Øyvind Wigestrand
På vegner av interimsstyret i Bevar Økstrafjorden
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
DEBATT: Mibau Stema Jelsa – Europas største pukkverk – har over tid hatt drift der styresmaktene har peika på brot på vilkår.
No står verksemda på terskelen til å utvide inn i eit nytt, sårbart naturområde – samstundes som Statsforvaltaren har sendt varsel om pålegg, tvangsmulkt og mogleg stans i drift, fordi oppdatert støykartlegging viser overskridingar av grenseverdiane og mangelfull kartlegging.
Varselet handlar om meir enn støy – det handlar om tillit.
Statsforvaltaren viser til 22 klager i 2025 og 28 klager i 2024. Men det mest tankevekkjande er presiseringa deira om at varsla ofte gjeld fleire dagar eller veker – slik at talet på dagar med sjenerande støy truleg er betydeleg høgare enn dei 50 varsla kan gi inntrykk av. Det som er rapportert, kan vere toppen av isfjellet.
Varsla brot – uendra drift
Statsforvaltaren peikar på at ei oppdatert støykartlegging i april 2025 viste brot, utan at drifta er endra – og kallar dette eit alvorleg avvik.
- Kva seier det om driftskulturen når brot blir varsla og dokumenterte – og drifta likevel ikkje blir lagt om?
- Kva verdi har vilkår på papiret dersom dei ikkje styrer i praksis?
- Korleis kan planmyndigheit og lokalsamfunn ha tillit til at dette blir betre i eit nytt uttaksområde, når det ikkje blir handtert godt nok i dagens brot?
Dersom verksemda faktisk gjer alt dei kan og likevel ikkje klarer å halde seg innanfor vilkåra, er det urovekkjande. Då er drifta ikkje robust nok. Dersom verksemda ikkje gjer alt ho kan, men vel driftsmønster som pressar og går utover grensene, er det endå meir alvorleg. Då er det ikkje evna som sviktar, men vilje og prioriteringar.
Dersom forvaltinga og kommunen vel å gå vidare med utvidingsplanane no, gjer dei det med bind for augo. Berre dokumentert etterleving over tid er godt nok.
Varselet står ikkje åleine
Ein kan ikkje sjå varselet isolert. Lokalsamfunnet har over tid meldt inn fleire ulovlege og urovekkjande forhold ved drifta – utover støy. Vi går ikkje inn i detaljar her, men kva seier det om risikoen ved å gi endå større handlingsrom i eit særleg sårbart område – i eit 80–100 – års perspektiv – når bedrifta over tid har vist at ho ikkje respekterer og held seg til føresetnadene for konsesjonen?
Før nye planar får grønt lys, må verksemda vise – i praksis og over tid – at ho kan drive innanfor reglar og lovverk. Med målingar, open dokumentasjon, tydeleg eigenrapportering og faktiske endringar i drifta når avvik blir påpeika.
I møte med sårbar natur og drift i generasjonar må verksemda gjere seg verdig tillit. Tillit kan ikkje vedtakast
Publisert:
Publisert: 21. desember 2025 12:34

3 hours ago
4












English (US)