Stod fram med depresjon – nå blir han hetsa grovt på sosiale medium

1 month ago 31



– Eg gjorde tabben å ikkje slette sosiale medium og lese meldingane. Eg prøvde å riste det av meg og gjere mitt beste i oppsamlingsheatet, skriv Olli Hoare på Instagram etter at han rauk ut av OL.

For 13.-plassen i forsøket var ikkje godt nok til avansement. Han fekk ei ny moglegheit, men det ville seg ikkje. Da han opna sosiale medium, innsåg han at det ikkje hadde vore nok til å stoppe avsendarane av hatefulle kommentarar.

Nå loggar han ut av brukaren for resten av sesongen.

– Eg trur det er det rette for meg nå. Eg hadde håpa at meldingane ikkje skulle påverke meg, men dei har dessverre gjort det.

Innlegget er likt av Jakob Ingebrigtsen og ei rekke profilerte utøvarar.

Avbraut angstfylt sesong

Australiaren har ein så sterk personleg rekord som 3.29,41 minutt frå Bislett.

– Idretten er vondskapsfull og eg har hatt ein tøff veg tilbake frå skade, men eg er veldig heldig med støttespelarane mine.

Forma og sjølvtilliten var til stades etter å ha slått alle på den engelske mila under årets Diamond League-stemne i London. Generalprøva for mange før OL.

 London Athletics Meet

HUNDREDELSDRAMA: Olli Hoare slo Narve Gilje Nordås med fattige tre hundredelar på den engelske mila i London for snautt to veker sidan.

Foto: Kirby Lee / Reuters

Det var under dette stemnet det toppa seg for eitt år sidan. Han var til stades i den britiske hovudstaden, men kom seg ikkje til start. Han valde å avslutte sist sesong midtvegs. Den psykiske belastninga blei for stor.

– Eg hadde ekstrem angst og depresjon heile året.

Blir støtta av feltet

Nå slår lagkameratane frå den amerikanske delen av On Athletics Club, OAC, ring rundt Hoare. Treningsgruppa består av ei rekke profilerte løparar frå ulike nasjonar.

Ein av dei er Yared Nuguse, som tok OL-bronse på 1500 meter.

– Eg hatar å sjå slikt. Eg har ikkje snakka med han ennå. Men det eg elskar med sporten, er kor støttande alle er. Det er derfor eg elskar sporten. Vi bygger kvarandre opp, seier Nuguse til NRK – og understrekar:

– Eg skal bygge han opp mykje dei neste dagane.

«Raygun» sin orginale OL-dans går verden rundt 00:59

Publisert 10.08.2024, kl. 09.54

Read Entire Article