Sist veke fekk vi eit nytt eksempel på at kraftmarknaden har gått heilt av hengslene. Vi importerer ekstreme kraftprisar som svir for bedrifter og huslydar, og som bidrar til generell prisstiging.
Sørlandet som produserer mest straum her i landet, blei hardast råka av dei ustyrlege prisane. Med god grunn var det mange som rykka ut og etterlyste tiltak og kontroll over kraftprisen. Det blei brukt harde ord om situasjonen, men forslaga til tiltak var vage og lite langsiktige.
Utveksling av kraft er i utgangspunktet fornuftig. Ulike kraftformer kan supplere kvarandre. Vasskrafta er fleksibel. Den kan produserast når det er lite vind, og den kan sparast når vi har rikeleg med vindkraft. Utveksling kan dermed bidra til å auke produksjonen av fornybar energi og redusere utslepp av klimagassar.
Problemet er at dagens marknadssystem ikkje klarer å handtere utveksling av elektrisk kraft med utlandet utan uakseptable negative konsekvensar for norske forbrukarar. Vi importerer eit prisbilete som har svært lite å gjere med produksjon og forbruk her i landet. Dei fordelane som vi har opparbeida gjennom langsiktig investering i energisektoren i over hundre år, er i ferd med å bli borte, i alle fall på Sørlandet.
Det er enkelte som hevdar at vi må akseptere dei negative konsekvensane for å vere solidariske med resten av Europa. Det er ein fin tanke. Men treng norske forbrukarar å bli eksponert for ekstreme og svært varierande prisar for å oppnå fordelane ved kraftutveksling? Den norske vasskrafta vil uansett berre vere ein liten del av løysinga for det europeiske kraftsystemet som ser ut til å slite med store utfordringar.
Regjeringa sitt svar på prisproblemet er å produsere meir kraft. Det er det klassiske svaret på urimelege prisar i ein marknad. Men simuleringar viser at vi må ha eit stort eksportoverskot for at det skal få signifikant innverknad på prissmitten. Det same tyder erfaringane dei siste dagane på. Eit anna tiltak frå regjeringa er utbygging av nettet mellom prisområda. Men både kraftutbygging og nettutbygging tar tid. I mellomtida kan vi få stor skade på næringslivet, ikkje minst på Sørlandet..
Fellesforbundet og SV har foreslått eit tiltak som både er langsiktig og kan realiserast relativt raskt. Det går ut på å etablere eit statleg selskap, Statstraum, som kjøper straum direkte frå produsentane utan mellomledd, og som sel den vidare til forbrukarane. Det kan fjerne forskjellane mellom prisområda og gi stabile og rimelege prisar. Samtidig vil det vere eit godt utgangspunkt for å reforhandle utvekslingsavtalene med utlandet slik at vi tar vare på fordelar ved utveksling utan å få uakseptable konsekvensar for norske forbrukarar.
Det er mange som snakkar om å ta kontroll over kraftprisen, men det er få som seier noko konkret om korleis det skal gjerast. Statstraum er eit handfast tiltak som er langsiktig og kan realiserast raskt.