Støre i nyttårstala: – No tar me Høgblokka tilbake

2 hours ago 1



Statsministerens nyttårstale er ein årleg tradisjon.

Sjølv om statsministrar og dei faktiske orda vert bytte ut, har talene ofte fleire fellestrekk. Dei handlar gjerne om fellesskap, om kva Noreg er og kva Noreg treng.

Lenge vart dessutan tala halden meir eller mindre same stad også: på Statsministerens kontor i regjeringskvartalet.

Det endra seg i 2011. Terroråtaket 22. juli tok livet av 77 menneske, 8 av dei i regjeringskvartalet. Heile området vart dessutan øydelagd.

Medan gjenoppbygginga har gått føre seg, har tala vore halden i statsministerbustaden.

Nyttårstala 2026 er dermed den fyrste på 15 år frå regjeringskvartalet.

– I kveld er eg i Høgblokka, midt i regjeringskvartalet i Oslo, opnar statsminister Jonas Gahr Støre (Ap).

Bygninger i moderne stil dominerer bildet, sammen med en kran som peker opp mot himmelen. Omgivelsene er preget av en stor tomt med steinlagte flater og trær i nærheten. Det er svakt lys fra vinduene, som skaper en kontrast mot den mørke, skyete himmelen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Fyrste del av det nye regjeringskvartalet står klart til innflytting.

Foto: Hilde Frøisland Dronepilot/Jon Krosby

Støre: Eit symbol på demokrati

Arbeidet med nytt regjeringskvartal har gått føre seg i fleire år.

– Frå før av har AUF tatt Utøya tilbake. No tar me Høgblokka tilbake, bygget frå 1958 er reparert og gjenoppbygd, seier Støre.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) taler til folket.

Han held fram med å skildra bygget som eit symbol på demokrati og fellesskap.

– Men 22. juli 2011 vart denne bygninga også eit symbol på smerte og tap for heile nasjonen, seier han.

Til NRK seier han at det var eit kjenslefylt gjensyn med Høgblokka då han og andre var på synfaring der.

– I haust fekk eg sjå at Høgblokka var reparert og gjenoppbygd, klar for å ta imot mange av dei som er på jobb for demokratiet. Det var sterkt. Tanken om å spela inn nyttårstalen i Høgblokka kom då eg gjekk rundt i gangane der.

Ved nyttår var fyrste del av bygginga ferdig. I 2026 flyttar statstilsette inn i tre av bygga: A-blokka, Høgblokka og D-blokka.

– Noreg har eit ope demokrati. Difor har me lagt vekt på at me framleis skal ha eit ope regjeringskvartal. Der det er park og møteplassar for alle, og ein minnestad, seier Støre i tala.

Heile regjeringskvartalet er ferdig fyrst i 2029. Prosjektet låg opphavleg an til å kosta 36,5 milliardar kroner ifølge ein ekstern rapport.

Prislappen endar truleg på over 53 milliardar kroner.

– Større alvor i verda

Statsministeren går vidare til å snakka om tryggleik.

– I fjor fekk eg eit brev frå elevar i 5. klasse på Isfjorden skule i Møre og Romsdal. Dei spurde: «Er det fare for krig i Noreg?». Eg forstår at det spørsmålet vert stilt. Det er eit større alvor i verda. Det er krig i Europa.

Portrett av Jonas Gahr Støre i dress

– No tar me Høgblokka tilbake, seier Støre mellom anna i tala.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Støre seier at me må vera førebudde på at Noreg kan verta råka av krig, men understrekar at korkje Noreg eller Nato truar nokon.

– Og vår vurdering er at Russland ikkje ser seg tent med ein væpna konflikt mot Noreg, eit Nato-land.

Han trekk òg fram at Stortinget er einige om ein plan for å styrka Forsvaret og mykje støtte til Ukraina.

Høg valoppslutning

Demokrati og fellesskap er gjennomgåande tema i tala til Støre.

– Noreg er eit trygt land. Med god økonomi, små forskjellar, moglegheiter for alle i heile landet, høg tillit mellom folk. Og som fjoråret viste: eit levande demokrati, seier han og viser til stortingsvalet i haust.

80 prosent av dei med stemmerett, stemte nemleg. I sametingsvalet var det 74,2 prosent. Òg i skulevalet var det høg oppslutning.

– Dette er ikkje berre tal, men eit bevis på at me bryr oss, at me vil påverka og verta høyrde, seier statsministeren.

Publisert 01.01.2026, kl. 19.29

Read Entire Article