Sporv søkte ly i kyrkjeorgelet

2 days ago 6



Det var ein uvanleg kyrkjegjengar som dukka opp i ei av kyrkjene i Ålesund nyttårsaftan.

Du har gjerne høyrt om ugler i pipa? I Borgund kyrkje forsøkte ein sporv seg på ein uvanleg vri.

Den vesle fjørballen fann seg nemleg ein heilt ny gøymeplass då han søkte tilflukt i ei av dei største orgelpipene.

– Det var ein merkeleg lyd eg høyrde av og til som eg ikkje har opplevd før i rommet. Det gjekk lang tid før eg kom til at det måtte vere ein fugl, og kanskje at den var inne i orgelet ein plass, seier Kjetil Kvangarsnes.

Sporv i kyrkjeorgelet i Borgund

Her ser ein den vesle sporven. Det kunne vore ein perfekt gøymestad, om det ikkje var for lyden i instrumentet.

Foto: Kjetil Kvangarsnes / NRK

Høyrde vengeslag

Gjestene i Borgund kyrkje er vanlegvis av det tobeinte slaget. Men då organisten sette seg til orgelet nyttårsaftan for å øve litt, høyrde han svake vengeslag. Noko slikt har han aldri før opplevd i si 40 år lange karriere.

Organisten trur at fuglen har floge inn i kyrkja under gudstenesta sist søndag, og deretter søkt tilflukt inne i den smale, tre meter høge orgelpipa.

Det kunne vore ein perfekt gøymestad i vinterkulden, om det ikkje hadde vore for at organisten søndag sette i gang å spele på det store orgelet med over 2.200 piper.

Kjetil Kvangarsnes i Borgund kyrkje

Kjetil Kvangarsnes er organist i Borgund kyrkje. Han viser fram orgelpipa som blei kortvarig gøymestad for ein sporv.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Når organisten trør til for fullt kan orgelet gje frå seg 96 desibel. Det svarar til lyden frå ein grasklippar eller ei motorsag.

– Han vart sikkert veldig skremt, seier organisten.

Etter ei kort rådslaging kom dei tilsette i Borgund kyrkje til at dei måtte hjelpe fuglen ut i det fri. Dermed blei ei av dei største pipene demontert og frakta ut i snøen. Det gjorde at sporven sjølv flaksa ut og tilbake til meir vanlege omgjevnader.

Sporv inne i kyrkjeorgelet

Sporven før han blei sleppt fri.

Foto: Kjetil Kvangarsnes / NRK

Truleg på jakt etter mat

Ornitolog Alv Ottar Folkestad seier han aldri har høyrt om ein sporv i kyrkjeorgelet – og som har overlevd der i to døgn.

– Jøje meg, nei, never, ever, seier han.

Alv Ottar Folkestad

Alv Ottar Folkestad er fugleekspert. Han har aldri høyrt om sporv i orgelpipe før.

Foto: Arne Flatin / NRK

Folkestad er mest kjend for arbeidet sitt med rovfuglar som ørn, men seier også småfuglar jaktar på mat.

– Der er garantert mengder med husedderkoppar i ei kyrkje, alt frå møll og husfluger og mygg, til større ting som kan finnast inne i eit hus. Vi legg ikkje merke til det, men desse jegerane blant småfuglane veit kvar dei skal søkje, seier han.

– Ikkje gløymd av Gud

Då organisten fortalde om opplevinga si på Facebook, hagla det inn med kommentarar med bibelske referansar. Sporven er nemnd som ein av dei aller minste som Gud tek hand om.

– Bra det gjekk godt. Ifølgje Meisteren sjølv er den jo ikkje gløymd av Gud, skriv ein kollega.

– Oj, dette var vel ikkje den plassen sporven hadde tenkt å overnatte i utgangspunktet. Men Maria og Josef hadde truleg heller ikkje ønskt seg å bli tilvist ein stall, skriv ein annan.

Borgund kyrkje i Ålesund

Borgund kyrkje i Ålesund.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Publisert 01.01.2025, kl. 14.36 Oppdatert 01.01.2025, kl. 14.45

Read Entire Article