Stortinget vil at bøndene skal selje meir alkohol

6 hours ago 5



Den nye marsjordren frå Stortinget kjem på toppen av lovendringa i 2016 som gav bønder høve til å selje eigne sider- og mjødprodukt med opptil 22 % alkohol.

Eit forslag frå Framstegspartiet om å innføre ein «meir fornuftig og næringsvennleg» alkoholregulering «etter svensk modell», blei nedstemt.

Frå neste år kan bønder i Sverige selje brennevin og annan gjæra drikke frå eigne gardsutsal – utan krav om at dei sjølv produserer råvarene.

EU-kommisjonen tar stilling til det svenske forslaget 18. januar.

– Vi blir litt meir like resten av Europa, sa Sveriges statsminister Ulf Kristersson (M) da han la fram den nye lova.

I Noreg har alkoholpolitikken tradisjonelt vore meir rigid, og samarbeidsorganet til rusfeltet Actis har åtvara om at presset frå bøndene «set næringsomsyn framfor folkehelsetilsyn, vatnar ut norsk alkoholpolitikk og truar eksistensen til Vinmonopolet».

Vi er skuffa over at dei to regjeringspartia som har stått støtt i forsvaret av ein ansvarleg alkoholpolitikk, nå fremjar eit forslag som set næringsinteresser framfor folkehelsa, seier Inger Lise Hansen, generalsekretær i Actis, til NRK.

Liknande høyringsinnspel har komme frå Nasjonalforeininga for folkehelsa.

Ulf Kristersson

– Sverige blir litt meir likte resten av Europa, seier Sveriges statsminister Ulf Kristersson (M).

Foto: JONAS EKSTROMER / AFP

– Hovudproblemet er Oslo, ikkje Brussel

I tillegg til å navigere i grenselandet mellom «reklame» og «informasjon» – og i tråd med vinmonopolordninga – må regjeringa finne ein farbar veg som ikkje kolliderer med EØS-regelverket.

I utgangspunktet er det ikkje lov å gi konkurransefordelar til nokre (norske) alkoholprodusentar, og ikkje til andre (utanlandske).

Oppmjukinga i 2016 hadde den «fordelen» at eplesider og mjød ikkje er med i EØS-avtalen.

Berre Venstre og éin av MDG-representantane stemte for Frp-forslaget om å kopiere den svenske modellen.

Den svenske modellen gir ei god innramming. Eg trur ærleg talt hovudproblemet her er byråkratane i Oslo, ikkje byråkratane i Brussel, seier stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo.

Bondesonen frå Nordfjord har etterlyst meir nytenking i landbruket og karakteriserer det som «ei sjølvfølge» at vin-, øl- og spritbønder får same moglegheit som sider-bøndene.

Det er nesten komisk når Sp og Ap skyv EU framfor seg i denne saka. Nesten kvar som helst du reiser ellast i Europa er dette lov, seier han.

  • Erlend Vagnild Fuglum, direktør i Bryggeri- og drikkevareforeningen.

    Fartein Rudjord

    Erlend Vagnild Fuglum, direktør i Bryggeri- og drikkevareforeningen

    Stortingsvedtaket om «gardsutsal» kan vise seg å bli ein merkedag for mangfaldet i bryggeribransjen. Det er eit sterkt og positivt signal når eit så breitt stortingsfleirtal stiller seg bak forslaget. Regjeringa sa i Hurdalsplattformen at dei vil «legge til rette for gardssal av lokalprodusert alkohol». Nå gir Stortinget regjeringa både ryggdekning og marsjordre i saka

  • Inger Lise Hansen, generalsekretær i Actis

    Skjalg B�hmer Vold / NRK

    Inger Lise Hansen, generalsekretær i Actis

    Ønsker vi eit sterkt vinmonopol, må politikken reflektere dette og ikkje motsett. Da er det meiningslaust å greie ut gardsutsal av alkohol. Vi er skuffa over at dei to regjeringspartia som har stått støtt i forsvaret av ein ansvarleg alkoholpolitikk, nå fremjar eit forslag som set næringsinteresser framfor folkehelsa. Dersom vi ønsker å bevare eit sterkt Vinmonopol, må politikken reflektere dette.

  • Rune Støstad, AP

    Frode Fjerdingstad / NRK/Frode Fjerdingstad

    Rune Støstad, næringspolitisk talsperson i Arbeidarpartiet

    Å tillate gardssal handlar ikkje om å svekke den trygge alkoholpolitikken vår, men om å gi bønder og lokalsamfunn nye moglegheiter for verdiskaping og vekst. Dette vil styrke reiselivet, gi moglegheiter for arbeidsplassar og bygge stoltheit rundt lokale produkt. Samtidig skal vi vareta Vinmonopolet si rolle og ein forsvarleg alkoholpolitikk.

  • Olaug Bollestad,

    William Jobling / NRK

    Olaug Bollestad, helsepolitisk talsperson i KrF

    Vi er tydeleg mot ei liberalisering av alkohollova. For KrF er ikkje alkoholpolitikk primært næringspolitikk, men helsepolitikk. For oss er det viktigaste å verne dei sårbare. KrFs alkoholpolitikk tar utgangspunkt i det vi veit av kva skadeverknader alkohol kan ha for enkeltmenneske og for samfunnet. Derfor vil alltid KrFs alkoholpolitikk førast i solidaritet med dei som slit med alkohol.

  • Randi Kiil

    NRK

    Randi Kiil, kommunikasjonssjef i Nasjonalforeininga for folkehelsa

    Vi vil be politikarane tenke seg nøye om før dei gjer noko som truar monopolordninga, som i tillegg til å vere svært populær, er eit av dei viktigaste verkemidla vi har for å verne folkehelsa mot skadar frå alkohol. Endringar som blir gjennomførte av nærings- eller forbrukaromsyn, slik vi ser det argumenterast for her, kan i seg sjølv undergrave monopolordninga.

  • Tor Jacob Solberg

    Stian Lysberg Solum / NTB

    Tor Jacob Solberg, leiar i Norsk Bonde- og Småbrukarlag

    Vi er veldig positive til endringar som gjer det mogleg å selje vin som gardane har produsert sjølv frå norske gardar. Det vil føre til at bonden sit igjen med ein større del av verdiskapinga, og at det blir større mangfald av lokalprodusert mat og drikke til glede for norske forbrukarar.

  • Bernt Bucher-Johannessen

    NRK

    Bernt Bucher-Johannessen, dagleg leier i næringsorganisasjonen HANEN – for gardsmat og bygdeturisme

    Gardssalet har skapt ny vitalitet og har ikkje gått ut over Vinmonopolet. Dei har heller lagt til rette for auka sal av norsk sider og fruktvin på ein god måte. Vinmonopolet i Odda er ein av dei butikkane som sel mest norsk sider. Norsk sider i taxfreebutikkane på Gardermoen og Flesland bidrar til at auka sal for norske siderbønder og gjer at utlendingar kan ta med seg smakfulle minne frå Noreg.

  • Helene Frihammer

    NRK

    Helene Frihammer, regiondirektør, NHO Vestlandet

    Det er positivt å få ei avklaring på handlingsrommet når det gjeld sal av sterkøl, vin og brennevin frå eigne gardsutsalg. Det er samsundes viktig at ei eventuell liberalisering ikkje truar Vinmonopolet si rolle, slik som også Stortinget har satt som forutsetning. Bryggeria, og særlig dei små bryggeria, er svært opptatt av moglegheita til å kunne selge sterkøl direkte til folk som besøker dei.

  • Liv Marie Bendheim

    Sverre-Holm Nilsen

    Liv Marie Bendheim, dagleg leiar i Juvente

    Noreg har ein restriktiv alkoholpolitikk fordi vi veit at det vernar mot skadar og sparer samfunnet for store kostnader. Vinmonopolet er ein av berebjelkane i norsk alkoholpolitikk og har vist seg å vere eit effektivt tiltak for å redusere skadane frå alkohol. Sjølv små liberaliseringar, som utvida gardssal, kan svekke den nasjonale kontrollen over alkoholomsetning.

  • Siv Mossleth

    William Jobling / NRK

    Siv Mossleth, stortingsrepresentant for Senterpartiet

    Norske bønder skal kunne selje lokalprodusert alkohol gjennom gardsutsal. Men det er klokt å finne ut korleis det best kan gjerast utan å utfordre Vinmonopolet. Kan vi finne ei løysing som gjer at gardsutsal kan ha ein liten filial gjennom Vinmonopolet? Vinmonopolet er ein viktig aktør, som klarer å kombinere behovet til kundane med restriktiv alkoholpolitikk.

  • et portrettbilde av Erlend Svardal Bøe. Han er stortingsrepresentant frå Høgre.

    Hans Kristian Thorbjørnsen

    Erlend Svardal Bøe, stortingsrepresentant for Høgre

    Vi er for å utvide moglegheita lokale produsentar har til å selje varene sine til besøkande, både gardar som i dag, men også bryggeri og destilleri. Dette er aktørar som bidrar til viktige arbeidsplassar i distrikta, men som også varetar norsk mat- og drikkekultur. Høgre vil også gjere noko med den håplause praktiseringa av alkoholreklamelova, og har foreslått ei heilskapleg modernisering av den.

  • Mann i dress ser i kameraet.

    Javad Parsa / NTB

    Alfred Bjørlo, stortingsrepresentant for Venstre

    Eg synst det er fantastisk bra at mange bønder no satsar på meir mangfald og nye høgkvalitetsprodukt som kan seljast over heile verda. Det må vi heie fram og støtte opp under! Erfaringane med sal av sider frå gard, som Venstre var ein pådrivar for, er utelukkande positive. No er tida inne for å utvide dette regelverket.

La folk kjøpe med seg ei flaske heim, som i Frankrike

Helsepolitisk talsperson i Framstegspartiet, Bård Hoksrud, seier regjeringa «må tore» å utfordre Brussel, og at helse- og næringseffektane «må sjåast i samanheng».

Det er ikkje her ein løyser dei alkoholpolitiske utfordringane, seier han.

Frp Landsmøte

Bård Hoksrud drøymer om «franske tilstandar»: – Norske bønder kan tilby natur- og smaksopplevingar, og la folk kjøpe med seg ei flaske heim. Akkurat som norske turistar gjer i Frankrike. Det bør vere mogleg for bøndene våre å drive næringsverksemd på same måte.

Foto: Terje Haugnes / NRK

Vedtaket om å «styrke inntektsmoglegheitene til bøndene» er sendt til regjeringa, som i Hurdalsplattformen lover at dei vil føre ein «restriktiv alkoholpolitikk» og «ta vare på Vinmonopolet».

Stortingsrepresentant for Høgre, Erlend Svardal Bøe, deler målet om at «fleire norske gründerar får lov til å selje produkta sine», men tar atterhald om at den svenske modellen går for langt.

Det er mykje som er bra i den svenske modellen, men det blir heilt feil at vi berre skal kopiere han utan å gjere tilpassingar til norske forhold.

I Sverige er volumet som er lov til å selje direkte ut frå salsstaden mykje større enn i Noreg, og det er heilt opplagt at det kjem til å utfordre Vinmonopolet si rolle.

Jonas Gahr Støre

Då Jonas Gahr Støre var helseminister, tok han eit oppgjer med norsk drikkekultur, som han omtalte som «elefanten i rommet». Han forklarte at han tidlegare assosierte alkohol med å ta eit glas vin på terrassen, men at han i rolla som helseminister hadde vorte meir merksam på nedsida og hadde respondert med å bli delvis fråhaldsmann.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Publisert 22.12.2024, kl. 10.59

Read Entire Article