Anders M. Andersen
Nedstrand
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
DEBATT: Fleirtalet i eit kommunalt utval i Strand har kome med drastisk språkpolitisk utspel. Levekårsutvalet vil ha vekk nynorskklassar og vil samla elevar med bokmål og nynorsk i same klasse. Det er ulovleg.
Eigen klasse med bokmål eller nynorsk er lovfesta rett når foreldre til minst 10 elevar ber om det. Denne retten gjeld for alle og for begge målformer. Ein kommune kan ikkje ta frå folk denne demokratiske retten. Skifte av skulemål forandrar ingen ting av dette. Parallellklassar er og blir foreldra si sak. Folkerøysting for å få vekk parallellklassar vil difor ha lite for seg.
Klassane på Tau og Jørpeland kostar pengar, seier Levekårsutvalet.
Ja visst. Alle rettar kostar. Det er difor dei er lovfesta. Retten til språk er eit viktig livsvilkår. Påstandar om spesielle grunnar folk har som vel nynorsk, er ikkje anna enn luftige spekulasjonar. Foreldre vel bokmål eller nynorsk ut frå eigne grunnar og vurderingar, og er i sin gode rett når dei gjer det.
Dette har skulen og kommunen ingen rett til å blanda seg inn i og føra kamp mot.
Publisert:
Publisert: 14. juni 2025 14:11