Mannen hadde ein ryggsekk med sexleiketøy i bilen. Han vart avslørt av bomstasjonar og sin eigen sambuar.
Publisert 06.12.2024 11:05
I desember i fjor oppsøkte eit foreldrepar politiet. Dei meinte dottera deira var valdteken.
Sjølv ville ikkje jenta under 14 år fortelje kva som hadde skjedd. Men politiet sette likevel i verk etterforsking.
Det første dei gjorde var å hente inn teledata frå mobilen hennar, slik at dei kunne sjå kvar ho hadde vore den dagen foreldra mistenkte at noko hadde skjedd.
Bevegelsesmønsteret stemte med ulike bomstasjonar i Stavanger. Politiet kunne difor kryssjekke teledata med bompasseringar av ulike bilar.
Henta jente på skulen
Slik kom dei fram til ein spesiell bilist, som dei gjorde ytterlegare sjekk av teledataene til.
Så, i februar i år, fortalde jenta kva ho hadde blitt utsett for i baksetet på ein bil. Politiet gjekk til pågriping av ein mann i 40-åra.
I avhøyr erkjente han kva han hadde gjort mot jenta.
Han hadde plukka henne opp ved skulen hennar tidleg på morgonen. Deretter køyrde han ho til ein parkeringsplass ein anna stad i Stavanger, der dei flytta seg til baksetet av bilen.
All seksuell omgang med barn under 14 år blir rekna som valdtekt i straffelova vår.
Men mannen fortalde ikkje alt til politiet.
Avslørt av sambuar
Det kjem fram i ein ny dom frå Sør-Rogaland tingrett.
For då mannen kom heim etter nokre dagar i arresten, møtte han sambuaren sin. Til henne fortalde han kva han var pågripen for og kva han hadde erkjent.
Då spurde sambuaren om han hadde forgripe seg på fleire barn. Svaret var «ja, men at dei involverte hadde vore eldre».
Basert på det mannen hennar forklarte, greidde kvinna å identifisere eit overgrepsoffer til på Facebook.
– Ho opplevde at ho hadde ei plikt til å avverje nye overgrep og fann det difor riktig å varsle politiet i mars 2024, skriv tingretten.
Betalte for overgrep
No er mannen dømd til tre år og ein månad i fengsel.
Han er dømd for valdtekta av jenta under 14 år, i baksetet på sin eigen bil. Mannen er også domfelt for fleire tilfelle av seksuell omgang med ei anna jente på mellom 14 og 16 år.
Nokre av desse overgrepa skjedde også i bilen hans, der han hadde ein liten ryggsekk med sexleiketøy liggande.
Mannen kom i kontakt med jentene via Snapchat. Der tilbaud han jentene betaling.
Politimann hadde «røff sex» med informant
– Følte seg fanga
Den yngste jenta fekk 500 kr av mannen.
– Ho følte seg fanga i ein vanskeleg situasjon etter at ho hadde sett seg inn i tiltalte sin bil og blitt køyrd bort. Det gav ho få moglegheiter til å angre eller reservere seg mot den seksuelle omgangen, konkluderer dommarane.
Den andre jenta, som mannen hadde seksuell omgang med gjennom fleire månadar før ho fylte 16 år, fekk betalt i form av mat, alkohol, snus, klede og sko.
– Gåvene står fram som eit vederlag for å først etablere kontakt og deretter ein seksuell relasjon til ein vesentleg eldre mann, skriv tingretten om mannen sin handlemåte.
Erstatning
Mannen erkjente straffskuld for alt, bortsett frå at gåvene til den eldste jenta var for å skaffe seg seksuell omgang.
Han må betale oppreisningserstatning på høvesvis 222.000 kroner til jenta under 14 år og 80.000 kroner til jenta under 16 år.
– Han har erkjent forholda og har to veker på å bestemme seg for om han vil anka straffeutmålinga eller erstatninga, seier forsvarar Helene Haugland.