Står det så ille til med nynorsken?

1 month ago 20



Publisert: 27.07.2024 06:00

Dette er et debattinnlegg. Eventuelle meninger i teksten står for skribentens regning. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.

I Aftenposten 23. juli har medisinstudent Målfrid Asheim Nummedal eit lesarinnlegg der ho går inn for å gjere nynorsken meir lesarvenleg.

Vel og bra. Nynorsken, liksom andre bruksspråk, treng pågåande språkrøkt av dyktige brukarar på mange plan. Men står det så ille til, nettopp med nynorsken?

Då eg var oppe til skriftleg eksamen i anatomi i preklinikken ved Universitetet i Oslo hausten 1959, var det ein av medstudentane som gav uttrykk for at han ville skrive konservativt bokmål – i håp om at det ville vere gunstig for utfallet, ettersom oppgåvene skulle evaluerast av professor Jan Jansen. Han gjekk for å vere ein konservativ embetsmann av den gamle skule.

Eg skreiv nynorsk, som alltid.

Den nemnde medstudenten (som no har gått ut av tida), fekk laud med nedst på skalaen. Eg, med nynorsken, fekk også laud. Men øvst på skalaen. Så nynorsken som fagspråk framstod ikkje her som eit problem. Ikkje den gongen, og ikkje seinare, då eg skifta beite og endte opp som filosof.

Som 25-åring tok eg til å undervise i filosofihistorie. Eg likte jobben, og eg likte studentane, og det heile gjekk på nynorsk – også då eg tok til å skrive det ned, og det vart bok av det heile.

Etter kvart tok andre til å bruke boka. Først her i landet. Seinare også andre stader. I Danmark vart boka brukt ved danske universitet på nynorsk. Men etter ei tid, då dansk Gyldendal fann ut at det var pengar å tene på ei danskspråkleg utgåve, skreiv den danske omsetjaren dette i forordet:

«Ved oversættelsen har jeg bestræbt mig på at bevare originalens ligefremme og letlæste sproglige form.» Skal vi tru den danske omsetjaren, kan det ikkje stå så ille til med nynorsken som akademisk bruksspråk!

I dag ligg boka føre på 18 språk. Tilbakemeldingane tyder på at det språklege går heim, også i omsetjing. Men byter eg aldri språk? Jo, ved den dansk-tyske grensa. Nord for grensa går det på nynorsk. Sør for grensa, tysk.

I 2009 heldt eg førelesing i Sønderborg på nynorsk. Neste år vart teksten trykt i Årbog for Museum Sønderjylland, på nynorsk. Utan kommentar frå redaksjonen.

Ja, alle språk treng pleie og ettersyn. Men det overordna problemet i dag, i faglege samanhengar, er ikkje at nynorsken er lite «lesarvenleg», men at engelsk fagspråk breier seg til fortrengsel for både bokmål og nynorsk.

Takk, Målfrid, for innlegget ditt! Og lukke til med medisinstudiet – det vil gå greitt! Også på nynorsk.

Gunnar Skirbekk

Forhenverande medisinstudent

Read Entire Article