Kva er det kroppsøvingsfaget skal stimulere? Kva treng ein eigentleg for å vere fysisk aktiv gjennom heile livet?
Fysisk aktivitet vert nokre gonger kalla ei «magisk pille» grunna dei omfattande helsefordelane. Regelmessig fysisk aktivitet kan betre kardiovaskulær helse, styrke musklar og bein, og vere med på å oppretthalde ei sunn kroppsvekt.
Samstundes kan fysisk aktivitet ha positiv effekt på mental helse, til dømes å forebygge og redusere stress, angst og depresjon. Fysisk aktivitet kan også forbetre søvnkvaliteten og auke energinivået. Med så mange fordelar er det ikkje rart at livslang fysisk aktivitet blir sett på som ein nøkkelkomponent for god helse og livskvalitet.
Faktisk har Noreg eit fag i skulen, frå barneskule til vidaregåande, som har dette som sentral verdi. Relevansen til kroppsøvingsfaget er knytt til å stimulere til livslang rørsleglede og ein fysisk aktiv livsstil ut frå eigne føresetnader.
«Physical literacy»
I den internasjonale litteraturen vert svaret på det ovanfor ofte kalla «Physical literacy». Det er eit omgrep som skildrar ein persons evne, motivasjon og sjølvtillit til å vere fysisk aktiv gjennom heile livet. Det handlar ikkje berre om å kunne utføre fysiske aktivitetar, men også om å forstå og verdsette betydninga av fysisk aktivitet for helse og velvære.
Det er mange viktige faktorar for å oppnå og oppretthalde fysisk aktivitet gjennom heile livet.
Du bør vere motivert: Ein sterk indre motivasjon er avgjerande for å vere fysisk aktiv. Dette kan komme frå glede ved aktiviteten, ønsket om å forbetre helsa, eller sosiale aspekt som å vere saman med vener. Du må også ha sjølvtillit: Du bør tru på eiga evne til å utføre fysiske aktivitetar. Dette kan byggast opp med positive opplevingar og meistringsfølelse.
Det er også viktig med kunnskap: Å forstå fordelane ved fysisk aktivitet og korleis ein kan utføre ulike aktivitetar på ein trygg og effektiv måte er avgjerande. Kunnskap om reglar og prinsipp ved ulike spel, leikar og aktivitetar er også viktig for potensiell deltaking.
I tillegg bør du ha spesifikke ferdigheiter, til dømes grunnleggjande motoriske ferdigheiter som springing, hopping, kasting og balanse gir eit godt grunnlag for å delta i ulike typar fysisk aktivitet. Det er også ein fordel viss ein har særlege ferdigheiter i idrettar eller aktivitetsformer som krev spesifikk kompetanse.
Miljøet er også sentralt. Eit støttande miljø, både fysisk og sosialt, kan fremje fysisk aktivitet. Dette inkluderer tilgang til trygge og attraktive stader å vere fysisk aktiv, i tillegg til støtte frå familie, vener og samfunnet.
Variasjon er smart: Å prøve ulike typar aktivitetar kan halde interessa oppe og bidra til ei allsidig fysisk utvikling. Dette kan inkludere alt frå lagidrett til individuelle aktivitetar som symjing eller sykling.
Det er også viktig å gjere fysisk aktivitet til ein integrert del av din livsstil: Integrering av fysisk aktivitet i daglege rutinar, som å gå eller sykle til jobb, kan gjere det lettare å oppretthalde ein fysisk aktiv livsstil.
Meistringsfølelse
Omgrepet «physical literacy» vert altså nytta om denne kroppslege danninga som er naudsynt for å vere fysisk aktiv livet ut. Danning blir omtala i Store norske leksikon som «formingen av menneskets personlighet, oppførsel og moral». Kjernepunkta i omgrepet physical literacy involverer altså alt av fysiske og motoriske ferdigheiter og kompetanse, inkludert meistringsfølelse, kognitiv kunnskap om rørsle og motivasjon for rørsleaktivitet.
Viss ein har fokus på desse faktorane, kan ein utvikle sterk fysisk literacy som legg grunnlaget for eit aktivt og sunt liv. Dette er viktig for å førebyggje livsstilssjukdomar, forbetre mental helse, og auke livskvaliteten.
Av meir akademisk interesse er det at vi ikkje har eit godt ord på dette fenomenet på norsk. Landsfolkeskolelova § 1 frå 1936 inneheldt omgrepet kroppstame. Ordet tame er eit nynorsk ord som nesten heilt har gått ut av bruk, men har ifølgje Norsk ordbok frå 2013, bind 11 (s. 568), følgjande tyding: 1) dugleik, øving i arbeid eller kunst (eks.: det skal mykje tame til); 2a) (tilvand) eigenskap, vane (eks.: mangt som ein byrjar med å gjera medvitande, det kan ein etter kvart, med tamen, læra å gjera umedvitande); 2b) smak; 2c) dragning; 3) temjing, dressur, tam (eks.: alle skal tru og tenkja det same – og stor vert straffi, tek du kje tame!).
Ordet inneheld med andre ord ein ferdigheitskomponent, eigenskap eller vane, tillært kompetanse og ei dragning til noko. Samtidig har omgrepet ei kopling til oppdragelse og sosialisering gjennom dressur- og temjing.
Vi foreslår difor omgrepet kroppstame og definerer det, i tråd med forståinga av physical literacy, på følgjande måte: Summen av motivasjon, sjølvtillit, fysisk og motorisk kompetanse, kunnskap og forståing som dannar grunnlag for individets moglegheit til å vere og forbli i fysisk aktivitet gjennom livet.
Kilder:
Haugen, T., & Moser, T. (2018). Hva er motorikk? I I. Kvikstad (red.). Motorikk i et didaktisk perspektiv, andre utgave, 19-36. Gyldendal Akademisk.
Norsk Ordbok. (2013). Band 11 stø – tåvrut. Oslo: Det Norske Samlaget. ISBN: 9788252183634.
Whitehead, M. (red.). (2010). Physical literacy: throughout the lifecourse. Routledge.