DEBATT: Eitt år har gått sidan eit samla Storting vedtok at oljepionerane skal få ein særskilt kompensasjon for dei skadane dei blei påført av direkte helsefarlege arbeidsforhold i den tidlege oljealderen. Tysdag 16. desember står slaget: Vil dei politiske partia stå ved lovnaden frå i fjor, eller vil dei feiga ut?
Ingrid Fiskaa
Stortingsrepresentant for Rogaland (SV)
Publisert: Publisert:
For mindre enn 10 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Grunnlaget for ei særskilt erstatning er grundig dokumentert gjennom ei offentleg utgreiing. Mange av dei tidlege oljearbeidarane jobba under forhold som var langt verre enn i industrien på land på same tidspunkt, og dei har ikkje nådd fram gjennom dei vanlege ordningane for yrkesskade som dei fleste andre yrkesgrupper er dekka av.
Historiene oljepionerane og deira pårørande fortel er brutale. Om kontakten med helseskadelege kjemikaliar, om sjukdom og død, og om å bli avvist av den staten me trudde var ein velferdsstat. Skal dei bli svikta endå ein gong?
Ap var sjølv med på å vedta ein særskilt kompensasjon for eit år sidan. Det neste dei gjorde, var å gå tilbake til start. Regjeringa la fram eit skambod på ein million kroner i kompensasjon, og argumenterer nå som om den offentlege rapporten og Stortingets vedtak ikkje finst.
Nå er det opp til resten av Stortinget. Frp og SV har fremma forslaget som vil sikra ein verdig slutt på eit uverdig kapittel i norsk arbeidarhistorie: Ei erstatning tilsvarande det pionerdykkarane fekk, på 8 millionar (65G). Dersom dei partia som tidlegare har sagt at dei støttar ein slik kompensasjon faktisk stemmer for det, blir det fleirtal.
Utfordringa går derfor til Sp, R, MDG, Krf og V: Vil de stå på rett eller feil side av historia?
Publisert:
Publisert: 16. desember 2025 00:29

14 hours ago
2












English (US)