DEBATT: Står det så dårleg til med økonomien i Stavanger kommune som mange vil ha det til?
Henrik Halleland
Varaordførar i Stavanger (KrF)
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Det er for tida umogleg å ikkje få med seg den økonomiske situasjonen i Stavanger kommune. Framstillinga har vore gjennomgåande negativ – det er knapt grenser for kor dystert det blir teikna. Det ikoniske «Skrik» av Edvard Munch har blitt brukt som symbol på kva som ventar, og det same har svartedauden. Med andre ord: Ein bør halde seg langt unna lokalpolitikken. Og vi som sit i bystyret, må førebu oss på ein lang og hard vinter.
Men er dette rett? Er det verkeleg så gale?
Kriser kjem heile tida
Eg kom sjølv inn i kommunestyret for første gong i 1999. Det var rett nok i ein mykje mindre kommune enn Stavanger, men prinsippa er dei same for alle kommunar. Den gongen var det eldrekrisa og høge pensjonsutgifter vi førebudde oss på. Problema skulle kome over oss i 2008. Det blei åtvara om fullstendig krise og kollaps i tenestene. Heldigvis kom regjeringa med ei redningspakke, og den totale katastrofen blei borte.
I 2020 kom koronapandemien – ei ny krise. Formannskapet i Stavanger fekk høyre at oppsparte pengar – og meir til – ville forsvinne på få år. Det var lite lys å sjå i enden av tunnelen. I staden fekk vi tre år med rekordresultat for Stavanger kommune.
Kva kan vi lære av dette?
Det kjem alltid ei krise. Det er normalen. I staden for å fokusere på det vi ikkje har, må vi bruke energien vår på det vi faktisk kan påverke.
Om lag 60 prosent av inntektene våre kjem frå innbyggjarar som betaler skatt på lønnsinntekt til kommunen. Difor må vi leggje til rette for eit berekraftig, framtidsretta og innovativt næringsliv. Det er avgjerande for å sikre gode skatteinntekter. Her har Stavanger lange og stolte tradisjonar – med målretta satsing på næringslivet.
2025 kan bli eit godt skatteår
Mange snakkar om «sviktande skatteinngang», men mykje tyder på at 2025 vil bli eit godt skatteår. Til no er skatteinngangen opp sju prosent samanlikna med 2024. Det kan eg ikkje kalle svikt.
La oss halde fram med det gode arbeidet med å støtte næringslivet. Det vil på sikt gi gode resultat for kommunekassa. Men det stoppar ikkje der.
Fleirtalet i bystyret har fått kritikk for å ha fjerna inntekter i form av eigedomsskatt. Ja, ein kan velje å sende rekninga til innbyggjarane – dei som allereie har betalt skatt av inntekta si – men det er inga god løysing. Både Sandnes og Sola klarer seg utan denne skatten.
Samtidig må vi ikkje oversjå at vi har utfordringar. Når utgiftene veks meir enn inntektene, må vi ta grep. Sjukefråvær på 10 prosent er for høgt. Difor er det sett i gang eit planarbeid som har som mål å redusere fråværet med to prosent. Det er fullt mogleg – og vil få positiv effekt på utgiftssida.
Det er òg positivt at Stavanger har valt å strekke seg langt i mottaket av flyktningar. KrF har støtta dette. Samtidig må vi bli flinkare til å få fleire ut i arbeid. I dag får vi om lag 20 prosent ut i jobb. Det er altfor lite. Det finst kommunar i Norge som får 60 prosent i arbeid. Her har vi noko å lære.
Me må ikkje krisemaksimera
Det er òg nødvendig å få betre kontroll over investeringane våre. Fleire prosjekt har sprengt rammene sine – og det kan ikkje halde fram. Difor innfører vi no ein investeringsstopp, slik at vi får ei heilskapleg oversikt over alle nye prosjekt.
Desse tiltaka viser at vi, med strategisk og målretta arbeid over tid, kan redusere utgiftene våre. No er det viktig at tiltaka får tid til å verke. Det må vere lov å sende ut litt positive signal. Stavanger er godt rusta for langsiktig omstilling.
Det er òg viktig å understreke at det berre er innsparingane for inneverande budsjettår som er vedtekne kutt. Alt anna ligg i økonomiplanperioden og må vedtakast i budsjetta for dei komande åra.
80 prosent av utgiftene i kommunen er lønsutgifter til tilsette. Mange av desse jobbane er krevjande. Det styrkjer ikkje motivasjonen når ein stadig får høyre at kommunen står midt i ei krise. La oss håpe at vi framover kan uttrykkje oss i litt meir moderate ordelag – for det kan jo faktisk hende at det ein dag kjem ei ekte krise.
Publisert:
Publisert: 21. juni 2025 12:24