Dokument nr. 15:1941 (2024-2025)
Innlevert: 11.04.2025
Sendt: 11.04.2025
Besvart: 24.04.2025 av justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen

Kjersti Toppe (Sp)

Spørsmål

Kjersti Toppe (Sp): Vil regjeringa sørge for at den nye tingretten for Hardanger, Voss og Samnanger kan fungere på beste måte ved å sikre politijuristar og arrest i Odda?

Begrunnelse

Gjenoppretting av tingretten i Hardanger er i rute og ny sorenskrivar er tilsett. Det er imidlertid bekymring frå både politi og tingrett at det i dag ikkje er politijuristar eller arrest i Odda, sjølv om alt legg til rette for det no når den nye tingretten med auka ansvarsområde blir gjenopna. Det vil vere avgjerande for ein velfungerande tingrett at desse tenestene blir tilbudt lokalt. Eg ber om at statsråden ikkje berre viser til at dette er politidistriktet sitt ansvar å prioritere, men at det blir innhenta opplysningar om kva som er gjort for å tilsette politijurist, kva som er planane for dette framover og likeså kva som er distriktet sitt mål for arresten i Odda, og kva som er regjeringa sin plan for å få sikre nødvendige tenester rundt tingretten i Hardanger.

Astri Aas-Hansen (A)

Svar

Astri Aas-Hansen: Det er politiet sitt ansvar å fastsette lokal organisering, prioritering og ressursbruk innanfor gjeldande rammer. Politiet gjer slike vurderingar i samråd med andre relevante aktørar, som kommunar og domstolar. Politidistriktet og andre lokale aktørar har best kunnskap om lokale utfordringar, moglegheiter og behov. Eg vil ikkje detaljstyre politiet på innsatsfaktorar som bemanning, lokalar eller tenester, men er oppteken av at politiet nytter ressursane slik at dei får best mogleg effekt, til nytte for samfunnet.