Takk for maten

2 days ago 7



Medan sola vekka ei humle frå dvalen i Krokskogen naturreservat ein tidleg vårdag, diskuterte regjeringa nasjonalbudsjettet på eit hotell ikkje langt unna. Statsministeren og finansministeren nytta høvet til å peike på at slik verda no ser ut, må alle som styrer med noko anna enn beredskap og forsvar tole å ikkje bli prioritert.

Kor langt bak i rekka står klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen når pengane skal fordelast?

Mat må me ha, på budsjettkonferansar og i beredskap i usikre tider. Men før havregryn og hermetikk hamnar i boden din som sikringskost og lune bær på ministrane sine dessertskåler, er det mange som skal ha ein takk for maten.

I bordverset takker me daud ved, billelarvar og ville bier. Me ber om at både statsminister og finansminister utvidar sine tankar om kva beredskap i usikre tider bør vere. Å stanse tapet av naturmangfald er nemleg beredskap. Berre høyr her:

Gammal skog kan vere heimen til opp mot 25 000 artar av plantar, dyr og sopp. Over 6000 av desse lever av daud ved.

Livet er rikast i dei gamle skogane, der trea får vekse og døy og bli der, som mat, heim og livsgrunnlag for biller, hakkespettar, sopp og lav.

Å ta vare på gammal skog er viktig for å stanse tap av biologisk mangfald, men også fordi:

  • Skogen kan ha livreddande skattar: Enkelte artar kan vere ekstremt verdifulle for oss menneske, som nokre typar sopp eller plantar som inneheld stoff me kan bruke i medisin. Når halvparten av artane som er truga av utrydding i Noreg er knytt til skog, risikerer me at artar døyr ut før me oppdagar skattane.
  • Skog er kjelde til mat: I skogen plukkar du steinsopp, blåbær og kantarell, og du finn mykje anna etande; frukt, nøtter, honning, plantar og dyr.
  • Skogen regulerer klima: Skog tek opp og lagrar karbon, både i tre og jord. Ved å verne skog og forvalte den klokt, kan ein motverke klimaendringar og sikre meir stabile klimaforhold, som blant anna er viktig for matproduksjon.
  • Skogen beskyttar mot effektar av klimaendringar: Klimaendringar fører til meir flaum, erosjon og skred. Skogen kan dempa flaum. Jorda sug til seg vatn. Røtene held på jorda og hindrar erosjon og skred. Gammal skog held betre på vatn enn plantasjeskog, og er difor ekstra viktig å ta vare på i rasutsette område. Meir intakte økosystem og skogar er meir robuste i møte med klimaendringane som kjem.

Skogar rike på biologisk mangfald er viktige. Men det vert mindre av den gamle skogen. Berre 2,4 prosent av skogen i Noreg er eldre enn 160 år, og det vert framleis hogd i denne. Skogbruk har negativ påverknad på 85 prosent av dei raudlista artane i skog.

Forskarar meiner at me må verne minst 10 prosent av den produktive skogen for å hindre at artar knytt til skogen skal døy ut.

Stortinget har jo også bestemt at me skal verne 10 prosent av skogen. Og skogeigarar landet over står i kø for å tilby skogområde for vern. Kva er så problemet?

Problemet er at pengane ikkje strekk til. Skal meir skog vernast fortare, må det vere nok folk på jobb i miljøforvaltinga og nok pengar til å betale ut erstatning til skogeigarane. Dette veit klima- og miljøministeren veldig godt. Men Arbeidarpartiet har ikkje vist seg villige til å prioritere skogvern i budsjetta sine til no. Dei har latt det vere opp til SV å forhandle pengane inn.

Medan skogeigarar ventar på vern, kan verneverdig skog verte hogd. I mars kom Miljødirektoratet si tilråding om å opprette 23 nye skogvernområder.

Lista er lang, behovet er stort.

La oss suse tilbake, forbi hotelldesserter med lune bær, vidare opp til Krokskogen og sjå innom humla som flyttar pollen og gjev nytt liv i skogen – og blåbær i skåla.

Tretti prosent av maten me et er direkte eller indirekte avhengig av bier. I dag står éin av tre bieartar, inkludert humler, i fare for å døy ut. Tap av leveområde, særleg kulturlandskap, men også gamle skogar, er blant trugslane.

Det er ikkje berre trist om villbier eller dei gamle skogane forsvinn. Det er frykteleg dyrt og usikkert. Sjå føre deg at du lever i ei verd der eit eple kostar ei dagsløn, fordi ein må handpollinere.

Ei verd der antibiotikaresistens gjer at vi står utan medisin mot blærekatarr og at arten med nøkkelen til medisinen er døydd ut. At det vert umogleg å teikna forsikring i område truga av flaum og ras – og den gamle skogen er borte.

Statsminister Jonas Gahr Støre erklærte seg nyforelska i skogen i haust, og me håpar det går over i eit livslangt kjærleiksforhold med djup kjennskap og respekt.

Med kunnskap om at skog er beredskap, vil han då prioritere skogen i revidert nasjonalbudsjett og i forslag til nasjonalbudsjett for 2026? Me vil be regjeringa prioritere daud ved, billelarver og bier, ein del av vår beredskap mot naturkrisa. At artar døyr ut og natur vert øydelagt vil endre samfunnet slik me kjenner det – me må investere for at det ikkje skal skje.

Å takke skogen for maten og for alt anna den gir oss, ved å verne meir av den, er eit viktig steg i riktig retning.

Publisert 18.04.2025, kl. 11.09

Read Entire Article