Statsministeren i Bangladesh går av etter store protestar

1 month ago 22



Hasina rømde palasset sitt i eit militærhelikopter på måndag, seier ei kjelde til AFP.

Ho skal vere på veg til ein «trygg stad».

Thumbnail for 'UNGA Bangladesh Hasina'

Sheikh Hasina har rømd landet.

Foto: UNTV

Hordar av protestantar har marsjert gjennom hovudstaden Dhaka og brote seg inn i palasset. Der er det no tusenvis av menneske, skriv den bangladeshiske avisa Prothom Alo Daily.

Bilete frå TV-kanalen Channel 24 viser det same.

Dødelege demonstrasjonar

Protestane i Bangladesh dei siste vekene har vore blant dei mest valdelege sidan landet blei ein sjølvstendig stat for over 50 år sidan.

Thumbnail for 'Protesters rally against prime minister Sheikh Hasina in Bangladesh'

Demonstrasjonane i Bangladesh har vore veldig valdelege. Fleire hundre har mista livet.

Foto: Thomson Reuters (Ikke bruk denne versjonen av bildet)

Dei starta som ein studentprotest mot eit omstridt kvotesystem for arbeidsplassar i den bangladeshiske administrasjonen, men utvikla seg raskt til å bli større og meir polariserte.

Raskt spreidde dei seg frå Dhaka til andre byar og distrikt.

Publisert 05.08.2024, kl. 11.20 Oppdatert 05.08.2024, kl. 11.29

Read Entire Article