Å Energi er eit viktig selskap for kommunane og innbyggjarane i Agder. Det gjer at mange er engasjert. Sjølv har eg reist kritikk mot måten selskapet vert drifta og utvikla på.
Under overskrifta «Betimelige spørsmål og feilaktige påstander om Å Energi» kom kommunikasjonssjef Anders Skau den 20. januar med tilsvar til mitt debattinnlegg frå den 17. januar. Tilsvaret målber ei anna oppfatning av Å Energi enn det eg har. Det kan eg sjølvsagt tole. Men eg må likevel svare når debatten vert tåkelagt og eg vert tillagt synspunkt eg ikkje har.
Kommunikasjonssjef Skau skriv eg påstår at Å Energi er eit tapssluk. Det har eg aldri hevda. Derimot skreiv eg at investeringane i Otovo og Morrow har vorte tapssluk for selskapet. Det er to ganske ulike ting.
Skau skriv at Å Energi har ein solid økonomi og leverer rekordstort utbyte til eigarane. Historisk høge inntekter frå kjerneverksemda dei siste åra gjer at noko anna ville ha vore ein prestasjon. At han ynskjer å rette fokus på det positive framfor det negative, er ein naturleg menneskeleg respons. Men det endrar ikkje faktum.
Margit Dale
Å Energi kan nemleg ikkje tale seg bort frå at investeringane i Otovo og Morrow er tapssluk. Det står svart på kvitt i rekneskapen. I 2023 hadde Å Energi eit tap i Otovo på 162 millionar kroner og på 89 millionar kroner i Morrow. Samstundes tilførte Å Energi 268 millionar kroner til Otovo og 813 millionar kroner til Morrow. Tapa har vakse seg større sidan då. Dette er pengar dei kunne ha betalt som utbyte til eigarane eller investert i kjerneverksemda. No er dei skusla vekk.
I innlegget mitt hevda eg at Å Energi prøvar å «finte» ut ordførarane i eigarkommunane til ein aksept for å investere i vindkraft. Det er ikkje Skau samd i. Eg meiner det er hald i påstanden.
I fusjonsavtalen står det at Å Energi ikkje skal investere i «ny landsbasert vindkraft i Norge». I eigarstrategien vart dette skjerpa inn med ei forventning om at «at selskapet ikke involverer seg i vindkraft på land».
I Fædrelandsvennen den 13.01.25 står det at ordførarane i eigarkommunane har «fått utsendt et dokument hvor de skal svare ja eller nei på at Å Energi kan investere penger i eksisterende anlegg».
Skau meiner at dette berre er snakk om ei klargjering av «hvilken formulering» Å Energi skal halde seg til.
Eg oppfattar det som ei «finte» der Å Energi lokkar ordførarane til å svare før dei har fått drøfta spørsmålet i sine respektive kommunestyre. Etter mitt skjøn er det ganske enkelt slik at fram til ny eigarstrategi er vedteken, så er det den gamle som gjeld.
Eg har ved fleire høve søkt svar på kor mange nye stillingar Å Energi har etablert knytt til stabs- og støttefunksjonar, men utan å få svar. I tilsvaret skriv Skau at Å Energi har hatt ei auke på 11 årsverk som støttefunksjonar.
Aller først vil eg seie at eg set å pris på å endeleg få svar. Så vil eg leggje til at sjølv om 11 årsverk kan høyrast ut som ein bagatell i eit selskap med mange tilsette, så er det eit symptom på ei utvikling som går på tvers av fusjonens intensjon.
Skau skriv at Å Energi i dag har over 2000 tilsette om ein inkluderer kjøpet av Fredrikstad Energi. Det nykjøpte selskapet har 70 tilsette ifølgje heimesida. I årsmeldinga for 2023 skriv Å Energi at selskapet hadde 1368 tilsette ved fusjonen i 2022 og 1512 tilsette i 2023.
At selskapet får fleire tilsette i produksjonen er det sikkert gode grunner til. Men etter det eg kan sjå har òg selskapet etablert ein stad mellom 150 og 200 stillingar i administrasjonen. Det nøyaktige talet er eg likevel usikker på.
Når to store selskap fusjonerer har dei ofte dobbelt opp med stillingar innanfor ei rekke administrative område. Det gjer at stillingar, funksjonar og oppgåver må fordelast på nytt. I desse prosessane vert resultatet sjeldan ein betydeleg stillingsauke. Kvifor det etter alt å døme vart slik i Å Energi skal eg ikkje spekulere på.
Eg er heilt samd med Skau i at Å Energi har eit samfunnsoppdrag som vert stadig meir viktig. Dei offentlege eigarane har ei primærinteresse i at selskapet jobbar for å løyse dette oppdraget gjennom investering og utvikling i kjerneverksemda. Det er eigarstrategien tydeleg på.
I denne samanheng har både leiinga og eigarkommunane ei viktig rolle. Eigarane må vere aktive og syte for at selskapet utviklar seg i samsvar med samfunnets og eigaranes interesser, og leiinga må vere lydhøyre og lojale til eigaranes strategiar.
Mitt hovudpoeng i dette ordskiftet er at Å Energi trekk i ei retning som ikkje er tenleg for eigarkommunane. Det har eigarane god moglegheit til å gjere noko med i komande strategiprosess og eigarmøte.
I mitt førre debattinnlegg skreiv eg at Agder-kommunane har for små eigardelar i Å Energi vurdert opp mot dei verdiane dei har tilført selskapet. Dette har ikkje Skau kommentert noko på. Men i ettertid ser eg sjølv at eg på eitt punkt har formulert meg feil. I eit forsøk på å forenkle det kompliserte skreiv eg at leiinga i gamle Agder Energi «la til grunn ein differanse i den samla produksjonen på 5-10 %» i fusjonsforhandlingane.
Det eg meinte å formidle var at dei la til grunn at den oppnådde prisen på produksjonen i Agder Energi (NO2) skulle vere 5–10 prosent høgare enn i Glitre (NO1). Differansen i den oppnådde prisen er nok mykje høgare enn som så. Det er difor all mogleg grunn til å hevde at Agder-kommunane sine eigardelar i Å Energi er for små.