Det er snøkaos i Sør-Noreg.
Trafikken står stille, og det blir meldt om nye snørekordar. Til dømes har det ikkje kome like mykje snø på eitt døgn i på Disen i Oslo sidan 1998.
Det har nemleg kome nesten 31 millimeter nedbør på 24 timar.
Men for berre litt meir enn ei veke sidan, 29. desember, fekk mellom anna Nord-Helgeland nesten 60 cm snø.
Då blei det ikkje like mykje ståhei. Kvifor ikkje?
Det handlar om at det er forskjell på kva som blir rekna som ekstremvêr i Nord- og Sør-Noreg.
Større konsekvensar i sør
For at meteorologane skal sende ut ekstremvarsel, krev det nemleg nokon heilt spesielle kriterium.
Det er ikkje berre vêrtypen, men òg området som bli ramma, som avgjer om meteorologane skal sende ekstremvêrvarsel.
– Ekstremvêr blir definert ut ifrå lokale forhold. Til dømes kan ei gitt menge nedbør vere ekstrem i éin region, men bli rekna som normal i ein annan, fortel Geir Ottar Fagerlid, fagansvarleg for allmennvarsling ved Meteorologisk institutt.
Kort sagt er det potensialet for skade som avgjer. Difor er eit ekstremvarsel på Austlandet noko heilt anna enn eit ekstremvarsel i Nord-Noreg.
– På grunn av høgare befolkningstettleik i Sør-Noreg, blir konsekvensane av uvêr større. Kriteria tar omsyn til kor sårbar infrastrukturen og befolkninga er.
Dette varierer mellom tettbygde, og meir isolerte område, og heng saman med geografiske fohald, klimahistorikk og samfunnsmessige konsekvensar.
Men dei fire fenomena som kan gi ekstremvêr i Noreg gjeld over heile landet. Dei er: vasstand, regn, snø og vindkast.
Meir førebudd i nord
Men også kor førebudd kommunar og fylke er, heng saman med kvar du bur.
Bjørn Inge Ingvaldsen styrar med korleis brøytinga blir gjennomført i Bodø. Han seier det gir meining at ekstremvêrvarselet kjem an på kvar du bur.
– Eg har fått med meg nyheitsbildet sørpå og ser at det ikkje skal mykje til før dei stenger infrastruktur, skular og barnehagar, seier han.
Ingvaldsen har jobba i Bodø kommune i mange år. Sjølv om dei har fått over 70 mm snø, har dei aldri måtte stenge ned slike tilbod.
– Vi er litt vande med vinter, eg vil tru at det har noko å seie, seier han.
– Det kan handle om større trafikktettleik sørpå. Men vi har allereie hatt ein og ein halv veke med vêret dei no har hatt eit døgn av på Austlandet.
I tillegg meiner leiaren for kommunens brøytemannskap at dei har betre reiskap enn ein ser sørpå. Der ser han at traktor med skjær og fres er mest i bruk.
– Det er berre ei nødløysing for oss. Vi bruker hjullaster, lastebil og vegskrape, fortel han.
Likevel peiker han på at det ikkje berre er maskiner og folk det står på.
– Det hjelper ikkje utan ein god plan.
Kvar haust er brøytemannskapet til Ingvaldsen ute og sjekkar for hinder i området dei skal brøyte på vinteren. Det trur han er avgjerande for korleis jobb dei gjer på vinteren.
Like mykje veg som mellom Lindesnes og Nordkapp
Men Arne Christian Sandsengen, driftsansvarleg Oslo sentrum, meiner ikkje reiskap, mannskap eller gode planar er problemet for brøytinga på Austlandet.
Han fortel at berre i sentrum av hovudstaden er det om lag 110 maskiner og personar ute for å rydde snø. I tillegg er det fleire hundre til spreidd ut over regionane nord, aust og vest i hovudstaden.
Han vil heller ikkje vere med på at jobben er enklare i Oslo enn nord i landet, sjølv om det er ulikt kva som blir rekna som ekstremvêr.
– Du kan sende sjåførane frå nord hit til Oslo no. Det er ikkje sikkert dei synest det er så mykje lettare her likevel, seier han.
Ifølge den driftsansvarlege i Oslo sentrum er det like mykje veg inne i Oslo som frå Lindesnes til Nordkapp.
Og det er stor forskjell på å rydde gater i sentrum og E6, ifølge Sandsengen. Til no har dei måtte prioritere hovudvegar buss og trikk. Bustadvegar og gang- og sykkelstiar har måtte vente.
– Eg ville nok ha føretrekt dei store vegane, sjølv om det har kome ein meter med snø.
Sjølv om det ikkje er ofte dei får så overraskande snøvêr i hovudstaden som no, fortel Sandengen at dei er førebudd og har vaktar gjennom heile vinteren.
Fagerlid, fagansvarleg for allmennvarsling ved Meteorologisk institutt peiker på at samarbeid mellom meteorologar og beredskapsmyndigheiter sikrar at varsla dei gir blir tilpassa lokale behov og at samfunnet kan førebu seg på alvorlege hendingar.
– I tillegg har klimaendringar gjort det naudsynt å justere vurderingane, ettersom hyppigheita og intensiteten av ekstremvêr kan auke over tid.
Publisert 07.01.2025, kl. 15.56