Slik gjer du ein god handel på Black Friday

3 weeks ago 11



I fleire veker har butikkane lada opp til Black Friday ...

... og det er store sjansar for at akkurat du kjem til å opne lommeboka.

DANIEL LEAL-OLIVAS / AFP/NTB

Dette er reklamen som møter deg.

Kva gjer du?

– Eg sjekkar aldri prisstatistikk, eigentleg. Ser eg eit tilbod eg likar, så handlar eg.

Leah er ikkje åleine om å vere gira på gode tilbod.

Over halvparten i aldersgruppa 18-29 har planar om å handle på Black Friday, ifølge ein rapport frå Forbrukarrådet.

Høge rabattar gjer det lett å tenke at du berre MÅ handle.

Men det kan også hende at tilbodet ikkje er fullt så bra som det ser ut til…

Dei siste åra har fleire butikkar blitt tatt for å jukse med førpris.

Tre av fire i undersøkinga til Forbrukarrådet seier at dei ikkje stolar på prisane butikkane skiltar med.

Truleg er det ein av grunnane til at ein del gjer som Victoria Brist (23).

Ho styrar unna heile Black Friday.

Black Friday, Black Week, Cyber Monday.

Victoria er ein av mange som meiner det heile har tatt litt for mykje av.

Vidar Ruud / NRK

Heile 7 av 10 ønsker seg strengare reglar knytt til reklame for sal og avslag.

Gorm Kallestad / NTB scanpix

Det er lite som tyder på at Black Friday forsvinn med det første.

Men det er mogleg å gjere ein god handel - viss du har hovudet med deg.

Fire råd for å gjere ein god handel:

  • Sjekk prishistorikk: Sørg for at prisen faktisk er satt ned.
  • Ver kritisk til rabattane: Det kan hende at varen du vil ha er endå billigare i ein annan butikk.
  • Skriv handleliste
  • Unngå å handle på impuls: Ikkje kjøp ting du eigentleg ikkje treng berre fordi det er billig.

OPPDATERT 26. november:

I ein tidlegare versjon stod det at ein norsk klesbutikk set opp prisene med 360 prosent på Black Friday. Det riktige er at dei sette opp prisane på "Overshoot Day", som i år var 1. august.

Hei!

Takk for at du hang på heilt ned hit!

Vi lagar saker om og for unge lesarar.

Fekk denne saka deg til å tenke på noko? Eller har du eit tips knytt til handlevanar, økonomi eller noko heilt anna?

Send oss gjerne ein e-post!

Read Entire Article