Ska Steinkjerringa ringast inn med endå meir vindindustri?

14 hours ago 2



DEBATT: Skal Synesvarden og Steinkjerringa ringast inn med endå meir vindindustri? Har Arbeidarpartiet ein politikk for vern av natur, kulturlandskap og friluftsliv?

Regjeringa ønsker å tetta den einaste luka mot vest der sin ikkje ser vindturbinar på Synesvarden, med ny vindkraftindustri, skriv innsendaren. Foto: Privat
  • Audun Steinnes

    Audun Steinnes

    Pensjonert naturforvaltar

Publisert: Publisert:

For mindre enn 30 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Kva står på spel når fleire ministrar rykker ut før høyring og konsekvensutgreiing for å sikra vindindustri ved Vandavatnet ved Elgane og Aniksdalsheia? Formuleringane til Bjørnar Skjæran gir tydlege signal om at her vil regjeringa trø gjennom og instruera NVE til å gje konsesjon, uavhengig av kva som kjem fram i utgreiinga. Eg har prøvd å finna ut meir om saka, men fånyttes, saka er tilnærma ukjend i fylket. Eg meiner derfor det trengst litt historieforteljing.

Staten hadde kjøpt opp ein større eigedom med myr og lynghei i dette området. Planen var å dela det ut til bønder til nydyrking og spreieareal for husdyrgjødsel, men dette var blitt forsinka på grunn av rettstvistar. Eit prosjekt gjennomført av Økoforsk etter initiativ frå Fylkesmannen i Rogaland om botaniske verneverdiar i fylket konkluderte med at kystlyngheiar var lite kjend og trong ein eigen rapport, den fyrste i landet med dette temaet.

EU skjermar sine kystlyngheiar mot vindkraftutbygging, kvifor skal ikkje me gjera det same med våre?

Denne rapporten peika ut Synesvarden-Aniksdalsheia som eit av dei viktigaste som framleis ikkje var dyrka opp og gjødsla. Friluftsnemnda i Hå var og urolege for verknaden for den svært spesielle skulpturen av Mor Norge, Steinkjerringå som ungdomslaget og Emelanktom Aadnesen hadde fått sett opp i denne marka, og sende på høyring eit framlegg om å planta ei sone sitka rundt skulpturen.

Eit tidleg verneområde

Dette førte til ein diskusjon om verdiane i denne heia. Etter m.a. eit sensasjonelt funn av myrsildre som einaste funn i landet sør for indre Troms, kom Landbruksdepartementet og Miljødirektoratet på synfaring. Landbruksdepartementet konkluderte med at framtida til området skulle avklarast gjennom ein verneplanprosess etter Naturvernlova. Som resultat av denne vart 14 kvadratkilometer verna som landskapsvernområde, det meste og med plantelivsfreding.

Dette er det første større verneområdet i landet der den seinare utvalde naturtypen kystlynghei er viktigaste verneformålet. Kystlynghei er kritisk trua i den nye raudlista. Det var lite konflikt og stor støtte for å verna «den siste biten av den brune Jæren» og både Hå kommune og Time kommune støtta framlegget i hovudtrekk.

Den søre delen under garden Aniksdal er grundig omtalt i kulturhistoria til Hå. Lisbeth Prøsch-Danielsen og Frode Fyllingsnes slår her fast at avskoginga knytt til det fyrste jordbruket starta alt i yngre steinalder, og dei har dokumentert bruken i seinare hundreår gjennom å kartlegga kulturminne som tjengarar, lokale namn og å intervjua dei eldre på garden.

Eit populært turmål

Området med Synesvarden og Mor Norge vart eit svært populært turmål under vernesaka og etter vernet. Ein av dei viktigaste innfallsportane er ved Store Vandavatnet. Men etter kvart har området blitt meir og meir innebygd av vindturbinar i energiindustrianlegg. I Nord kom Høgjæren vindkraftverk, det første større vindkraftverket i landet. I nordaust ligg Stigafjell vindkraftverk. Det mest massive er kanskje Skinandsfjell-Gravdal i sør.

Stadig fleire har blitt skuffa av desse nedbyggingane og støyen. Men det er ei luke mot vest utan turbinar og denne er det Skjæran meiner det er nasjonale interesser for å fylla med turbinar. Nå truar Statkraft med å fylla på endå meir med turbinar i aust på Moifjellet.

Gevinsten for straumproduksjon av dei 4–8 turbinane på Elgane blir minimal (rundt 0,04 TWh), og statsforvaltaren har påvist verdifulle naturtypar i det planlagde industriområdet, nok til å stoppa nå. Straumen vil gå til eksport til EU som skjermar sine kystlyngheiar med Natura 2000-status mot vindkraftutbygging. Når skal regjeringa ta verdiane dei har vore med å sikra i verneområde og friluftsinteressene og kulturverdiane der på alvor? På tide å ta til vet, stoppa nå og spara byråkratiet for endå ei påkjenning?

Publisert:

Publisert: 18. desember 2025 09:15

Read Entire Article