– Eg har ikkje sjans!, ropte Gyda Bloch Thorsen då ho blei slått ut av fjorårets sesong av Mesternes mester.
I det sjuande programmet møttest Thorsen og fotball-freestylar Tobias «Becs» Brandal Busæt i nattest.
Etter programmet var det fleire som reagerte på måten den tidlegare dansaren måtte forlate konkurransen på.
Ifølgje Nettavisen, mottok NRKs publikumsservice 98 klager etter episoden.
Veka etter, då friskiar Johanne Killi tapte mot proffboksar Kai Robin Havnaa, kom det også inn klager.
Fleire av tilbakemeldingane gjekk på at nokon deltakarar hadde ein stor fordel av å være høg i lysrøyr-øvinga.
Ny nattest
I årets sesong møter deltakarane ein heilt ny nattest.
Produsent Thor Arne Ulveraker fortel til NRK at nattesten ikkje er endra på grunn av tidlegare klager.
– Mesternes har jo fornya nattesten med jamne mellomrom, og me følte at det var ein passande anledning å gjere det i sesong 17, seier Ulveraker.
LYSRØYR: Denne øvinga har vore ein gjengangar dei siste sesongane.
Skjermdump: Nordisk Banijay / NRKProdusenten understrekar at kvar enkelt konkurranse i Mesternes mester er utvikla for å vere mest mogleg rettferdig og kjønnsnøytral, og at det ligg eit grundig researcharbeid bak utforminga.
– Målet er jo å gjere spesielt kanskje nattesten, så kjønnsnøytral som mogleg. Slik at når dei deltakarane som hamnar i duell, så har ikkje styrke eller høgde, vekt, muskelmasse noko å seie for gjennomføringa, seier Ulveraker.
I den tidlegare nattest-øvinga hang det lysrøyr frå taket som fall ned på eit ubestemt tidspunkt. Den deltakaren som fyrst fanga røyret, vann runden, og duellen blei avgjord som best av tre rundar.
Den nye nattesten følgjer framleis prinsippet om best av tre rundar, men sjølve oppgåva er heilt endra.
- Den nye nattesten blir fyrst vist i episode 2. Den kan du sjå på NRK TV 2. januar:
Tilbake til utlandet
Etter nokre år i Noreg, er Mesternes mester spelt inn i utlandet att, denne gongen i Costa Brava i Spania.
Produsenten fortel at det var naturleg å fornye den kjende nattesten no som programmet har vendt tilbake til utlandet.
– Det var ei passande anledning no, i og med at vi kom oss til utlandet igjen og får den eksotiske ramma rundt Mesternes som er ein del av originalformatet. Me syntest det var modent for å utvikle ein ny nattest for årets sesong, seier Ulveraker.
KVEN MÅ I NATTEST? Deltakarane etter fyrste konkurranse i episode 1.
Foto: Tonje Jakobsen / Nordisk Banijay/NRKPublisert 01.01.2026, kl. 21.09
















English (US)