Slottet seier nei til fotoavtale: – Ryddig, meiner kongehusekspert

1 month ago 20



Berre to medium får ta bilete når Märtha Louise og Durek Verrett gifter seg i Geiranger 31. august.

Eitt av dei er det britiske vekebladet Hello! Magazine, bekrefta paret onsdag.

Den avtalen vil ikkje resten av kongehuset sine medlem halde seg til, stadfester Slottet til NRK onsdag.

Dei vil ikkje at Hello skal ta bilete av dei når ikkje resten av pressa har tilgang.

– Det er ryddig at Slottet på ein måte reserverer seg mot at andre medium, som inngår i ein kommersiell avtale, skal ta bilete av dei.

Det meiner Ole-Jørgen Schulsrud-Hansen, kongehusekspert i TV 2.

– Kong Harald har alltid vore ryddig

Han beskriv kongehuset som menneske som tiltrekk seg ekstra merksemd, som dermed har ein eigen verdi i å verte filma og fotografert.

Kongehusekspert i TV 2, Ole-Jørgen Schulsrud-Hansen.

Kongehusekspert i TV 2, Ole-Jørgen Schulsrud-Hansen, meiner det er klokt av slottet å ikkje følga den eksklusive fotoavtalen til brudeparet.

Foto: Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

Kongehuseksperten trur det er nettopp det kommersielle elementet som gjer at kongehuset vil reservera seg på denne måten.

Det vil eg anta. Fordi kong Harald alltid har vore så ryddig med desse koplingane, seier Schulsrud-Hansen.

Han meiner dette er eit klokt val frå kongehuset si side.

– Eg synest det er fint når det har vore såpass mykje bruduljar rundt bruken av prinsessetittelen, til dømes.

Reaksjon mellom linjene

Er dette starten på fleire konfliktar mellom kongehuset og Märtha Louise?

Nei, det vil eg ikkje tru. Men dette er kanskje ein form for konsekvens eller utsegn som iallfall eg har ynskja at Slottet skulle komma med. At det kjem litt mellom linjene, meir enn direkte, som ein reaksjon på brota i avtalen, som til dømes prinsessegin-en har vore, svarar han.

Schulsrud-Hansen ser likevel eit lite ljospunkt i korleis brudeparet og Hello! Magazine har handsama situasjonen til no.

Hello! Magazine

Det britiske vekebladet Hello! Magazine har kjøpt dei eksklusive rettane til bilete under bryllaupet.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

I pressemeldinga om fotoavtalen nyttar vekebladet nemleg ikkje tittelen til prinsessa; dei omtaler ho berre som dottera til kongen og dronninga av Noreg.

– Då kan det jo sjå ut til at dei hugsar på det innimellom, at tittelen hennar ikkje skal brukast kommersielt.

Trur kongehuset vil halda seg til same praksis

Kongehuseksperten får støtte frå Reidun Kjelling Nybø, generalsekretær i Norsk Redaktørforening.

Ho meiner òg det er lurt av kongehuset å reservera seg frå avtalen brudeparet har gjort.

– På den måten unngår dei å verte ein del av salet av rettar.

Reidun Kjelling Nybø, generalsekretær i Norsk redaktørforening

Reidun Kjelling Nybø i Norsk Redaktørforening er kritisk til at brudeparet ikkje vil la pressa dekka bryllaupet som ei ordinær hending.

Foto: Lise Åserud / NTB

– Sånn som eg tolkar det, signaliserer kongehuset no at dei ikkje ynskjer å verta ein del av den eksklusivitetsavtalen som brudeparet har inngått. I staden ynskjer dei å framleis halde seg til den praksisen ein har hatt tidlegare, i forholdet til norske medium, seier Nybø vidare.

Vil ikkje dela detaljar med offentlegheita

Brudeparet vil ikkje dela korkje gjestelista, programmet eller andre detaljar om bryllaupet med offentlegheita.

Prinsesse Märtha Louise og Durek Verrett

Mange forventar at bryllaupet til Märtha Louise og Durek Verrett vert ei stor hending, men brudeparet sjølv vil ikkje at offentlegheita skal få vita så mykje om det på førehand.

Foto: Geir Olsen / NTB

Det grunngjev dei med at bryllaupet er eit privat arrangement.

I ei pressemelding onsdag skreiv dei at det er gledeleg at mange ynskjer å ta del i feiringa.

– Denne store interessa stiller likevel svært høge krav til kapasitet, sikkerheit og logistikk. Me har difor valt å inngå ein eksklusiv avtale om dekning av vigslinga og festen med Hello! Magazine, skreiv dei mellom anna.

Publisert 21.08.2024, kl. 21.16

Read Entire Article