Denne våren må i alt seks menn møte i retten, skulda for mellom anna seksuell omgang med barn mellom 14 og 16 år.
Det spesielle i sakene er at den fornærma er den same mindreårige guten.
Frå før er ein lokal Ap-topp i 50-åra dømd til fengsel for overgrep mot same fornærma. I tillegg er ytterlegare fem menn sikta.

No risikerer altså ein mann i 40-åra og ein mann i 60-åra fengsel. Dei er tiltalte for grov seksuell omgang fordi dei forgreip seg på den då 14 år gamle guten i fellesskap.
– Når det gjeld den fornærma, må eg berre seie, stakkars gut, sa statsadvokat Folke Åmlid i sin sluttprosedyre i retten førre veke.
Møttest på Grindr
Der bad han om åtte månadar fengsel for mannen i 40-åra og eitt år fengsel for mannen i 60-åra.
– Det var veldig ukomfortabelt. Eg ville jo eigentleg ikkje, sa guten i tilrettelagde avhøyr som vart spelt av i Haugaland og Sunnhordland tingrett.
Der fortalde han også at han fekk sprit, pengar og røyk av overgriparane. Ein gong skal han ha drukke så mykje at han hamna på sjukehus med alkoholforgifting.
På skulen hadde han lite kontakt med jamaldra, fortalde han. Difor oppretta han ein profil på Grindr, ein datingapp for skeive. Der kom han altså i kontakt med fleire vaksne menn.

– Det var god stemning
Dei to tiltalte i denne saka erkjente begge straffskuld i førre veke.
I tillegg til overgrepet i fellesskap, er begge tiltalt for fleire overgrep mot guten på eiga hand.
Men begge hevda guten hadde sagt at han var 16 år, same som den seksuelle lågalderen er i Norge.
– Hadde han vore heilt ærleg på alderen, så hadde ikkje noko av dette skjedd. Han stod fram som sjølvsikker og med mykje erfaring, sa mannen i 40-åra til retten.
– Det var veldig god stemning. Me var snille med han. Eg spurde fleire gonger om han var 16 år, fordi eg hadde ein dårleg «feeling», sa mannen i 60-åra under sin forklaring.
– Dei visste kor gamal eg var, alle saman, parerer guten i avhøyr med politiet.
Det er også store forskjellar mellom det mennene seier dei gjorde saman med guten og dei dels smertefulle overgrepa han sjølv fortel at han er utsett for.
Både når det gjeld det felles overgrepet og dei andre overgrepa.
Begge dei tiltalte hevdar guten blandar det som kan ha skjedd med nokon av dei andre tiltalte eller sikta i sakskomplekset.
– Ikkje noko minneverdig
Det felles overgrepet mot guten skal ha skjedd i januar 2023, då han var 14 år gamal.
Mannen i 40-åra var derimot den som skal ha møtt den fornærma først, ved fleire høve seinhausten 2022.
Det var også han som tok med seg fornærma til bustaden til mannen i 60-åra i januar 2023, der gruppeovergrepet skjedde på den eldste mannen sitt soverom.
Der hadde 14-åringen bind for auga fordi han ikkje ville at den eldste mannen skulle sjå ansiktet hans.
– Heile opplegget var veldig kort. 10–15 minuttar av mitt liv. Det var ikkje noko minneverdig, sa den yngste mannen om det som skjedde.
Skal ein tru meldingsloggar som politiet har henta inn, var det noko annleis for mannen i 60-åra.
Skrytte av trekant med 14-åring
Ein annan mann skreiv til han i juli 2023 at han «har så lyst på en tenåring».
Då svarar mannen i 60-åra med eit nakenbilde av fornærma og meldinga: «Har han der på 14 år eg han som løy på alderen. Drittdeilig».
I avhøyr nokre månadar seinare, og no i retten, hevdar han altså at han trudde han var 16 år.
Mottakaren foreslår i SMS-chatten at dei skulle «fått brukt ein på 14 sammen». «Me ser», svarar tiltalte, før han seinare legg til:
«Hadde 3 kant med han på 14 med fire forskjellige».
– Eg berre spelte med
I retten sa han at fleire av meldingane var oppspinn, fordi mottakaren var interessert i unge gutar.
– Eg berre spelar med, forklarte han.
Statsadvokat Folke Åmlid la også fram fleire meldingar mannen har sendt via WhatsApp til ein mottakar i Thailand.
«Just finish sex with 16 year old boy», skreiv mannen under eit bilete av same gut. Nokre månadar seinare la han til eit bilete av guten i badekaret hans og skreiv at han hadde hatt sex i fire timar med «15-åringen», ifølge Bergens Tidende.

– Dette kan jo tyde på at du absolutt er villig til å ha sex med ein som er 15 år gamal, spurte statsadvokat Åmlid.
– Nei. Det er dumt å seie, men eg hadde ein telefon som hengde seg opp. Det er ikkje godt å seie om det er ein slurvefeil eller telefonen, svara mannen ifølge Haugesunds Avis.
Politiet har fått kritikk
Som TV 2 tidlegare har skrive, har politiet fått kritikk for etterforskinga av dei ulike overgrepssakene mot guten.
Bistandsadvokat Sigurd Klomsæt meiner politiet har undersøkt alt for lite av datamaskinar og mobiltelefonar.
Og difor ikkje avklart ordentleg om nokre av overgrepa var organiserte mellom dei mange tiltalte i sakskomplekset.

Elleve menn tiltalt eller siktet for overgrep mot samme gutt
I denne konkrete saka meinte Klomsæt at mennene eigentleg burde dømmast for valdtekt og la ned påstand om erstatningskrav i tråd med det.
Statsadvokat Folke Åmlid argumenterte for at det var straffeskjerpande med den store aldersforskjellen mellom dei tre og at guten har fått pengar og alkohol.
– Eg må minne om at det er ingenting som tyder på at det har vore organisert. Min klient har blitt sugd inn i eit narrativ om at det «finst noko meir her». Han har erkjent straffskuld heilt frå starten av, sa forsvararen til mannen i 40-åra, Odd Arild Helland, ifølge Haugesunds Avis.
Dei ytterlegare fire tiltalte mennene møter i retten seinare i april og i mai.
TV 2 følgde rettssaka mot mannen i 40-åra og mannen i 60-åra digitalt, begge rettsdagane førre veke. Det var likevel ein del tekniske problem med overføringa, som gjorde at det mellom anna var både dårleg lyd og ikkje lyd i det heile. TV 2 har difor valt å sitere BT og Haugesunds Avis på nokre av sitata frå retten.