Slik ser hytta ut etter den kraftige eksplosjonen

2 days ago 7



– Det høyrdest ut som ei bombe, seier ein hyttenabo til NRK.

15 minutt inn i det nye året starta med eit skikkeleg smell i ei hytte i det populære hytteområdet Hafjell i Innlandet.

Då fekk naudetatane melding om brann i ei hytte der det også skal ha vore fyrverkeri involvert.

Kva som skjedde, veit politiet foreløpig ikkje.

Men politiet omtalar det som ein eksplosjon i boden inne i hytta, noko som førte til store skadar på bygget.

Eksplosjon i hytte på Hafjell

Hytta fekk store skadar i eksplosjonen. Ein mann vart send til Ullevål sjukehus med alvorlege skadar.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Det var to born og tre vaksne på hytta.

Ein av dei vaksne, ein mann i 50-åra, vart skadd og flydd til Ullevål sjukehus med alvorlege skadar.

«Uvanleg»

NRK har snakka med fleire hyttenaboar i området, som ikkje ønsker å stå fram med namn.

Fleire omtalar smellet frå eksplosjonen som «uvanleg».

Eksplosjon på hytte i Hafjell

Denne heimelaga utskytingsrampa skal ha blitt brukt til å skyte opp fyrverkeri.

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Mannen var inne i boden då det eksploderte og starta å brenne i rommet.

Han klarte å ta seg ut og vart raskt tatt hand om og gitt førstehjelp av fleire hyttenaboar som kom springande til.

  • Eksplosjon Hafjell

    Deler av hytta fekk store skadar etter eksplosjonen og brannen.

    Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK
  • Eksplosjon Hafjell

    I meldinga som politiet publiserte natt til 1. januar, står det at naudetatane fekk melding om brann i ei hytte der fyrverkeri skal ha vore involvert.

    Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK
  • Eksplosjon Hafjell

    Fleire hyttenaboar kom til med sløkkeapparat.

    Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK
  • Eksplosjon Hafjell

    Det var fem personar i hytta, tre vaksne og to born. Ein mann i 50-åra vart sendt til Ullevål sjukehus med alvorlege skadar. Dei fire andre vart sende til sjukehuset på Lillehammer for sjekk.

    Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK
  • Eksplosjon Hafjell

    Politiet har sperra av åstaden og skal gjere kriminaltekniske undersøkingar.

    Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Politiet etterforskar saka

Politiet har foreløpig ikkje avhøyrt mannen i 50-åra som vart skadd i eksplosjonen eller andre som var til stades.

– Politiet etterforskar hendinga og vil prøve å finne ut av kva som har skjedd og kva som er årsaka til eksplosjonen, politiadvokat Tore Martin Søbak Gundersen.

Politiadvokat Tore Martin Søbak Gundersen

Politiet veit foreløpig ikkje kva som førte til eksplosjonen i hytta natt til 1. januar. Politiadvokat Tore Martin Søbakk Gundersen seier at politiet prøver å finne svaret på kva som skjedde i hytta.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Det inneber også å prøve å få svar på om det har skjedd noko straffbart.

Politiet planlegg no kriminaltekniske undersøkingar på åstaden, og vil avhøyre personar som var på staden.

Ingen er sikta i forbindelse med eksplosjonen.

Eksplosjon i hytte på Hafjell

Politiet har sperra av eigedommen i hyttefeltet. 

Foto: Aleksandr Nedbaev / NRK

Publisert 02.01.2025, kl. 18.11

Read Entire Article