Statskog doblar tilbod etter suksess

4 days ago 18



Det strøyma til i fjor. Til hausten kan endå fleire unge elgjegarar få oppfylt draumen, skriv Statskog i ei pressemelding.

Statskog testa i fjor ut eit spesialtilbod, der ei rekke jaktfelt blei øyremerkt unge jegarar opp til 30 år. Responsen var svært positiv.

– 75 unge jegarar landet rundt blei heldige vinnarar i loddtrekninga vår. Samtidig stod tre gongar så mange tomhendte igjen på ventelista. Den kjempemoglegheita tar vi tak i no, seier fagsjef i Statskog, Jo Inge Breisjøberget.

No aukar nemleg statsføretaket ungdomstilbodet med 130 prosent, og går frå 13 til 30 elgjaktfelt øremerkt ungdom. Felta er spredde rundt i Noreg og søknadsfreisten er andre mai. Breisjøberget oppfordrar ungdomane til å ta sjansen.

Rundt 15 av felta er i Nordland fylke.

– Dette er ein innfallsport til ein viktig del av norsk kultur, fantastisk mat, helsebringande naturopplevingar og styrking av sosiale band blant vener, familie og i lokalsamfunn, seier Breisjøberget.

Ifølge SSB blei det i Noreg felt flest elg i Innlandet, Trøndelag og Nordland. Totalt sett er det 58200 elgjegarar som er aktive i Noreg. Over halvparten er over 50 år.

Tiltaket er derfor for å få opp tala på ungdomslag.

NTB/NRK

Read Entire Article