Laurdag fekk tidlegare kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V) sjå SKREI ferdigstilt i Kabelvåg.
Prosjektet tok 15 år å realisere og har vore gjennom fleire krevjande finansieringsrundar, har til slutt kosta over ein halv milliard kroner å realisere.
– Eg har med meg ei stor nyheit. Vi i regjeringa har bestemt oss, skreiprosjektet blir ein realitet, sa Raja under opninga av det nye Hurtigrute museet på Stokmarknes i 2021.
Opphavleg stod SKREI langt nede på prioriteringslista til Raja, men eit besøk overtydde han om å satse på prosjektet.
Vendepunktet kom hausten 2021 då han lova 160 millionar kroner over statsbudsjettet til det nye hovudbygget.
– Prosjektet var eigentleg ganske langt ned på lista, men me blei ramma av autentisiteten for prosjektet. Skreien er mykje meir enn ein fisk, det er sjølve forteljinga om Noreg, sa Raja.
Nybygget «Otolitten» utgjer no sjølve knutepunktet for Museum Nord sitt anlegg i Storvågan i Kabelvåg.
Dei andre bygga i anlegga Museum Nord driv er Lofotakvariet, Galleri Espolin og Lofotmuseet.
Museum Nord ventar kring 140 000 gjester kvart år. Føremålet med besøkssenteret er å gi gjestene ei brei innføring i skreien si historiske og nasjonale betyding, og vise korleis sjølve lofotfisket har forma Noreg – både økonomisk og kulturelt – i meir enn tusen år.
Museet skal gi eit samla bilde av korleis ressursane i havet har skapt arbeidsplassar, busetting og internasjonal handel frå Nord-Noreg gjennom hundrevis av år.
Budsjettsprekk
Grunnsteinen vart lagt ned i mai 2025 av noverande Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap). Opphavleg med ei kostnadsramme på kring 530 millionar kroner.
Men til slutt enda prosjektet opp med ei totalt investering på 583 millionar kroner. Der av 385 millionar er vart brukte på nybygget Otolitten og 198 millionar vart brukte på vidareutviklinga av dei eksisterande bygga.
Senteret opna dørene for publikum 30. juni 2026
Grunnsteinsnedlegginga i mai 2025
Marie Staberg / NRKUnder Laurdagens offisielle opning var det også Lubna Jaffery som klypte snora i Storvågen i Kabelvåg.
– Det er ein veldig spesiell og historisk dag. Dette er ein merkedag for lokalsamfunnet her, for regionen, men òg for landet. No får me vist fram heile historia til skreien, som er ein viktig del av Noreg si historie, seier Jaffery.
Lubna Jaffery heldt tale under den offisielle opninga av museet.
Foto: Dina Gjertine Svendal Kleiven / NRKRaja trekker fram at skreien til og med var med på å finansiere Nidarosdomen. Han er nå svært spent på å sjå korleis det ferdige bygget fortel denne historia til både norske og internasjonale besøkande.
– Eg har følgt prosjektet tett, og er utruleg stolt av heile denne historia no blir fortalt frå A til Å i eit museum, seier Raja.
Dina Gjertine Svendal Kleiven / NRK
Mats Siem-Johnsen og vesle Rikke Siem Ovesen
– Det er fantastisk for Kabelvåg! Eg trur det blir kjempefint for lokalbefolkninga her, men også ein ekstra måte å få fleire turistar hit, seier Mats Siem-Johnsen med vesle Rikke på armen.
Dina Gjertine Svendal Kleiven / NRK
Raymond Nordgård er leiar for stiftinga Nordlandsjekta Brødrene
– Det er veldig viktig å ha eit slikt senter. Lofotfiske var nødvendig for å kunne overleve, både i Nordland og oppover mot Troms og Finnmark. Jektefarten har gått føre seg i alle fall 500 år. Jektefarten står det for eksempel ikkje noko om i skulebøkene, som var livnærande for alle som bur her nord, seier Raymond Nordgård er leiar for stiftinga Nordlandsjekta Brødrene
Dina Gjertine Svendal Kleiven / NRK
William Abel Endresen Blakset
– Me skal dra til Lofotakvariet seinare i dag og eg gleder meg til å sjå fiskane, seier William Abel Endresen Blakset. Han teiknar dyr og skapningar som lev i Loft-havet.
Dina Gjertine Svendal Kleiven / NRK
Silje Parelius og mor Anne Hvidsten
– Eg synest det er veldig artig at dei nå har fått dette på plass. Det er gøy at det skjer noko her, både for oss som bur her, men også for turistane, seier Silje Parelius.
– Vi synest det er veldig stas å komme og sjå at det blir laga noko sånt her. Det er heilt nydeleg både for store og små. Vi har stor tru på at dette blir fint, seier Anne Hvidsten som er mor til Silje.
Dina Gjertine Svendal Kleiven / NRK
Alma Johanne Brenius Skei
Alma har prøvd lakse-rodeo under opninga av SKREI, for ho var dette heilt klart høgdepunktet.
– Det var veldig gøy, det var dette eg har gledd meg mest til, seier Alma Johanne Brenius Skei.
Ei 45 år gammal tanke
Ideen om museet starta for fleire tiår sidan, og det er mange som er glad for at SKREI no er opna.
Ordførar i Vågan kommune, Vidar Tom Benjaminsen, synast det er ei fantastisk oppleving å vere med på.
– Det har teke mange år. Frå ideen vart skapt til i dag, har det gått nesten 30 år. Med den prislappen er det ikkje noko kommunen eller museet sjølv kan betale. Det krev at stat, fylke, næringsliv og privatpersonar er med, og det har me klart, seier han.
Ordførar i Vågan kommune, Vidar Tom Benjaminsen ytst til venstre og direktør i Museum Nord, Geir Are Johansen i midten.
Foto: Dina Gjertine Svendal Kleiven / NRKSjølv om ordføraren tidfestar ideen 30 år tilbake i tid, var det fleire tankar rundt et slikt opplegg enda tidlegare.
– Dette er ein idé som starta lokalt i samfunnet her i Vågan, og som me i Museum Nord tok tak i. Det har nok vore gamle tankar frå heilt tilbake til utgravingane på 80-talet, men me byrja å verkeleg jobbe fram prosjektet i 2016, seier direktør i Museum Nord, Geir Are Johansen.
Publisert 20.09.2026, kl. 10.10 Oppdatert 20.09.2026, kl. 10.13












English (US)