Skal få cellegift mot aggressiv svulst neste veke – først skal han padle over Skagerrak

1 month ago 32



Tidlegare i år oppdaga Eivind Vold ein kul på låret. Det viste seg etter kvart å vere blautvevssarkom. Ei veldig uvanleg form for kreft.

I juni blei Vold kreftoperert – fem år etter at veslebror og landslagspadlar Amund Vold hadde overlevd blodkreft.

Den gongen kunne han fortelje til NRK at operasjonen var vellykka, men legane fann i ettertid ut at kreftsvulsten var såpass aggressiv at dei nå fryktar spreiing.

– Nå er det litt hast her, for eg skal begynne på cellegiftbehandling om ei vekes tid, seier Vold til NRK.

Men det er ikkje behandlinga som hastar for Vold.

– Det kom ei luring for eit par år sidan og slo tida mi over Skagerrak. Han har rekorden nå på rundt ti timar og 18 minutt, så eg tenkte eg skulle ta den tilbake før behandlinga startar, seier Vold.

Landslagspadlerne og brødrene Amund og Eivind Vold har begge blitt diagnostisert med kreft.

UHELDIG: I løpet av fem år blei landslagsbrørne Amund (t.v) og Eivind Vold diagnostisert med kreft.

Foto: Privat

Ein kjent distanse

Den tidlegare noregsmeisteren i kajakkpadling, Sverre Wang, blei i 1980 den første som kryssa Skagerrak frå Danmark til Noreg i kajakk.

AlIerede som 15-åring ønskte Vold å padle over Skagerrak. Han hadde planlagt ferda i skjul, men da foreldra oppdaga han blei han stoppa.

Men i 2016, som 23-åring, fekk han omsider padla over havet. Han blei den gongen raskast på distansen med 11 timar og 42 minutt.

Nå er det Bent-Inge Bakke frå Søgne som held rekorden på distansen mellom Hirtshals og Grimstad.

– Sjølv om eg har blitt kreftoperert og det har vore turbulent, så ser eg på det som ei fin moglegheit til å dra litt på eventyr igjen.

Vald fortel at det berre er ei handfull menneske som har klart å padle distansen. Planen er å gjere det tysdag. Enten frå Danmark til Noreg, eller omvendt. Alt avheng av vêr og vind, fortel han.

– Viss ein skal ta rekorden, så er ein avhengig av gode forhold. Ein treng eigentleg gode forhold berre for å fullføre òg, seier han.

Om behandlinga

Etter den planlagde turen over Skagerrak ventar fire månader med cellegiftbehandling for Vold.

– Det er høg risiko for at det kjem tilbake og spreier seg – eller at det allereie har spreidd seg før operasjonen, forklarer Vold.

Han fortel vidare at det er 1/3-sjanse for at det har skjedd.

– Det er jo størst sannsyn for at det ikkje er noko. Men viss eg tar den cellegiftbehandlinga, så kan eg få det ned til 10–15 prosents sjanse. Så vi har diskutert og bestemt oss for å ta den behandlinga, seier han.

At kreftsjukdom har ramma både han og padlebror Amund er heilt tilfeldig. Det er ingenting i gena deira som tilseier at det skulle skje, fortel han.

Draumen for brørne var å padle i OL i Paris saman, men slik blei det ikkje. Amund har likevel kjempa seg tilbake til verdstoppen etter at han overlevde akutt leukemi i 2019.

For Eivind har konkurransane latt vente på seg den siste tida.

– Eg har ikkje hatt andre konkurransar på grunn av sjukdommen, så da kan eg gjere litt sånne speloppar, forklarer padlaren.

Eventyrar

Det er ikkje første gong Vold finn på fysiske speloppar. For nokre år sidan drog Vold og tidlegare landslagspadlar og OL-vinnar Knut Holmann ut på ein ambisiøs skitur.

– Det var om å gjere å gå lengst på ski, men vi kom ikkje like langt som Anders Aukland og co., men vi klarte 330km der, ler han.

Han gjekk Grenaderløpet (90km) på ski da han var 17 år. Etter å ha vunne klassen sin, så snudde han og gjekk heile distansen tilbake igjen.

Da han var 14 år, så gjekk han frå Norefjell til Geilo (120km) på ski aleine.

– Eg knekte skia etter eit par mil, så eg gjekk nokre mil på knekt ski. Men eg fekk lånt nokre andre ski inne på fjellet der, så eg fekk fullført, seier han fornøgd.

Vald er usikker på kor mange speloppar han orkar undervegs i behandlinga. Men han er klar på at ønsket er å komme tilbake dit han ein gong var.

– Det er sannsynleg at ein skal få ganske god helse etter å ha vore gjennom kuren. Men om ein kjem heilt tilbake til hundre prosent er vanskeleg å seie sikkert.

Absurd dommerskade i OL - måtte ut etter denne «grisetaklingen» - bilder fra Max 00:59

Publisert 05.08.2024, kl. 20.54

Read Entire Article