Astri Aas-Hansen: Politidirektoratet styrer politiets einingar si trafikksikringsinnsats gjennom årlege målkrav og indikatorar i resultatavtalane, særleg når det gjeld å avdekke fartsbrot og ruspåverka køyring som dei mest sentrale trafikkontrollane. Resultatkravet som politidistrikta og Utrykningspolitiet (UP) har fått tildelt, føreset omfattande kontrollinnsats og bidreg til å førebyggje og avdekke fartsbrot og ruspåverka køyring. Desse vegtrafikklovbrota er ofte ei hovudårsak eller medverkande årsak til dei fleste dødsulukker i trafikken, og dei har difor høgaste prioritet i politiet si trafikksikringsinnsats gjennom manuell kontrollaktivitet på veg.
Dette inneber at einingane ikkje rapporterer til POD om sjølve kontrollinnsatsen, men om resultata av kontrollinnsats retta mot fartsbrot og ruspåverka køyring. Einingane har derimot intern rapportering på talet ruskontrollerte førarar.
I den etterspurde 5-årsperioden 2020–2024 har politiet samla sett kontrollert 101 552 førarar i GDE Sogn og Fjordane, Vest politidistrikt, for ruspåverka køyring.
Desse fordelar seg slik: Patruljar frå Vest politidistrikt: 55 854, og patruljar frå UP: 45 698.
I same periode, og i same GDE, har politiet samla meldt 722 førarar for ruspåverka køyring, fordelt slik: Meldingar frå Vest politidistrikt: 446, og meldingar frå UP: 276.
I same periode og i same GDE har politiet samla reagert med forenkla førelegg eller meldingar mot 13 182 førarar for fartsbrot gjennom manuelle politikontrollar, fordelt slik: Fartsbrot registrert av Vest politidistrikt: 1 610, derav 99 meldingar og førarkortbeslag på grunnlag av høg fart, og fartsbrot registrert av UP: 11 572, derav 436 meldingar og førarkortbeslag på grunnlag av høg fart.
I tillegg har politiet samla avdekt 3 306 andre vegtrafikklovbrot enn fart og rus i Sogn og Fjordane. Dette er trafikklovbrot som ikkje inngår i tertialrapporteringa til POD og omfattar hovudsakleg ulovleg bruk av mobiltelefon, brot på regelverk om offentlege trafikkskilt, køyring utan førarkort, manglande bruk av bilbelte osv. – fordelt slik: Forhold avdekt av Vest politidistrikt: 1 963, og forhold avdekt av UP: 1 343.
Vidare ønskjer eg å nemne at 839 638 køyretøy vart kontrollert for fart gjennom automatisk trafikkontroll (ATK) i Sogn og Fjordane i 2024 ved passering av aktive ATK-boksar eller strekningar. Denne innsatsen, som vert administrert av UP gjennom politiet sitt ATK-senter, har ført til at 677 forenkla førelegg vart utferda, samt 39 meldingar og førarkortbeslag for fartsbrot.