Den nye straumstøtteordninga for norske hushald skal vere på plass frå 1. oktober, men foreløpig kan Arbeidarpartiet berre rekne med støtte frå Raudt når Stortinget skal stemme over skjebnen til «noregspris» 16. juni.
I mellomtida blåser det opp til full strid eit hemmeleg og segnomspunne notat som regjeringa held tett til brystet.
I eit brev til stortingspresident Masud Gharahkhani krev Høgre å få sjå notatet som gir regjeringa alibi for at noregspris ikkje kolliderer med EØS-avtalen.
Andre juristar har konkludert med at den nye straumstøtteordninga er «ei tikkande EØS-bombe», og ei rekke aviser og folkevalde har derfor bede om innsyn i det såkalla Wiersholm-notatet.
Men utan hell.
Regjeringa nektar å vise fram notat som friskmelder noregspris. Nå blir jakta på det mystiske notatet intensivert.
Foto: NRKRegjeringa seier nei
I avslaga viser Energidepartementet til paragraf 15 i offentleglova, som handlar om dokument som er henta utanfrå for å førebu saker.
Departementet har også vurdert meiroffentlegheit, men konklusjonen er den same:
Notatet frå advokatfirmaet Wiersholm er eit «arbeidsdokument» til «intern» bruk.
Altså at ingen uvedkommande får sjå kva som står i dokumentet.
Sjå svar frå energiminister Terje Aasland lengre ned.
Har klaga avslaget inn til Sivilombodet
Appellen om at stortingspresidenten må kome på banen er kulmineringa av ei skattejakt som har gått føre seg heilt sidan Wiersholm-notatet første gong blei nemnd i NRK-saka om den påståtte «EØS-bomba».
Sidan har både journalistar og folkevalde spurt om å få sjå notatet, men utan å komme nokon veg.
Energiavisa Energiwatch har klaga avslaget inn til Sivilombodet, og tidlegare i juni karakteriserte opposisjonen på Stortinget det som «oppsiktsvekkande at statsråden nektar å gi innsyn i det regjeringa har lagt til grunn i argumentasjonen sin».
«Vi har lagt fram det som er relevant frå departementets side i proposisjonen til Stortinget, og den meiner eg er godt grunngitt», seier energiminister Terje Aasland til avisa Energiteknikk.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB– Veldig rart og uheldig at det ikkje blir gitt innsyn
Nå håpar Høgre-representant Bård Ludvig Thorheim at stortingspresidenten tvingar notatet ut i ope lende.
– Vi er leie av hemmeleghaldet rundt noregspris, seier han.
– Vi ber derfor om at energiministeren legg fram all korrespondanse mellom regjeringa og Wiersholm. Med mindre regjeringa har noko å skjule, bør det vere uproblematisk at Stortinget får den informasjonen.
NRK har vore i kontakt med fleire ekspertar på offentlegheitsrett som stussar på at departementet insisterer på å halde korta så tett til brystet. Sjå under.
Norsk Presseforbund
Sindre Granly Meldalen, Norsk Presseforbund
Det er veldig rart – og uheldig – at det ikkje blir gitt meirinnsyn i dokumentet. Det er openbert stor offentleg interesse i det, og det er vanskeleg å sjå kvifor det er nødvendig å framleis halde det hemmeleg når lovproposisjonen om dette er lagt fram. Eg har sett eit av desse avslaga, og der var meirinnsynsvurderinga knapp og lite konkret.
Tarjei Leer-Salvesen, ekspert på offentlegheitsrett
Med kjennskapen min til saka, er det mogleg å gjere unntak for dette notatet eller delar av det frå innsyn. Lova stiller likevel opp eit krav om ei meirinnsynsvurdering. Ein skal vege omsynet til «konkret skade» om innhaldet blir kjent opp mot verdien informasjonen har for å opplyse den offentlege samtalen. Interessa for dette temaet er stor i samfunnet nå, og det bør vege tungt.
NRK
Tore Strandskog, næringspolitisk direktør i NHO Elektro
Kunnskap om verknadene er viktig i ei så inngripande sak som innføring av Norgespris. Vi har heile tida sagt at saka må opplysast og greiast ut godt. Vi meiner det er nå er spesielt viktig at alt relevant regjeringa har fått produsert kjem fram før Stortinget skal konkludere om lovproposisjonen.
Clemens Kerle, Cms Kluge Advokatfirma
Åtvaringane frå fleire marknader dei siste vekene, der det blir peika på tydelege og direkte konsekvensar av Norgespris, understrekar risikoen regjeringa spring opp mot EØS-regelverket. Da er det ekstra viktig å sjå korleis dei faktisk har vurdert dette. Eg trur alle tener på ein open debatt om dei juridiske vurderingane her.
Frode Fjerdingstad / NRK
Bård Ludvig Thorheim, energipolitiske talsperson i Høgre
Vi har sett oss lei av hemmeleghaldet rundt Norgespris. Ikkje berre vil Norgespris gi auka kostnadar for folk, men nå strir det potensielt også med EØS-avtalen. Viss regjeringa har visst dette og likevel held tilbake den informasjonen frå Stortinget, er det alvorleg.
Kjartan Rørslett
Bård Baardsen, Norsk Varmepumpeforening (Novap)
Departementet bør kunne gi ei god grunngiving for kvifor desse dokumenta ikkje har blitt journalførte i ei sak med stor offentleg interesse – særleg når det er retta velgrunna kritikk mot manglande utgreiing. Når saka i tillegg skal hastebehandlast i Stortinget, utanfor normale prosedyrar, styrker det behovet for å gi både stortingsrepresentantar og offentlegheita innsyn i utgreiinga.
NRK
Thor Egil Braadland, Fornybar Noreg
Vår største bekymring med noregspris er ikkje EØS-avtalen, men at regjeringa løyser eitt problem for forbrukaren, og samtidig skaper fleire nye. Det er i praksis ei ordning der staten blar opp milliardar for å gjere energieffektivisering, fjernvarme og solkraft mindre lønnsamt for forbrukaren, og gjer straumen dyrare for næringslivet.
– Departementet er truleg på syltynn is
Ansvarleg redaktør i Energiteknikk, Trygve Mellvang Tomren-Berg, karakteriserer det som «rart» og «spesielt» at energidepartementet ikkje er meir førekommande.
– Det er vanskeleg å forstå kva dei har å vinne på dette, med mindre departementet aktivt ønsker å skjule vurderingar som kan rokke ved deira eigen konklusjon, seier han.
Han gjer også eit poeng av korrespondansen med Wiersholm først blei journalført i ettertid.
Arne Jensen i Norsk Redaktørforening meiner argumenta for meiroffentlegheit er «svært sterke» og at departementet truleg er på «syltynn is» juridisk sett (sjå heile resonnementet under).
Han legg til:
– Noko anna er at dette jo er politisk omstridd og av stor offentleg interesse. Berre av den grunn burde viljen til å gi innsyn vore til stades.
– Dessverre ser vi enda ein gong at vakre ord om det opne samfunn berre rekk til det punktet at offentlegheitsprinsippet kan skape politisk ubehag.
På oppløpssida har den nye straumstøtteordninga til regjeringa støytt på eit nytt problem: Ho kan vere «ei tikkande EØS-bombe».
Publisert 15.06.2025, kl. 06.31