Sp vil senke matmomsen til 10 prosent

14 hours ago 2



– Slik situasjonen er no, er det heilt mogleg å senke matmomsen frå 15 til 10 prosent, seier partileiar Trygve Slagsvold Vedum.

Han og forhandlingsleiar Geir Pollestad legg no fram partiet sine hovudpriotering før budsjettforhandlingane med regjeringa.

I førre veke la Arbeiderparti-regjeringa fram sitt forslag til revidert nasjonalbudsjett.

Senterpartiet (Sp) og SV er sentrale for at regjeringa skal få fleirtal for budsjettet, når det no ligg til behandling i finanskomiteen på Stortinget.

For første gang på over 20 år skal Sp forhandle om ein budsjettavtale i opposisjon.

Ifølgje Vedum vil matmoms-grepet koste 2,25 milliardar kroner på revidert budsjett, medan det vidare vil koste staten 9 milliardar kroner i året. Sp har idear om kor dei skal hente desse pengane frå, men seier ikkje konkret kor dei skal hente dei frå.

Etter at prisane verkeleg starta å stige i heile Europa i 2022, var det fleire land som valte å kutte momsen på mat. Blant anna Spania, Polen og Portugal. Men i fleire land var dette midlertidige tiltak, som no er i ferd med å bli fasa ut.

Read Entire Article