Swift støttar Harris

1 week ago 9



– Som mange av dykk, såg eg på debatten i kveld, startar superstjerna sitt innlegg og skriv vidare:

– Eg kjem til å stemme på Kamala Harris og Tim Walz i presidentvalet i 2024.

Det skriv ho på Instagram, der ho har 283 millionar følgjarar. Innlegget er likt av over 5 millionar menneske.

Stor påverkingskraft

Uttalen kjem etter debatten mellom presidentkandidatane Kamala Harris og Donald Trump natt til onsdag.

– Eg stemmer på Harris fordi ho kjempar for dei rettane og dei sakene eg trur treng ein krigar til å kjempe for seg. Eg trur ho er stødig og evnerik leiar. Og eg trur vi kan oppnå så mykje meir i dette landet viss vi blir leidde på ein roleg måte, ikkje med kaos, skriv ho.

I tillegg oppmodar ho unge amerikanarar til å registrere seg til å stemme.

Sjølv om alle amerikanske statsborgarar over 18 år har stemmerett, må dei registrere seg som «veljar» for å kunne stemme.

Oppmodinga om å registrere seg til å stemme har ho òg gjort tidlegare. Vote.org som jobbar med veljarregistrering meldte då at dei opplevde auka trafikk.

Swifts post inneholder et bilde av artisten med en katt, og hun har signert posten med «barnløs kattekvinne». Noe som referer til Trumps visepresidentkandidat JD Vance sin kommentar om at Harris var en trist, barnløs kattekvinne.

Den verdskjende superstjerna braut tausheita om den noverande tilstanden i amerikansk politikk den 10. september 2024, og uttrykte støtte til Harris over Donald Trump i kampen om Det kvite hus. Ho kalla den demokratiske kandidaten ein «stødig og talentfull leiar.»

Foto: INSTAGRAM/TAYLOR SWIFT

Swifts post inneheld eit bilete av artisten med ein katt, og ho har signert posten med «barnlaus kattekvinne».

Det refererer til Trumps visepresidentkandidat JD Vance sin kommentar om at Harris var ein trist, barnlaus kattekvinne.

34-åringen har som ein av verdas største artistar, ein stor påverknadskraft hjå unge kvinner. Dei er ein viktig veljargruppe for presidentkandidatane.

Hennar tilhengjarar som vert kalla for «Swifties» er kjente for å vere lojale.

Mange av dei har allereie organisert seg under «Swifties for Kamala» på ulike sosiale medium.

den siste turneen «Eras Tour» selde ho billettar for over 1 milliard dollar.

Har støtta demokratane tidlegare

Swift vore taus om kven ho støttar presidentvalkampen fram til no. Ho skriv at KI-biletet som vart spreia av ho, der ho tilsynelatande støtta Donald Trump, har gjort at ho ikkje lenger vil vere taus.

Bilete vart publisert på Trump sitt eige sosiale medium, Truth Social, med teksten «Taylor Swift vil at du skal stemme på Donald Trump».

Kvinne med lyst hår som står framfor MTV-plakat.

Swift på MTV Video Music Awards i fjor.

Foto: ANGELA WEISS / AFP

Dette er ikkje den fyrste gong Swift har gjeve si støtte til ein kandidat frå Det demokratiske parti. For fire år sidan gav ho si støtte til dåverande presidentkandidat Joe Biden. Ho har òg støtta mellom anna den demokratiske senatoren frå heimstaten sin Tennessee.

Swift har vore kritisk til Trump som ho meiner har fyra opp under rasisme og kvit nasjonalisme.

Publisert 11.09.2024, kl. 08.10 Oppdatert 11.09.2024, kl. 08.31

Read Entire Article