Ei helg prega av store motsetnadar treffer snart landet.
Eit høgtrykk sørgjer for ei siste smak av sommar i delar av Sør-Noreg.
Samstundes er eit kraftig lågtrykk i ferd med å byggje seg opp ute i havet og vil treffe kysten i vest og nord.
Vêrvinnarane i sør og aust
Bur på Austlandet og Sørlandet kan du berre glede deg til helga. I alle fall om du er oppteken av vêret. Her blir det nemleg skikkeleg sommarstemning.
– Det er typisk for byrjinga av hausten. Høgtrykksaktiviteten i sør gjev periodar med sol, og det blir ganske mildt, og lokalt varmt.
Sørlendingar og austlendingar kan glede seg til gode temperaturar og sommarleg vêr den komande helga.
Foto: Pål Tegnander / NRKDet seier vakthavande meteorolog Leonidas Tsopouridis.
Fleire stader kan det bli over 20 grader, fortel statsmeteorolog Marek Ratajczak. Søndag blir den aller finaste dagen.
Storm på Stad og «sommar» i Trøndelag
På Vestlandet blir historia ei heilt anna.
Allereie fredag vil kysten merke ein god kuling og regn som kjem sidelengs. Laurdag tek vinden seg kraftig opp frå søraust.
– Det kan fort bli storm omkring Stad. Heile Vestlandet vil merke denne vinden, og det kjem mykje regn, særleg i Rogaland og Vestland fylke, åtvarar Ratajczak.
På Vestlandet kan det fort bli storm, særleg i Rogaland. Men lenger nord gjer fjella at det stort sett er opphaldsvêr.
Foto: Petter StrømMen fjella reddar Møre og Romsdal, og vindretninga vil skape ein varm, tørr fønvind. Denne effekten vil også gjere seg sterkt gjeldande i Trøndelag.
I lune dalar i Trøndelag kan gradstokken krype over 20 gradar både fredag og laurdag, og vêret held seg stort sett opphalds og fint gjennom helga.
Frå sommar til storm i Nord-Noreg
Den kanskje mest dramatiske vêromvendinga får Nord-Noreg.
Både i Nordland, Troms og Finnmark blir det svært mildt og opp mot 20 gradar fredag og delar av laurdag.
Men søndag smeller det. Eit lågtrykk er no i ferd med å danne seg ved Island, og er på veg austover.
– Når den varme luftmassen vi har no, kolliderer med mykje kaldare luft frå vest, får vi eit djupt lågtrykk i havet. Dette vil gje mykje vind og vindkast, særleg nord i Nordland og i områda ved Lofoten og Vesterålen, forklarer meteorolog Tsopouridis.
I fjor haust fekk hauststormane havet til å stå høgt oppover veggane på nausta i Nusfjord i Lofoten. Denne helga kan det skje igjen.
Foto: Tommy Johansen– Det er berre å finne fram regntøyet. Sjølv om sommaren har vore så ustabil, at det vel neppe er nokon som har pakka det bort.
Temperaturen vil falle brått ned mot 10–12 gradar, og vindretninga snur til pålandsvind.
At årets første hauststorm kjem no, er heilt etter boka, ifølgje meteorologen. Varmt hav og høge temperaturar gjev stormane ekstra energi på denne tida av året.
Følgjer tett med på farevarsel
Verken Tsopouridis eller Ratajczak vil førebels sende ut noko farevarsel for Nord-Noreg, då det er uvisst nøyaktig korleis lågtrykket vil treffe kysten.
Nedbørsmengdene ser ikkje ut til å bli ekstreme, men vinden kan bli krevjande.
Meteorologane vil vurdere farevarsel fortløpande gjennom fredag og laurdag.
– Akkurat no ser det ut til at lågtrykket held seg over havet og går litt nordover. Det er ikkje grunn til stor bekymring enno, men slike stormar kan brått utvikle seg raskare, seier Tsopouridis.
Publisert 10.09.2026, kl. 17.48













English (US)