Skepsisen til turisme aukar: – Vi vil ikkje ha «Barcelona-stemning»

1 week ago 28

– Undersøkinga viser at skepsisen til turisme, eller talet på gjester, har auka frå tidlegare undersøkingar. Så det er ein negativ trend.

Det seier administrerande direktør i Nordnorsk reiseliv, Trond Øverås.

I desember i 2024 gjennomførte Nordnorsk reiseliv ei spørjeundersøking der 2086 innbyggjarar i Tromsø svarte på spørsmål knytt til deira oppleving av reiselivsnæringa.

No er resultatet klart:

Heile 77 prosent svarar at dei synest det er for mange turistar i Tromsø. Resultata frå undersøkinga viser ei betydeleg forverring i haldningane til reiselivet samanlikna med tidlegare målingar.

Avisa Nordlys omtalte undersøkinga først.

Ikkje overraska over resultatet

Talet på hotellovernattingar i Tromsø auka med 22.2 prosent i desember 2024, samanlikna med 2023. I tillegg har talet på bestillingar gjennom Airbnb auka med 70 prosent frå 2023 til 2024, ifølge rapporten om innbyggjarundersøkinga.

Tidlegare har spørjeundersøkinga vore gjennomført utanfor høgsesongen – som er på vinteren med nordlysturistar.

– Innsikta som kjem fram i undersøkinga er ei viktig tilbakemelding frå innbyggjarane i Tromsø for korleis dei opplever situasjonen i vintersesongen, seier Øverås i Nordnorsk reiseliv.

Trond Øverås, administrerende direktør i Nordnorsk reiseliv

Trond Øverås i Nordnorsk reiseliv, seier at eit generelt trekk i undersøkinga er at skepsisen med tanke på turistar, og korleis dei agerer og tek seg til rette, har auka negativt.

Foto: Rebekka Ellingsen / NRK

Kva tenkjer du om at 77 prosent svarar at dei synest det er for mange turistar i Tromsø?

– Det er eigentleg ikkje eit overraskande resultat. Det var vel som forventa. Det viktigaste no er å jobbe med tiltak for å få ein betre situasjon både for innbyggjarar og for dei gjestene som besøker oss, seier Øverås.

Det er også aukande støtte for innføring av turistskatt i innbyggjarundersøkinga. Heile 75 prosent meiner turismen bør avgrensast.

67 prosent er bekymra for at turismen kan svekke deira verdi av å bu der dei bur i framtida, noko som er ei auke på 33 prosentpoeng frå året før.

I rapporten peikar ein på at ei forklaring på dette kan vere at veksten går raskare enn tilrettelegginga. Ved stor vekst i besøkande, aukar også belastninga på lokalsamfunnet og innbyggjaren.

Må gå i kø for å komme ut av leilegheita

Venninnene Ida Sofie Kvam og Irene Taylor er på handletur i Tromsø sentrum.

– Eg synest det må bli tilrettelagt litt betre, med tanke på både trafikken, og at lokalbefolkninga skal få moglegheita til å bruke dei tilboda vi har, seier Kvam.

– Kanskje busstilbodet skal bli litt betre, slik at det blir tilgjengeleg for alle, føreslår ho.

Venninna er einig.

– Eg synest det er litt overbefolka. Eg bur i sentrum, så eg går i kø for å komme meg ut av leilegheita mi. Det er mykje folk på bussane. Det er irriterande med trykk i butikkane i sentrum. Det er mykje køventing og mykje forsøpling, seier Taylor.

To jenter med kåpe inne på kjøpesenter

Venninnene Ida Sofie Kvam og Irene Taylor merkar godt at det er mykje turistar i Tromsø, og synest det bør bli betre tilrettelagt – spesielt på kollektivtransport.

Foto: Tove Jensen / NRK

Slit med å handtere rask auke i besøkande

Det vi ser med innbyggjarundersøkinga er ein veldig god temperaturmålar på kva innbyggjarane opplever no, med tanke på trykket frå reiselivsnæringa.

Det seier Helga Bårdsdatter Kristiansen, prosjektleiar for reiselivsprogrammet i Tromsø kommune.

en person med langt hår og briller

– Faren er at dei besøkande ikkje trivst så godt, og det må vi unngå, seier Helga Bårdsdatter Kristiansen. Ho er prosjektleiar for reiselivsprogrammet i Tromsø kommune.

Foto: Tove Jensen / NRK

Kva betyr det når innbyggjarane verkar så misfornøgde?

Det er ei veldig viktig tilbakemelding å ta med oss vidare i prosessen. Det er ikkje til å stikke under stol at besøksforvaltninga slit med å halde tritt med den raske auken i besøkande.

Kristiansen trur vi må sjå til land som har lukkast med å ta imot store mengder turistar.

Vi har samarbeid i prosjekt som blant anna går mot Island, nemner ho, og held fram:

Ein kan jo alltid sjå i retrospekt kva ein kan gjere annleis, men eg trur det viktigaste no er å forstå kva ein må gjere framover for å lukkast.

Vi vil ikkje ha «Barcelona-stemning» her, seier ho og ler.

I Tromsø for å sjå nordlyset

Julia og familien hennar frå Como i Italia, har teke turen til Tromsø i aprilsola.

– Det er første gong vi er her i Tromsø. I dag besøker vi byen for å sjå aktivitetane.

Kvifor akkurat Tromsø?

– Fordi vi elskar nordlyset!

Dei er godt vande med mykje turisme i heimlandet, men har også lagt merke til trykket i Tromsø.

– Det er mykje turistar. Eg trur folk som bur her, bur her fordi det er veldig avslappande, og på grunn av naturen, seier ho.

en gruppe mennesker som poserer for et bilde i klatrestativ

Ein familie frå Como i Italia er på besøk i Tromsø for å sjå nordlyset. Mange tromsøværingar meiner det er for mange turistar i byen.

Foto: Tove Jensen / NRK

– For dårlege til å planlegge

– Mange av utfordringane som no kjem fram i undersøkinga, handlar ikkje nødvendigvis om turistane i seg sjølv, men om at vi har vore for dårlege til å planlegge for turistveksten. Mykje handlar om manglande fysisk tilrettelegging, og at det blir bygd for lite bustadar – i kombinasjon med Airbnb.

Det seier seksjonsleiar for næring i Næringsforeningen i Tromsø-regionen, Sigrid Mogård-Jansen.

– Vi må ta innbyggjarane sine bekymringar på alvor. Det er heilt avgjerande at reiselivet i Tromsø har støtte i befolkninga – og at vi skaper eit reiseliv som er på lag med byen, konkluderer ho.

Publisert 15.04.2025, kl. 20.37 Oppdatert 15.04.2025, kl. 20.42

Read Entire Article

Live Support is offline. Click Here to leave a message