som ho gir mykje av æra for suksessen den siste tida. Han har erfaring som trenar frå seks olympiske leikar.

– Eg har trena mange svømmarar, men eg har aldri sett nokon som ho. Ho er unik. Ho er veldig spesiell, så fokusert og veldig profesjonell, seier Vergnoux til CBS.

Når VM er over i starten av august, byter ho likevel trenar til Bob Bowman.

Bob Bowman

BLIR TRENAREN: Bob Bowman.

Foto: OLIVIER CHASSIGNOLE / AFP / NTB

Han leidde i si tid nettopp tidlegare stjernesvømmar Phelps. For tida er han blant anna trenar for Léon Marchand, som blei OL-konge med fire gull på heimebane sist sommar.

– Det er vanskeleg å spå. Det kan absolutt vere utruleg spennande, svarer Christiansen på spørsmål om kva han trur trenarbytet vil seie for utviklinga hennar, og fortset:

Men det miljøet i Texas er utruleg sterkt, der ein har ekstremt mange utøvarar som viser at dei er i utvikling under Bob Bowman.

Gir bort gullmedaljane

McIntosh vann alle dei fem øvingane ho stile opp i under kvalifiseringsstemnet i Victoria, heilt sørvest i Canada.

I tillegg til dei tre verdsrekordane, sette ho også kanadisk rekord på 800 meter fri og 200 meter butterfly.

Summer McIntosh i et basseng

NYE GULLMOGLEGHEITER: Summer McIntosh får på nytt høve til å sikre seg edelt metall under VM i svømming som startar i Singapore om vel ein månad.

Foto: Denes Erdos / AP / NTB

Alle dei fem gullmedaljane ho fekk, blei delt ut til unge barn på tribunen. Ho synest det er «ti gonger betre å sjå reaksjonane til jentene og gutane, enn at ho skal ha dei i ei minneboks».

– Ho fortener all skryt. Vi har ei superstjerne. Vi har nyheitssaker over heile Canada og nasjonale sendingar som blir repeterte kvar time. Dette er banebrytande for sporten, seier John Atkinson, toppleiar i det kanadiske svømmeforbundet.

Etter prestasjonane denne månaden, har ho også tatt steget opp på toppen av verdsrekord-trona med den svenske legenda Sarah Sjöström. Begge står bokført med tre verdsrekordar kvar i langbane-svømming.

– Sarah begynte også å hauste rekordar og verdsmeisterskapar da ho var veldig ung. Eg tenker det seier at vi har mange gode og spennande år framfor oss med Summer McIntosh, seier Austevoll.

Duplantis setter verdensrekord på hjemmebane 00:31

Publisert 18.06.2025, kl. 16.06 Oppdatert 18.06.2025, kl. 16.18

Read Entire Article