Spørsmålet rører Anita: – Gjer det litt spesielt

2 hours ago 1



– Det er ikkje akkurat som heime, men er tilnærma det same.

Anita Øie (64) har jobba som koordinator på krisesenteret i Bergen i over 30 år. I år, som mange andre år, feira ho jul saman med familiar som ikkje hadde moglegheita til å feire heime.

Men verken ho eller bebuarane gjekk glipp av pinnekjøtet i år – tilsette har stått på kjøkkenet for å lage alt frå pølser til riskrem. Kvart år jobbar dei med å skape ei trygg og normal jul.

– I den perioden bebuarane er her så kallar vi dette «heimen», fortel ho. 

«Når kjem nissen?»

Når Øie skildrar jula til TV 2 høyrest ho heilt vanleg ut. Lite tydar på at dei involverte kan ha hatt ei tung førjulstid. 

– På julaftan laga me frukost, så gjekk det slag i slag. Dei pynta seg, me åt graut, og åt middag klokka fem. Me hadde julepynt, juletre, det som høyrer jula til.

NISSEN?: Øie avslørar ikkje om ho har vore nisse eller ikkje. Foto: Privat
NISSEN?: Øie avslørar ikkje om ho har vore nisse eller ikkje. Foto: Privat

Ein heilt vanleg, norsk jul, både for vaksne og for barn: På Bergen krisesenter er det nemleg barn i alle aldersgrupper, som har kome saman med ein av foreldra sine.

Og det er særleg reaksjonane deira som gjer at ho syns det er kjekt å stelle i stand til jul.

– «Når er klokka fem? Når kjem nissen?». Gleda og forventningane som dei visar gjer det litt spesielt.

 Jon Eeg / NTB
SPENT: Både vaksne og barn har hatt presangar å glede seg til. Foto: Jon Eeg / NTB

For nissen kjem så klart på besøk, og har med seg gåver til både store og små. Gåvene er ofte gitt av andre organisasjonar, men dei kjøper av og til inn eigne.

– Dei får presangar med namnet sitt på. Me ser an kva aldersgruppe dei er, og delar gåvene ut etter det, forklarar ho.

Må vurdere tryggleiken

Sjefane kan og bekrefte at det er god stemning på avdelingane. Avdelingsleiar i Trondheim krisesenter, Line Skorstad-Nilsen, har sett det same hos sine tilsette.

– Inntrykket mitt som avdelingsleiar er at dei som er på jobb under julehøgtida syns det er fint, seier ho.

 Privat
FØRJULSKOS: Skorstad-Nilsen fortel at dei legg vekt på å skape ei fin førjul for bebuarane. Foto: Privat

Ho fortel at dei tilsette likar å pyntar seg litt ekstra, og sett inn ein ekstra støyt for å skape gode minner for dei som bur der.

Men julekosen startar lenge før 24. desember: Avdelinga kjøper inn julekalender og har juleverkstad i tida før. 

– I tilfelle der det har blitt gjort ei risikovurdering om at familiar kan bevege seg utanfor krisesenteret så kan dei og delta på juleaktivitetar i byen på lik linje med andre, fortel ho.

På krisesenteret er det viktig at dei skaper ei normal ramme for bebuarane.

– Jula set eit forstørringsglas på kjensler. Det er vanskeleg å ha kome dit der du må søke beskyttelse på eit krisesenter. 

– Og det gjer det absolutt ikkje noko enklare når det er slike typiske familiehøgtidar, som jula er.

Har du eller nokon du kjenner opplevd vald i jula? Her finn du hjelp:

Ein del av denne normale ramma er å finne måtar å inkludere dei som ikkje feirar jul til vanleg, slik at alle kan kjenne seg heime.

Både i Bergen og Trondheim har dei bebuarar som ikkje feirar jul, som då får tilpassa mat og innhald.

 Sonja Ystaas / God morgon Norge
ILLUSTRASJON: Her er eit eksempel på korleis eit rom på et krisesenter kan sjå ut. I 2024 varte eit gjennomsnittleg opphald på 28 dagar. Foto: Sonja Ystaas / God morgon Norge

– Det er viktig for oss at dei som er her kjenner at dei passar inn. Både dei som tradisjonelt feirar jul, og dei som ikkje har tradisjonen med seg. 

Men det viktigaste er ikkje verken mat eller tradisjonar – det er truleg noko anna.

– Ei tid med utruleg mange tankar

Kristin Stokke, dagleg leiar i Stine Sofies Stiftelse, peiker på at sjølv om gåver og mat absolutt er noko barn set pris på, så er det klart viktigaste i jula tryggleik.

 Vald aukar nemleg ofte under høgtidene.

 Stine Sofies Stiftelse
TAKKSAM: Stokke er takksam for krisesentera som tek vare på sårbare barn. Foto: Stine Sofies Stiftelse

– Eg trur skilnadene blir meir synlege i julehøgtida: Korleis me feirar, gåver, kjøpepress … Alt dette kan auke stressnivået til foreldre.

Mange vaksne kan og få eit behov for å «unne seg noko godt», som rus, i jula. Det kan skape meir uro heime.

Ho peiker og på at andre trygge arenaer stenger ned, og at tida heime aukar. Det kan skape ein grobotn for konflikt.

Derfor er ho takksam for at det finst stader ein kan bli skjerma og få hjelp.

– Takk og lov for krisesentera, for at finst ein stad disse barna er beskytta.

Fakta om krisesenter frå 2024

  • I 2024 var det rekordstor pågang hos krisesenter i Noreg.
  • 2 340 vaksne budde på krisesenter det året.
  • 4 av 10 bebuarar hadde med seg born.
  • 92 prosent vart utsatt for psykisk vald.
  • Eit opphald på krisesenter varte i snitt 28 døgn.


Kjelde: Bufdir

Ho anerkjenner at det kan vere spesielt å feire jul der, kanskje særleg for akkurat barna.

– Det har jo skjedd eit brot med familien. Du er med ein av foreldra dine på eit krisesenter, med andre menneske du ikkje kjenner.

– Sjølv om dei som jobbar der er knallgode, og strekk seg langt for å gjere det trygt og fint, så må det jo vere ein spesiell situasjon å vere i. Det må vere ei tid med utruleg mange tankar.

Men dei fleste nordmenn som har opplevd vald er ikkje på krisesenter akkurat no. Mange prøver å «halde ut» valden i juletida, og vente til nyåret før dei søker hjelp. For mange startar det med ein telefon til VOlinjen.

– Krev fleire samtalar 

Vold- og overgrepslinjen si telefonlinje er alltid ope. Dei hjelp mange med overgangen frå heim til krisesenter, og i å sortera i kjenslene sine.

– Dei startar kanskje med å fortelje kva dei opplever frå partnaren sin, så snakkar me om kva vald er. For mange krev det fleire samtalar før dei er klare til å ringe krisesenteret, fortel prosjektleiar Julie Haatuft.

 Kristine Marie Gutterød
LÅGTERSKEL: Haatuft fortel at VOlinja er anonym, og stiller ingen krav til dei som ringar. Foto: Kristine Marie Gutterød

VO brukar tid på å forklare kva tilbodet inneber, som korleis du blir møtt og tausheitsplikt.

– Målet vårt er at dei skal få tilstrekkeleg med informasjon, slik at dei skal klare å ta det neste steget og få hjelp til seg sjølv og barna.

– For mange blir valden dei lev med normalisert over tid, så dei treng å snakke med nokon for å forstå det.

No legg fleire jula bak seg, og ser fram til nyåret. Om me skal stole på tidlegare erfaringar så kan det kome ei auke i førespurnader.

Men dei som er på krisesentera no gjer seg klare for nyttårsfeiring. Øie kan love stjerneskot og nyttårsmiddag i Bergen.

Read Entire Article