Slik redda Morten sonen frå flammane

1 day ago 7



Det skjer utan forvarsel. Ein eksplosjon. Morten sprett opp frå stolen. Frå den sylvblanke batteripakken står ein fresande ildsprut i taket.

På sekund er hytta omgjort til eit flammehav og ein ekstrem varme stikk i huda.

Morten har berre ein tanke i hovudet. Han må sløkke. Han kastar seg gjennom ildspruten og ut i gangen.

Sonen Jakob prøvar å springe etter, men varmen er allereie for sterk.

Stova i fjellhytta etter Feforbrannen

Sofaen, gardinene og alt av inventar tok fyr i den ekstreme varmen.

Foto: Privat

Hytteturen

Det er torsdag 1. mai og ei etterlengta langhelg for familien frå Stange.

Det har vorte ettermiddag når Morten Lillejordet stoppar bilen ved hytta på Fefor i Gudbrandsdalen. Det er kald og klår vårluft og ingen andre hyttenaboar å sjå.

Familiehytta er mørkbeisa med raud innramming rundt vindauga. Ho ligg for seg sjølv på ei høgde, omringa av krokete fjellbjørk.

Morten legg ved i omnen og set vindauge på gløtt. Det er fast rutine. Han og kona Ewelina hentar resten av bagasjen i bilen, medan sonen Jakob (12) held varmen med å leike med hunden Inka.

Vanlegvis ville også storebror Peder vore med på hytta, men han ville vera heime med kjærasten sin denne helga.

Bildet tatt da familien ankom hytta. Tatt av bilen

Dette bildet tok familiens bil av Morten og Ewelina rett etter dei kom til hytta.

Foto: Privat

Ewelina og Jakob finn ro i hytta, medan Morten har fleire ting som må i hus. Morten har alltid eit prosjekt gåande. Han er byggmeister og takstmann og er glad i å ha noko å drive med.

Denne helga er planen å gjera ferdig eit lite tilbygg. På bilen har han byggematerialar og ein ATV som han skal bruke til å frakte utstyr frå parkeringa og opp den smale gangstigen til hytta.

Dei har berre eit solcelleanlegg på hytta, så til byggeprosjektet har Morten fått låne ei batteripakke av ein kjenning.

Den har fleire straumuttak og er kraftig nok til å drifte større byggesager.

Ho er over hundre kilo tung, og sjølv den kraftige byggmeisteren må ha hjelp til å løfte ho. Det er eit dyrt batteri, men Morten har fått låne det for å teste det ut.

Men nokre månader tidlegare oppdaga han ei stor svakheit med det.

Batteriet fungerte ikkje i minusgrader.

Vindauge på hytta som brann på Fefor

I vindauge til venstre prøvde Morten å få tak i haspene på innsida for å prøve å redde sonen ut der.

Foto: Even Lusæter / NRK

Han veksla fleire meldingar med eigaren, og dei vart einige om at einaste løysing var å ta batteriet inn i hytta.

Kveldsfreden

Inne har dei fått fyra opp, og mor Ewelina har gått opp på loftet og lagt seg. Nede i stova sit Jakob i ein mørk treningsdress med mobilen i handa. På golvet ved omnen har Inka krølla seg saman.

Ute har Morten fått parkert ATV-en og lyser rundt for å sjå at alt er i orden for kvelden. Inne i stova ser han Jakob sitja med telefonen og spør om det ikkje er på tide å pusse tennene og legge seg.

Men Jakob berre reiser seg frå stolen og set seg i fanget til far. Det er langhelg og kveldsfreden har senka seg.

Inventar etter hyttebrannen på Fefor

Slik såg det ut i hytta etter brannen. Til og med ein brytar i naborommet hadde smelta.

Foto: Privat

Ute ved gangdøra står batteriet. Rett ovanfor står eit vindauge på gløtt.

Det er mørkt ute. Jakob og Morten sit i kvar sin stol og gjespar mot ein dårleg TV-serie. Frå andre sida av rommet høyrest knitringa frå den svarte vedomnen.

Det lengste minuttet

Alt skjer så fort. Eit kraftig smell. Den fresande ildspruten frå batteriet står i taket, og flammane slikkar bortover mot loftet der kona Ewelina ligg og søv.

Dei neste sekunda må Morten ta val som skal bli livsviktige.

Han må kvele flammane. Men vil han greie å koma seg levande forbi?

Han løfter hendene mot ansiktet og kastar seg gjennom ildspruten og ut i gangen der han veit pulverapparatet står.

Sonen Jakob prøver å springe etter, men varmen er allereie for sterk. Han går nokre rundar i røyken før han besvimer og blir liggande livlaus på golvet.

Ute i gangen kjem tvilen. Tenk om han ikkje får sløkt.

Skal han inn att og dra sonen gjennom flammane og få han ut, eller prøve å sløkke? Og kva med kona som ligg og søv på loftet? Og hunden...?

Han rekk eigentleg ikkje å tenke, alt går på instinkt. Han må sløkke.

Brann i hytte på Fefor

Rett før eksplosjonen sat Jakob og Morten og såg på TV. Etter eitt minutt i den ekstreme varmen, smelta skjermen som eit talglys.

Foto: Privat

Ute i gangen finn han brannsløkkingsapparatet. Nå er varmen inne så ekstrem at tv-en smeltar. Gardinene brenn, bokhylla, sofaen, vedstabelen. Alt brenn, og flammane tømmer rommet for oksygen og fyller det med beksvart røyk.

Det er umogleg å koma inn att. Einaste moglegheit er å prøve å sløkke brannen gjennom vindauge som står på gløtt.

Han har berre dette brannsløkkingsapparatet. Han har berre denne sjansen. Han veit det står om sekund før heile hytta er overtent.

Han bøyer seg inn gjennom vindauge med pulverapparatet og ropar til Jakob og Ewelina medan pulveret går ut.

Bilder frå utsida av hytta der det brann

Brannsløkkingsapparatet som Morten greidde å kvele flammane med.

Foto: Privat

Adrenalinet pumpar. Morten står med eine handa langt inne i flammane og kjenner ikkje fysisk smerte.

Det tek om lag 25 sekund å tømme eit brannsløkkingsapparat.

For Morten blir dette dei lengste sekunda i livet. Han veit alt for godt kor vanskeleg det er å sløkke brann i litiumbatteri. Vil pulveret gjera jobben? Burde han gjort noko anna?

Varmen frå batteriet stikk i huda og svart røyk veltar ut av glaset. Han kastar hovudet til sides for å få luft.

Det sprakar og brenn i stova. Inne i varmen og røyken ligg sonen Jakob, kona Ewelina og Inka. Morten rekk også å tenke om han nokon gong får sjå dei att i live.

Jakob

Når siste pulveret hostar ut av apparatet, ser Morten at det truleg har gjort jobben. Dei hissige sveiseflammane frå batteriet ebbar sakte ned og sløkker.

Men varmen er framleis intens, og gjennom den svarte røyken ser han det lyser opp i fleire småbrannar rundt om i stova.

Inventar etter hyttebrann på Fagerli

Gjennom dette vindauget, lengst frå brannkjelda, prøvde Morten og koma seg inn til Jakob.

Foto: Privat

Morten har ingen sjanse til å koma inn att, så med berre nevane går han laus på det andre vindauget i stova, det som er lengst unna brannkjelda.

Det var innanfor der Jakob sat. Han håpar han held seg i ro.

Han slår seg gjennom sprosser og to lag med glas for å prøve å få tak i haspene på innsida. Han vil prøve å redde Jakob ut der.

Men også her veltar svart røyk ut. Han må gjeva opp.

Morten rekk å tenkje om det var dumt å slå inn ruta. Kva om dette fører til at brannen blussar opp att? Han har ikkje fleire slukkeapparat. Det næraste han kjem vatn er ein bekk i nærleiken.

I desperasjon og frykt spring han mot døra og kastar seg ned på alle fire og krabbar langs golvet.

Han veit det står om sekund. Der inne kan ingen overleva lenge.

Inventar etter hyttebrann på Fefor

Slik såg noko av inventaret i hytta ut etter brannen.

Foto: Privat

Morten har svidd seg i ansiktet, og håret på eine sida av hovudet er borte. Han har ikkje sko og blodet renn frå hendene.

Men det skal gå mange minutt før han kjenner den fysiske smerta. Nå er det berre frykta for eigen familie som jagar i hovudet.

Han kjenner seg fram med hendene og krabbar mot det området i stova der han trur Jakob er.

Ewelina

Oppe i loftsrommet har kona Ewelina vakna av røykvarslaren. Nå høyrer ho Morten rope: Jakob! Jakob! Ewelina!

Ho må ut, men flammane frå batteriet har også nådd loftstrappa, og svart røyk fyller rommet.

Trappa er bratt, og dett ho ned der og blir liggande i røyken, vil det truleg vera over.

I berre nattkjolen freistar ho å ta seg ut av vindauget i naborommet, men sjølv i det vesle soverommet greier ikkje Ewelina å orientere seg. Ho finn ikkje vindauge og må snu.

Hytta brannatta

Oppe på loftet låg Ewelina og sov da batteriet eksploderte.

Foto: Even Lusæter / NRK

Samtidig har pulverapparatet til Morten fått roa dei verste flammane, og Ewelina greier til slutt å ta seg ned loftstrappa.

Ho finn utgangsdøra, og på plattingen utanfor ser ho at begge er ute. Morten hadde funne Jakob på golvet der han trudde han låg, og fått han med seg ut.

Dei hostar i den svarte røyken, og det er framleis småbrannar inne i hytta. Dei er berrbeinte og tynnkledde i den kalde vårnatta. Dei er i sjokk.

Ewelina ser at Morten er brent og blør frå hendene. Ho trur det er han som er hardast skadd.

Men ho skal ta feil.

Morten og Jakob Lillejordet i hytta etter brannen

Familien besøker hytta etter brannen.

Foto: Privat

Ewelina vil inn etter hunden, men Morten prøvar å stoppe ho. Han vil henta Inka sjølv. Han såg hunden ligge bevisstlaus på golvet da han henta Jakob.

Men Ewelina ser at det renn blod frå hendene hans og går.

I berre nattkjolen kryp Ewelina inn att i stova og får med seg Inka ut. Ho veit kva kjæledyret betyr for Jakob.

Det er litt over eitt minutt sidan det small. Nå er alle ute.

Dei står begge over Jakob. Ute i den friske lufta vaknar han til. Jakob lever.

Men dei forstår begge alvoret. Den mørke treningsdressen hans har svidd seg inn i huda.

Det skal enda gå 26 minutt før fyrste framskotne eining frå brannvesenet kjem fram til fjellhytta.

Hyttebrann på Fefor

Da NRK kom til staden, blinka det i blålys rundt heile hytta.

Foto: Even Lusæter / Se Potion

Ei lykt i mørke

Det er nattsvart og surrealistiske scener på plattingen utanfor hytta. Det er bøtter, klutar og svidde klede. For Morten og Ewelina er hendingane dei neste 26 minutta meir vage i hukommelsen.

Men på naudsamtalen kan dei høyre at både stemma i telefonen og dei sjølve kommuniserer roleg.

Dei hentar vatn i bekken til å kjøle ned brannskadane, dei steller med Jakob med det vesle dei har å hjelpe seg med. Tettar det knuste vindauge og vaskar blod av hendene.

AMK har trykt på den store, raude knappen.

Den fyrste hjelpa som kjem er ein mindre beredskapsbil frå brannvesenet i Nord-Fron. Dei får auge på ei telefonlykt inne i bjørkeskogen, og forstår med ein gong kvar hytta ligg.

Tor-Odin Hvaal om utrykninga til hyttebrann

Til alt hell var det helseutdanna folk frå Nord-Fron brannvesen som kom fyrst til staden, slik som Tor-Odin Hvaal. Bildet er tatt da familien frå Stange var på besøk på brannstasjonen på Vinstra, for å treffe att redningsfolka.

Foto: Alexander Nordby / NRK

I eit frivillig brannvesen er det litt tilfeldig kven som kjem fyrst til staden. Denne dagen er det til alt hell Tor-Odin Hvaal som er med i den fyrste bilen.

Han jobbar til dagleg som ambulansearbeidar.

Tor-Odin og kollegaen skildrar ei roleg stemning når dei kjem fram til hytta. Dei står alle oppreist, side om side. Jakob til venstre, så Morten og Ewelina med Inka i band.

Medan den eine brannmannen går inn i hytta, slår Tor-Odin over i helsemodus.

Han finn ein benk, får på dei oksygen. Snart blinkar det i blålys rundt heile hytta.

Ulykkesnatta utanfor hytta

Foto: Even Lusæter / NRK

Også NRK rykker ut til hendinga. Da media kjem til staden, er Jakob nettopp løfta inn i luftambulansen. I ansikta på hjelpemannskapa kan ein lesa alvoret i situasjonen.

Brannskadd

Jakob blir med luftambulansen til Lillehammer.

Det står om livet.

Mor Ewelina har også fått i seg røyk, men er elles utan fysiske skader. Ho fylgjer ved Jakob si side heile vegen.

Ewelina held handa til Jakob

Ved sjukesenga på Haukeland sat mor og far og snakka til Jakob. Sjølv om han truleg ikkje kunne høyre orda, meinte legane det var godt for han å høyre kjente stemmer.

Foto: Privat

Morten har store brannskadar og blir frakta med ambulanse til Lillehammer og får behandling der.

I det intense minuttet ved hytta var det far som måtte ta dei vanskelegaste vala. Dei neste dagane er det mor som kjem tettast på dramatikken.

Jakob har brannskadar på 43 prosent av hudoverflata, og på Lillehammer forstår legane at dei må i gang med livreddande behandling.

Før Jakob sovnar av narkosen får han sagt til mor: De må ikkje la Inka døy.

Det skal gå veker før dei høyrer stemma til Jakob igjen.

Etter åtte timar på Lillehammer, blir Jakob og Ewelina sendt med ambulansefly til Haukeland i Bergen.

I sjukehusbukse og lånte crocs frå Lillehammer, går mor Ewelina rundt i gangane på Haukeland og fryktar for sonens liv. Ho får koma inn til sonen berre fem minutt om dagen.

Jakob Lillejordet på Haukeland

Dei første vekene såg foreldra berre leppene og tærne til Jakob.

Foto: Privat

På telefonen informerer ho Morten om situasjonen til Jakob.

12-åringen har fått i seg mykje røyk, er kraftig dehydrert og har sår og flammeskadar på store delar av kroppen.

I to dagar er legane usikre på om han vil overleva.

Den første tida ser dei berre leppene og føtene hans. Etter nokre dagar blir også Morten flytta frå Lillehammer til Haukeland for vidare behandling.

Dei er rundt sjukesenga til Jakob heile tida. Dei prøvar å snakke med han, sjølv om han truleg ikkje høyrer.

Mor les også fleire bøker for han ved senga.

Legane seier at pulsen hans går ned når han høyrer kjente stemmer.

Så følgjer månader med smertefulle operasjonar, hudtransplantasjonar, kløe og opptrening.

Morten og Jakob Lillejordet etter hyttebrannen

Foto: Privat
  • I TV-serien «Barnesykehuset» ser vi korleis legane jobbar med å redde den hardt skadde Jakob:

Små steg

Jakob må lære seg å gå på nytt. Han må lære seg å snakke på nytt. Han må lære seg å møte verda med sitt nye ansikt.

For mor Ewelina var det tungt å få beskjeden om at Jakob hadde ansiktsskadar. Det er også ho som må bringe beskjeden vidare til Morten. Legane var tydelege.

Den fyrste tida ville ikkje Jakob sjå seg sjølv i spegelen. Han tykkjer han ser skummel ut og kjenner ikkje seg sjølv. Det er krevjande dagar for familien. Men det kjem også oppturar.

Inka, familiehunden som Jakob er så glad i, ser ut til å greie seg bra. Ho har vore gjennom kostbar behandling, men ein hundeoppdrettar på Furnes sette i gang ein innbringande Spleis.

For Morten og Ewelina var det ein seier å kunne fortelja Jakob at Inka hadde overlevd.

Så kjem dei første orda. Det er småord som «mor» og «far». Snart heile setningar.

Jakob er ein tolmodig og målbevisst gut. Legane seier han er veldig moden for alderen.

Bilde av Jakob i hytta på Fefor

Attende på hytta. I stova står Jakob og ser på staden der Morten fann han.

Foto: Privat

To steg i dag, den neste ti, seinare to tusen. Så er det å finne ein lett ball og gjera sine første fotballtriks og lesa lykkønskingar frå klassekameratane.

Etter sju og ein halv månad på Haukeland, ei veke før jul, kan familien reise heim til småbruket på Stange og ta att kvardagen.

NRK har vore i kontakt med eigaren av batteriet som eksploderte. Han seier at ulykka har vore ei stor belastning også for han og familien. Saka er ferdig etterforska og lagt bort. Politiet konkluderte med at brannen truleg skuldast kortslutning i batteriet. Familien Lillejordet vil også understreke at dette var ei ulykke ingen kan klandrast for.

Marginane

På Sveum idrettspark står nokre titals foreldre og hutrar med pappkrus i handa. Det er flest brumunddølar, men akkurat nå er det bortesupporterane frå Stange ein høyrer best.

For ute på banen har nettopp den driblesterke 13-åringen Jakob scora mål. Det er ikkje fyrste gongen at han set ballen i nettet, men for Morten og Ewelina har dei små oppturane vorte litt ekstra verdifulle.

Ewelina, Morten, hunden Inka og Jakob

Etter kampen kunne familien glede seg over at Jakob hadde scora mål. Til og med Inka hadde fått på seg det raude supporterskjerfet frå Stange Sportsklubb.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Jakob er langt frå den forma han var i før ulykka. Sår etter hudtransplantasjonane gror seint og klør.

Men nå er han attende sjå kameratane sine på skulen og på fotballbanen. Han har vore på Norway Cup og på konfirmasjonsleir.

For sjølv om kvardagen er nokså lik som før ulykka, er dei alle prega av hendingane på kvar sin måte.

Morten Lillejordet

Morten Lillejordet

Foto: Alexander Nordby / NRK

Morten:

– Det gjekk jo bra, og vi høyrer folk seier at det gjekk bra. Ja, vi overlevde alle, til og med hunden. Men det er personskadar her, og skader ein ikkje ser. Og livet til Jakob er snudd på hovudet, og han skal leva med dette resten av livet.

Ewelina Lillejordet

Ewelina Lillejordet

Foto: Alexander Nordby / NRK

Ewelina:

– Vi skal vera positive, og det var mykje som gjekk bra. Men det skal vera rom for å sørge litt også. Eg tykkjer framleis Jakob er ein kjekk gut, og vi har ikkje mista nokon, men det er ei sorg i dei følgene som vi må bera med oss.

Jakob tilbake i aktivitet etter brannen

Foto: Alexander Nordby

Jakob:

– Etter ulykka har eg vorte kjent med mange trivelege folk. Og eg tenkjer at det er meir synd på dei som har større utfordringar enn eg, det er mange som har enda meir trøbbel.

Publisert 22.09.2026, kl. 19.13

Read Entire Article