I lang tid har trevarefabrikken Talgø krangla med staten om korleis dei skal merke panelen som dei sel.
Staten hevdar Talgø ikkje har branntesta trefjølene slik dei burde, og dermed feilmerka dei, utan at kundane har vore klar over det.
Rett før jul gjekk Talgø til rettsak mot staten og kravde erstatning. No har dei tapt.
Det kjem fram i ein dom frå Møre og Romsdal tingrett onsdag.
I tillegg må Talgø betale over 800 000 kroner i erstatning.
– Vi har fått sett raskt på dommen. Umiddelbart er vi usamde i vurderingane, og vil på vanleg måte bruke nødvendig tid på å vurdere spørsmålet om anke, seier Talgø sin advokat, Terje Marthinsen.
– Er de overraske over konklusjonen?
– Staten er ein betydeleg motstandar uansett kva for sak det er. Det er nok rettare å seie at vi er usamde, og ikkje overraska, seier han.
Forventar at bedrifta set seg inn i regelverket
Det er mange som har engasjert seg i saka.
Konsernsjef Terje Talgø har tidlegare uttalt at dette har sett ei heil næring i spel.
Tidlegare kommunal- og moderniseringsminister, Nikolai Astrup (H) har tidlegare sagt at det er synd firmaet går til sak mot staten og at ein ikkje kan ta lett på branntryggleiken.
Under rettsaka har Talgø mellom anna meint at regelverket for merking og testing har vore komplisert og at dei burde fått betre rettleiing frå staten. Det ser retten bort frå:
«Det må kunne forventes at næringsdrivende setter seg inn i regelverket for harmoniserte standarder og brannklasser», heiter det i dommen.
Måtte trekkje produkt
Huseigarar over heile landet har dei siste åra kjøpt trepanelet Møre Royal produsert hos Talgø i Møre og Romsdal.
Panelet kan spikrast rett på ytterveggen og treng verken beis eller måling.
Men vinteren 2021 var det full stopp. Produktet blei trekt frå marknaden fordi staten meinte branneigenskapane ikkje var i tråd med merkinga til fabrikken.
I ettertid har Talgø gjort nye branntestar og endra merkinga av trefjølene.
Publisert 15.01.2025, kl. 10.23 Oppdatert 15.01.2025, kl. 10.51