Timothy Snyder er god på historie, svakare på filosofi og politisk forandring.
Tom Hetland
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Timothy Snyder:
Om frihet
Omsett av John Grande
380 sider
Forlaget Press
Den amerikanske historieprofessoren Timothy Snyder (55) har utmerka seg med uvanleg klar tale om farane som trugar demokratiet. Han er spesialist på sentral- og austeuropeisk historie og på Holocaust, og har dermed svært gode føresetnader til å seia noko om temaet.
Boka «Om tyranni – 20 ting vi kan lære av det 20. århundre» tok dei europeiske lærdommane heim og var ei åtvaring mot at også USA kunne gå i autoritær retning. Boka kom ut i 2017, same år som Donald Trump vart innsett som president, og det var neppe tilfeldig at ho toppa dei amerikanske bestseljarlistene det året.
Det er derfor med store forventningar – ikkje minst i desse dagar – ein opnar ei ny bok av Snyder, denne gongen med tittelen «Om frihet».
Uklar filosofi
Forventningane vert berre delvis innfridde. Spesielt i den første delen synest eg Snyder blir uklar og springande. Grepet med å skilja mellom negativ «fridom frå» og positiv «fridom til», som går som ein raud tråd gjennom boka, er berre delvis vellykka. Det same gjeld det systemiske skiljet mellom to tyske ord for «kropp»: «Körper», som er den fysiske kroppen, og «Leib», som gir kroppen fantasi, innleving, og ja, fridom. Distinksjonen er inspirert av den tysk-jødiske filosofen Edith Stein, men eg synest den blir både diffus og anstrengt når den skal innpassast i Snyders skjema.
Han kjem langt betre til sin rett som historikar enn som filosof. Kapitla om korleis fridommen gjekk tapt, vart vunnen tilbake igjen og på ny er i ferd med å forsvinna i Sentral- og Aust-Europa, er innsiktsfulle og velskrivne. Snyder har følgt denne utviklinga på nært hald, han har møtt sentrale aktørar som Vaclav Havel, Volodymyr Zelenskyj, Adam Michnik og Leszek Kolakowski personleg, og er tydeleg på heimebane. Snyder var ein av dei få som spådde at Russland ville gå til fullskala invasjon av Ukraina 24. februar 2022. Det var ikkje noko hokus-pokus, forsikrar han: «(Jeg) hørte på folk i Kyiv og fulgte nøye med på den russiske propagandaen.»
På same måte tok han Trump på ordet i 2021, og spådde at den tapande presidenten ville prøva å gjera statskupp.
Det amerikanske forfallet
Skildringa av forfallet i det amerikanske demokratiet er sterk og skremmande lesnad, sjølv om analysane ikkje er originale. Snyder er opptatt av at blandinga av privat initiativ og sosial rettferd, som karakteriserte USA frå Franklin D. Roosevelts New Deal på 1930-talet og fram til nyliberalismen overtok med Ronald Reagan i 1980, har forvitra. Den amerikanske draumen er borte, kapitalismen blir framstilt som «frihetens eneste kilde». Både dei nye superrike og den vellykka kvite middelklassen innbiller seg at dei berre har seg sjølve å takka for suksessen. Dei mange redde, sinte og frustrerte blant amerikanarane vender aggresjonen nedover mot dei som er endå dårlegare stilt, eller mot ei idyllisert fortid.
Slik blir grunnlaget lagt for det Snyder kallar «sadopopulisme» og i neste omgang for tyranniet.
Som motsats stiller forfattaren opp eit samfunn som minner sterkt om det skandinaviske sosialdemokratiet. Spørsmålet er korleis ein skal koma dit. Her synest Snyder leggja meir vekt på personleg ansvar enn politisk organisering.
Snyder har likevel interessante perspektiv på kva som er livsgrunnlaget for demokratiet. Med den flotte setninga «Demokratiet er et verb forkledd som et substantiv» slår han fast at det må brukast, utviklast og diskuterast. Nær folk. Eit eksempel på ein viktig grunn til polariseringa i USA er samanbrotet for lokalpressa, meiner Snyder. Det er ein påstand eg også har høyrt frå andre amerikanarar: Den politiske samtalen er ikkje lenger knytt til folks lokale fellesskap og daglege erfaringar, men til fjerne figurar på tv-skjermen eller konspirasjonsteoriar på sosiale medium.
Mot slutten av boka blir Snyder meir svevande igjen. Og på ekte amerikansk vis formulerer han ei happy ending: «Problemet vi strir med, er ikke verden, problemet er oss. Og dermed kan vi løse det. Vi kan være fri, såfremt vi ser hva frihet er.»
Store ord, som ikkje er lette å tru på.
Publisert:
Publisert: 19. november 2024 21:40