– Det er jo ein feil vi stort sett ser barn og uerfarne sjakkspelarar gjere. Eg er overraska over at den garva sjakkommentatoren vår kan gjere ein slik amatørtabbe, seier sjakkekspert i NRK, Kristoffer Gressli, med eit lite smil.
Torstein Bae har vore sjølve stemma av NRKs sjakksendingar i ei årrekke, som kommentator og ekspert.
Men sjølv for Bae kan det iblant gå litt fort i svingane.
– Eg har ikkje noko anna å gjere, her må eg legge meg paddeflat, seier Bae sjølv, også han med eit smil om munnen.
TABBA SEG UT: Torstein Bae.
Foto: Erik Johansen / NTBVisste ikkje om tabben
Det var under eit lynsjakkmaraton i Vestby 1. mai at uhellet var ute for Bae. Like etter starten på den andre runden gjorde Bae trekket sitt.
Deretter strakk han seg for å slå på klokka. Problemet var berre at han slo på klokka til den engelske stormeisteren David Howell, som sat ved sida av han.
Dermed fortsette klokka til Bae å tikke. Det same gjorde da klokka til Howells motstandar, Peder Aamodt, som oppdaga det heile etter nokre sekund.
Howell og Aamodt såg på kvarandre spørjande, i stuss over kva som eigentleg hadde skjedd, før dei fortsette å spele vidare.
Bae sjølv hadde ikkje fått med seg hendinga før TakeTakeTake la ut ein video av hendinga på sosiale medium torsdag.
– Det var ingen som sa det til meg, så eg såg det første gongen da nokon plutseleg la det ut på Instagram og tagga meg. Da skjønte eg plutseleg tabben min, som jo også var litt å sabotere for meg sjølv, seier Bae.
Også under Holmenkollstafetten for to år sidan gjekk det litt fort i svingane for Bae:
Sjakkekspert Torstein Bae forklarer kor god plan dei har lagt for vekslinga i Holmenkollstafetten, men gløymer lagkameraten mens han blir intervjua.
Håpar det ikkje kjem fleire videoar
Både Bae og Gressli peikar på at spelarane sat forholdsvis trongt som ein grunn til Baes tabbe.
– Det som er litt ironisk er at Torstein er venstrehendt, så han har jo også klokka på rett hand. Det er muskelminnet som tar over, for i lynsjakk har du berre tida av vegen, så du slår på klokka som du alltid gjer. Det er ein forståeleg tabbe, men du ser veldig sjeldan ein spelar av Torsteins kaliber gjere ein slik barneskirenn-tabbe, seier Gressli.
EKSPERT: Kristoffer Gressli.
Foto: Jørund Wessel Carlsen– Eg har inntrykk av at det er mange som synest det er veldig morosamt å sjå ein sånn tabbe. Og det er jo litt uvanleg, seier Bae.
Videoen er allereie den mest likte videoen på Reddit-sida r/chess den siste veka, ein kanal med 1,7 millionar medlemmer, og har fleire hundretusen visningar på sosiale medium.
– Har du gjort noko liknande sjølv tidlegare?
– Nei, det er det eg begynner å lure på nå, om det kjem mange slike videoar som viser at eg gjer det eigentleg meir eller mindre heile tida. Men foreløpig er eg ikkje kjent med at dette er ein slags modus operandi for meg, så eg håpar at det er nokså sjeldan eg gjer denne tabben, seier Bae.
– Eg er trass alt internasjonal meister og burde ha 40 års rutine som gjer at eg ikkje treng å trykke på feil klokke under eit turneringsparti. Men der kan ein sjå, det er tydelegvis sånn i sjakken at ein blir aldri utlært, seier Bae.
– Nå må du halde fingrane av fatet
Grassli er også sjakkdommar. På spørsmål om kva han som sjakkdommar ville gjort om han så hendinga, seier han:
– Eg ville berre stilt klokka til Peder og gitt han tilbake den tida, og så sagd til Torstein at nå må du passe på at du ikkje gjer dette, og dersom det skjer fleire gonger, så kan det hende at eg gir ei tidsstraff.
– Normalt når det er noko som skjer, så er det ei ulempe for motstandaren din. Da får motstandaren ekstra tid. Men i denne situasjonen er det jo ikkje motstandaren. Eg ville gitt ein liten peikefinger til Torstein og sagt at nå må du halde fingrane av fatet, seier Gressli.
Bae avsluttar sjølv:
– Eg får beklage til alle som blei uskuldig ramma i Vestby på 1. mai.
PS! David Howell vann sjølve turneringa med 27 av 30 poeng. For Bae gjekk det tungt i siste halvdel og han enda på niandeplass med 17,5 poeng.
Fikk fem kampers karantene for dette 00:41
Publisert 09.05.2025, kl. 12.46 Oppdatert 09.05.2025, kl. 12.51