Den franske storavisa L'Equipe skreiv i går at Saint-Étienne var einig med Eirik Horneland (49) om ein avtale som gjer han til den nye hovudtrenaren for klubben.
Dette skjer kort tid etter at Horneland fortalte at han gav seg i Brann og forklarte at han søkte nye utfordringar.
Ifølge Bergensavisen ville Horneland sin assistenttrenar, Hassan El Fakiri (48), «bli med på lasset» for å jobbe med Horneland.
No stadfestar Brann dei to tilsettingane i ei pressemelding.
Den franske klubben stadfestar også på X at Horneland blir hovudtrenar for Saint-Étienne.
Tar med seg El Fakiri
Horneland legg bak seg ei suksessrik tid i Bergen, avslutta med sølv for Brann i Eliteserien etter 1-1 på heimebane mot Viking.
Toppspelarutviklar i Brann, Hassan El Fakiri, går også til den franske storklubben Saint-Étienne.
Det stadfestar Brann i ei pressemelding.
El Fakiri har vore toppspelarutviklar i Brann, og har altså hatt eit særleg ansvar for dei yngste i A-troppen og dei beste frå U-troppen.
Tredje sist
I starten av veka meldte L'Equipe at Horneland var favoritt til å ta over trenarjobben i Saint-Étienne.
Klubben sparka Olivier Dal'Oglio sist helg etter ei rekke svake resultat.
Saint-Étienne ligg tredje sist i den franske eliteserien, Ligue 1.
Neste seriekamp er heime mot Reims, den 4. januar.
Publisert 20.12.2024, kl. 10.26 Oppdatert 20.12.2024, kl. 10.30