Stort snøskred i Balsfjord – fjerde skred i Troms på kort tid

5 days ago 5



SISTE: Det har gått eit stort snøskred på Markenestindan i Balsfjord. Det er uklart om nokon er tekne. Det er sendt to helikopter, politi og frivillige til staden.

Ifølge politiet er det observert spor inn i skredet.

– Vi har trykka på alle knappane og sendt ut alt vi har, seier operasjonsleiar Robin Lindberg i Troms politidistrikt til NRK.

En snødekt fjellkjede

Redningshelikopter på veg til snøskredet i Markenestindan i Balsfjord.

Foto: Privat / NRK

Meldinga politiet har fått kjem frå nokon som har observert skredet frå avstand.

Dei beskriv det som stort.

– Dei skal ha sagt at heile fjellsida var rast ut, seier Lindberg.

Skredet skal ha gått ved Markenestindan i Balsfjord.

Politiet kjem med åtvaring

– Vi forventar at det kjem fleire skred, så derfor har vi gått ut og bedt alle om å vere forsiktige, og gjere gode vurderingar før dei ferdast i fjellet, seier Lindberg.

Det har vore ein hektisk ettermiddag for naudetatar og redningsmannskap i Troms.

På kort tid har det gått fire snøskred i Troms.

Tidlegare onsdag gjekk skredvarslinga Varsom ut og åtvara om aukande snøskredfare i heile Noreg.

– Det er betydeleg snøskredfare i Troms, og på berre nokre timar har vi hatt tre snøskred. Dei har gått på stader der det er skikøyrarar. Det er kjende trasear opp på toppane, seier Lindberg i Troms politidistrikt.

Utanlandsk skikøyrar fekk hjelp

Like etter kl. 15 gjekk det skred på Bentsjordtinden i Tromsø. Ingen vart tekne av skredet.

Det var meldt om spor inn i snøskredet, og åtte personar vart observerte i området.

Fjellet ligg på Malangshalvøya i Tromsø kommune.

Bilde av Bentsjordtinden viser flere små snøskred fra tidligere onsdag.

På Bentsjordtinden gjekk det fleire små snøskred tidlegare onsdag, før skredet naudetatane rykte ut på.

Foto: Regobs

Ørjan Delbekk er redningsleiar i Hovudredningssentralen (HRS). Han opplyser at dei onsdag ettermiddag har bistått ein utanlandsk skikøyrar som hadde skada seg på Bentsjordtinden.

Ulukka skjedde i det same området som skredet gjekk. Det var redningshelikopter i området for å undersøke skredet då dei fekk melding om skikøyraren som var skadd.

– Han hadde stått på ski, ramla og skada seg. Det er mykje folk i området, så han fekk hjelp av nokre norske som køyrde forbi med å ringe til oss, seier han.

Skikøyraren vart sendt til legevakta for helsehjelp.

– Det er ein del folk ute i terrenget no, på alle fjelltoppane i Tromsø. Og det har gått ein del skred, men det er ingen indikasjonar på at nokon er tekne, seier Delbekk.

Observerte skiløparar nær skred

Like før kl. 17 gjekk det eit skred på Lakselvtindan i Tromsø.

Helikopter har vore i området. Dei har observert fire skiløparar på fjelltoppen. Aksjonen er no avslutta.

– Vi mistenker ikkje at nokon er tekne i dette skredet, opplyser Lindberg i Troms politidistrikt.

Dei fire personane vart observert mellom klokka 14 og 14.30 onsdag ettermiddag.

Middagstinden på Kvaløya gjekk det eit snøskred like før kl. 13.30 onsdag ettermiddag. Fjellet er eit populært turmål. Heller ikkje der vart personar tekne av skredet.

Publisert 16.04.2025, kl. 16.54 Oppdatert 16.04.2025, kl. 19.30

Read Entire Article