Skaper debatt: – Kva skjer med Martin Ødegaard?

7 hours ago 9



Eitt mål og tre målgivande pasningar.

Det er den overraskande statusen for Martin Ødegaard etter 21 rundar i Premier League denne sesongen. Nordmannen har vore på banen i 14 av dei.

– Ser ikkje ut som den same

Den målgivande pasningen mot Tottenham onsdag kveld var første gong sidan november at Arsenal-kapteinen var sist eller nest sist på eit mål i Premier League.

d

OMDISKUTERT: Martin Ødegaard har ikkje notert seg for like mange målpoeng som vanleg denne sesongen.

Foto: GLYN KIRK / AFP

– Kva skjer med Martin Ødegaard?

Det spørsmålet stiller den tidlegare Premier League-stjerna og franske landslagsspelaren William gallas (47) seg.

Gallas, som var innom både Arsenal, Tottenham og Chelsea i løpet av karrieren, er blant dei som har retta kritikk mot prestasjonane til nordmannen denne sesongen.

– Han ser ikkje ut som den same spelaren vi har sett dominere kampar dei siste to åra. Eg veit at han sleit med ein skade, men han har vore veldig dårleg ut frå den standarden han har, sa Gallas denne veka ifølge Goal.com.

Ødegaard mista to månader av sesongen etter ein skade i landskampen mot Austerrike 9. september og spelte ikkje for Arsenal igjen før 10. november.

Din dom over Ødegaards sesong?

Arsenal-helt: – Eg føler med Martin

Arsenal-legenda Ian Wright, som skåra 185 mål på 288 kampar for klubben, stilte til intervju med Viaplay i samband med kampen mot Tottenham onsdag.

Da nytta han høvet til å ta eit kjensleladd oppgjer med kritikken som blir retta mot den norske landslagskapteinen.

– Folk har snakka om den straffebommen (mot Manchester United). Men han skapte 10 sjansar i den kampen. 10 sjansar! Du kan ikkje sette spørsmålsteikn ved denne fyren og kva han er i stand til å gjere for Arsenal, seier Wright.

Ødegaard leverte ein svært god kamp mot Tottenham og blei saman med stopparkjempa Gabriel framheva som ein av banens beste av fleire nettstader i etterkant.

– Du får alltid stordom ut av han, han er ein fantastisk spelar. Men eg føler med Martin akkurat nå, for når du ser på høgresida vår, både Ben White og Bukayo Saka er skadd. Og hugs, Martin har nettopp fått ein baby, folk tar aldri det i betraktning, meiner Wright.

Ian Wright og William Gallas

UEINIGE: Ian Wright og William gallas har begge sterke meiningar om Martin Ødegaard.

Foto: Montasje AFP/NTB

– Forventningane har auka dramatisk

Tom Canton har hovudansvaret for Arsenal-dekninga til Football London og følger klubben tett.

Overfor NRK seier han det er naturleg at det blir stilt enorme krav til Ødegaard. Han forstår at kritikken kjem sjølv om prestasjonane hans eigentleg er på eit høgt nivå.

– Forventningane til han har auka dramatisk. Vi snakkar om ein spelar som hadde ein strålande sesong sist, er klubbkaptein og hovudkreatør. Det er ein del av spelet når ein hevar lista, så dersom det kjem kritikk – og ja, det har det gjort – så er det berre eit resultat av hans eigne sterke prestasjonar tidlegare.

På spørsmål om han er einig med Ian Wright i at folk set spørsmålsteikn ved Ødegaards prestasjonar denne sesongen, svarer han:

– Folk stiller berre spørsmål om kvifor tala hans kanskje ikkje har vore like imponerande som før. Svara er ganske enkle – han har hatt sin første store skade og har i tillegg vore sjuk. Realiteten er, og vil fortsette å vere, at Ødegaard held fram med å vere ein av Arsenals viktigaste og mest effektive stjerner, meiner han.

Premier League - Arsenal v Tottenham Hotspur

VANN: Arsenal og Martin Ødegaard tok ein viktig siger mot Tottenham onsdag kveld.

Foto: Dylan Martinez / Reuters

– Målgivande pasning-tala ville vore skyhøge

Ifølge statistikkbyrået Opta skapte Ødegaard 14 sjansar dei to siste kampane mot Manchester United og Tottenham.

Det er like mange som alle lagkameratane hans klarte kombinert i løpet av desse to kampane.

– Det fortel oss at form er mellombels, men kvalitet er permanent. Ein annan viktig del av forteljinga er at dersom Arsenal hadde hatt meir kliniske avsluttarar framfor han, ville målgivande pasning-tala hans vore skyhøge på dette tidspunktet, meiner Canton.

William Gallas meiner Arsenal for lengst burde brukt pengar for å forsterke laget, og særleg framover på banen.

– Arsenal har hatt det same problemet i årevis. Dei manglar ein verdsklassespiss. Vi har snakka om dette i årevis! Gjorde dei ein feil ved å ikkje signere ein ordentleg spiss i sommar? Når du ser på sjansane dei bommar på, er svaret openbert, meiner han.

Canton er ikkje einig i at Ødegaard har blitt straffa for Arsenals manglande handlekraft på overgangsmarknaden.

– Straffa? Absolutt ikkje. Det er berre realiteten i situasjonen, og sjølv om Arsenal ønskte ein spiss i sommar, tillét ikkje marknaden at det skjedde. Men heldigvis for Ødegaard og supporterane har Mikel Arteta sagt at klubben faktisk vil prøve å styrke angrepet før overgangsvindauget stenger i januar, fortel Canton.

Arsenals neste kamp blir spelt laurdag klokka 18.30 heime mot Aston Villa.

Publisert 17.01.2025, kl. 23.11 Oppdatert 17.01.2025, kl. 23.29

Read Entire Article